Masterstudium

Samfunnsplanlegging og leiing

Masterstudiet gir deg høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. I studiet vert det lagt vekt på å knyte teori og praksis saman, og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar.  

Start: 
Haust
Omfang: 
Deltid Samlingar Heiltid
Studiepoeng: 
120
Varigheit: 
8 semester (4 år)
Studietype: 
Masterstudium
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. 

Det vert tatt utgangspunkt i at leiarar i offentleg sektor har eit stor samfunnsansvar og at planlegging er eit reiskap for utøving av slik leiarskap. Behova i samfunnet blir meir og meir samansette, og offentleg sektor må difor framstå som meir samordna. Saman med privat og frivillig sektor må offentleg sektor bidra til meir samhandling, og saman med brukarar/borgarar bidra til meir samskapte og tilpassa tenester. 

Ved studiestart kan du velje studieprogresjon i form av deltid eller heiltid. Progresjonen kan også justerast undervegs,ved behov.

Studiet hadde opphavleg søknadsfrist 15. april, men har no gått over til løpande opptak. Det betyr at du fortsatt kan søkje om opptak, og søknader blir behandla fortløpande så lenge det er ledige studieplassar.

Innblikk i studiekvardagen

For Karen Longva Buset er det viktig å hjelpe andre. Vi besøkte vår tidlegare masterstudent på jobb ved Medi 3 og heime på garden.
Vis mer
Meir informasjon om studiet

Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og på å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane mellom anna presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing. 

Masterutdanninga er retta mot mange ulike yrkesgrupper, men er spesielt eigna for personar med profesjonsutdanningar som no sit i leiarstillingar og som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing med vekt på heilskaplege problemforståing og problemløysing. 

Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Masterstudiet som deltidsstudium går vanlegvis over fire studieår. Etter særskild behov kan det tilretteleggast for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. 

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet. Undervisninga er tilrettelagt både for heiltids- og deltidsstudentar. Emne på 15 studiepoeng går over eitt semester med tre vekesamlingar på fire til fem undervisningsdagar. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom Canvas. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

IPA301 Regional planlegging og utvikling

Veke 35
25. - 28. august 2026

Veke 39
22. - 25. september 2026

Veke 43
20. - 23. november 2026

Kvar samling går over fire dagar. Den første dagen er sett av til ei digital læringsløype som studentane gjennomfører sjølvstendig. Dei tre påfølgjande dagane er det fysisk undervising på campus.

Tid og stad kjem.

IPA304 Leiing og personalutvikling

Veke 37
Fysisk, 4 dagar
8. - 11. september 2026

Veke 41
Fysisk, 4 dagar
6. - 9. oktober 2026

Veke 46
Fysisk, 4 dagar
10. - 13. november 2026

Tid og stad kjem.

IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori

Veke 34
Fysisk, 4 dagar
18. - 21. august 2026

Veke 42
Fysisk, 5 dagar
12. - 16. oktober 2026

Veke 47
Fysisk, 5 dagar
16. - 20. november 2026

3 dagar med metodeundervisning på samling 2 og 3, samt 2 dagar med oppgåvesamling (måndag og tysdag) 

Tid og stad kjem.

Praksis og utveksling i utlandet

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i utlandet, og du kan få hjelp til å finne aktuelle studium.

Opptakskrav

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.

  • For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
  • Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er spesielt eigna for personar med profesjonsutdanningar som no sit i leiarstillingar. Programmet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet og innanfor ulike fagområde. Fullført mastergrad kvalifiserer også for opptak til doktorgradsprogram, som kan legge grunnlaget for ein karriere som forskar.

Studieplan

Samfunnsplanlegging og leiing - master

Studieprogram: 
Samfunnsplanlegging og leiing - master
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.

  • For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
  • Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).

Avsluttande oppgåveemne:

60 studiepoeng, inkludert dei obligatoriske emna IPA301 og IPA303, må vere bestått før ein kan ta til på det avsluttande metode- og oppgåveemne.

 

Om studiet

Formålet med studieprogrammet er å bidra til at aktørar i samfunnet samarbeider meir på tvers av nivå, sektor og profesjon for å oppnå nye problemforståingar og problemløysingar, som på ei betre måte tilfredsstiller samfunnet sin behov for heilskapleg praksis. Planlegging og leiing blir rekna som viktige verktøy for å oppnå dette. Masteroppgåva skal vurderast etter vitskaplege kriterium og oppgåva skal dokumentere at studenten kan arbeide metodisk og sjølvstendig med relevante problemstillingar. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Fullført studieprogram gir høve til å søke doktorgradsprogram.

Studiet tek utganspunkt i at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling, og at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kapasitetsbyggande prosessar. Høgskulen i Volda er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr vi ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. Planleggar og leiar er i mange tilfelle noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing med vekt på heilskaplege problemforståingar og problemløysingar. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.

Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og på å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studentane i programmet er ei blanding av folk med ferske bachelorgrader og folk med både lang utdanning og praksis. Vidare har studentane ulike utdanningar og representerer ulike profesjonar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing m.m.. På den måten oppnår ein at dei erfarne bidreg med relevant praksis og dei med ferske bachelorgrader bidreg med innsikt i nye teoriar og modellar. I sum gir dette grunnlag for kritisk refleksjon over kunnskap, ferdigheiter, handlingar og haldningar og dermed ein meir kompetent praksis som planleggar og leiar.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om relevante perspektiv, teoriar og omgrep planlegging og leiing
  • forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling
  • sjølvstendig og kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter til sjølvstendig å

  • knyte saman teori og praksis i kritiske analyser
  • drive vitskapleg forsking 
  • skrive større og mindre oppgåver
  • forstå og formidle forsking
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • sjølvstendig reflektere over rolla som planleggar og leiar og korleis eigen kunnskap, ferdigheiter og haldningar/verdiar pregar utøving av rolla
  • erkjenne at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til samhandling, innovasjon og i heilskapleg samfunnsutvikling
Organisering og arbeidsmåtar

Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Studiet er organisert slik at det kan gjennomførast som heiltidsstudium.

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.

Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 30 stp valfrie. Masteroppgåve er på 45 stp og er obligatorisk. 

I det avsluttande emnet Masteroppgåve (45 stp) er det eigne studiesamlingar, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. 

Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar.

Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.

Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Navn: 
Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Informasjon

Studiet skal normert gjennomførast på åtte semester, som vist i studiemodellen under.

Emne26 H27 V27 H28 V28 H29 V29 H30 V
STUDIEMODELL - DELTID (8 semester)
1. OG 2. STUDIEÅR
15
15
Valemne, sterkt tilrådde:
1515
 
15
 
15
 
15
Valemne frå andre mastergrader utan særskilde forkrav:
 
15
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna:
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
3. OG 4. STUDIEÅR
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA319.
15
*151515
Samfunnsplanlegging og leiing - master (heiltid)
Navn: 
Samfunnsplanlegging og leiing - master (heiltid)
Informasjon

Studiet kan alternativt gjennomførast med dobbel progresjon (tilsvarar heiltid), som vist i studiemodellen under.

Emne2026 H2027 V2027 H2028 V
STUDIEMODELL - HEILTID (4 semester)
1. STUDIEÅR
15
15
Valemne, sterkt tilrådde
1515
 
15
 
15
 
15
Andre valemne:
 
1515
 
15
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna:
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
2. STUDIEÅR
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA319.
15
1530
Internasjonalisering

Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging.

Anna
Alle emna med unntak av Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (45 stp), kan takast som frittståande vidareutdanningar. Dei som berre tek emne som vidareutdanningar, blir gitt karakterutskrifter.
Ansvarleg
Bjarte Folkestad, tlf. 70 07 50 224, e-post: bjarte.folkestad@hivolda.no