Kombiner jobb og studium med vidareutdanning i Volda

Hos oss får du utvida kompetansen din innan fleire fagområde. Med fleksible studieformer gjer vi det mogleg for deg å kombinere studium, arbeid og andre aktivitetar. I tillegg til å studere på heiltid, kan du velje nettstudium, studere på deltid eller samlingsbasert.

Finn studiet som passar for deg!

Søk studium for hausten 2026

Frå 1. februar kan du søkje deg inn på studium med oppstart i haustsemesteret ved Høgskulen i Volda. Vi har tilbod både for deg som vil bli ny student, og for deg som vil byggje på eller ta etter- og vidareutdanning.

Det er mogleg å studere både på nett, deltid og heiltid.

Sjå alle tilboda våre!

Vidareutdanning for lærarar

Ved Høgskulen i Volda er vidareutdanning for lærarar og barnehagelærarar ei kjerneverksemd! Vi har utdanna lærarar i meir enn 150 år, og det er vi gode på. Hos oss får du unik praksis, teknologi i undervisninga og blikk på framtidas klasserom og barnehagar.

Les meir om vidareutdanningar for lærarar og barnehagelærarar