Årsstudium
Samfunnskunnskap
Studiet gir deg grunnleggande kunnskap om samspelet mellom politikk, økonomi, sentrale rettsområde og samfunnsplanlegging som verktøy for ei berekraftig samfunnsutvikling.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Heiltid
- Studiepoeng:
- 60
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Årsstudium
- Søk frå:
- 01.02.2026 - 15.04.2026
Kva lærer du?
Studiet inneheld seks obligatoriske emne på til saman 60 studiepoeng. Dei seks emna dekker sentrale tematikkar som;
- Berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå.
- Demokratiutøving, styringssystem og økonomi.
- Prosesskompetanse; prosessleiing, omstilling, kommunikasjon, sosialt entreprenørskap, nyskaping og digitalisering.
Vil du studere vidare?
Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, får du årsstudiet godskrive i Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing ved Høgskulen i Volda. Årsstudiet er identisk med det første året i bachelorgraden. Du kan difor velje å studere vidare for å fullføre graden.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Gjennom studiet vil du møte varierte arbeids- og vurderingsformer, med både ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ekskursjonar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudium i samfunnskunnskap gir etterspurd kompetanse som er aktuell for mange yrke. Studiet er identisk med første året av Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velje å studere vidare for å fullføre bachelorgraden.
Studieplan - Heiltid
Samfunnskunnskap - årsstudium
Årsstudium er identisk med første året i bachelorutdanninga i samfunnsutvikling. Årsstudiet dekker sentrale tematikkar som:
- Berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå (PLA)
- Governance/styring; demokratiutøving, styringssystem og samstyring (GOV)
- Prosesskompetanse; prosjektarbeid, kommunikasjon og samhandling (PRO)
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha grunnleggjande kunnskap om:
- Det norske politiske system, og forholdet mellom stat, samfunn og borgarane
- Økonomiske og geografiske utviklingstrekk i samfunn
- Prosjektarbeid og prosjektgjennomføring
Studenten kan:
- Reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep
- Organisere og gjennomføre sjølvstendige metodiske og faglege arbeid, både individuelt og i grupper
- Presentere eit prosjekt skriftleg, munnleg og digitalt
Studenten skal ha kunnskap om:
- Samspelet mellom politikk, økonomi og sentrale rettsområde
- Samfunnsplanlegging som verktøy for berekraftig samfunnsutvikling
Gjennom studiet vil ein møte varierte arbeidsog vurderingsformer, med både ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ekskursjonar.
I årsstudiet får studentane praksiserfaring gjennom prosjektarbeid.



