- Raku er eit japansk ord som betyr glede og står for prosessen glasurbrenning, forklarer professor Meltem Kaya frå det anerkjende universitetet Mimar Sinan i Istanbul i Tyrkia. Førre måndag heldt ho kurs i rakubrenning for kunst og handverkstudentar. Rakubrenning er den raskaste metoden for å brenna glasur på leire.
Nynorsksenteret meiner at det no trengst motivasjon og ny giv for nynorskopplæringa i hovudstaden. Difor skipar senteret til eit seminar på Universitetet i Oslo 14. februar. Same dagen lanserer Snöball Film og Nynorsksenteret ressurspakka "i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen," ei samling med 20 kortfilmar som skal inspirere norsklærarar til å gje elevane ei betre sidemålsundervisning.
Ny nettsongbok med bidrag frå tilsette ved høgskulen
Publisert
Fyrsteamenunsis Jan Ove Ulstein og journalistikklærar Stig Nilsson er to av bidragsytarane til nettsongboka som tunkatten Lurivar lanserte onsdag 23. Januar.
Open forelesing om dialog mellom kristne og muslimar
Publisert
Idéhistorikaren Anne Veiteberg gjestar onsdag 23/1 Høgskulen i Volda med temaet: “Kultur- og religionsdialog mellom kristne og muslimar. Kvifor er det naudsynt?” Veiteberg har lenge vore oppteken av religionsdialog og global forståing, og ho har arbeidt fleire år i Latin-Amerika og i Midt-Austen.
Dei to neste åra skal tilsette ved Høgskulen i Volda studera matematikk- og norskfaget i allmennlærarutdanninga. Oppdraget er ein del av forskingsprosjektet ”Nyutdannede læreres mestring av yrket”, eit arbeid med mål om å betra kvaliteten på lærarutdanninga.
Onsdag 7. november kl 18.15 held filosof Jon Hellesnes si siste førelesing som professor II ved Høgskulen i Volda. Førelesinga er eit ledd i seminarrekka knytt til Mastergradsstudiet i kulturmøte, og har tittelen ”Kulturmøte - og spørsmålet om toleranse i vår tid.” Førelesinga vert halden på Berte Kanutte-huset, rom 158, og er open for alle.
Flott avslutning på Språkpakken i Møre og Romsdal 2007!
Publisert
Birgitte Fondevik Grimstad fra Høgskulen i Volda foreleste tirsdag om ”Kartlegging av to-/flerspråklige barn”, et område som krever god kunnskap både om barnets språklige bakgrunn og om språkutvikling. Grimstad pekte på de store utfordringene som helsestasjoner og barnehager står overfor i forhold til å fange opp to– og flerspråklige førskolebarn med svak språkutvikling, tilrettelegging av gode pedagogiske tilbud og kunne gi råd til foreldre. Dette var nyttig kunnskap som forsamlingen på siste kursdag i Språkpakken tydelig ønsket mer av!
Historisk institutt var på ekskursjon til Edinburg i veke 41. Føremålet med besøket var først og fremst å sette seg inn i, og etablere kontaktar for studentutveksling med fagmiljø i Skottland for studentar som tek mastergraden i kulturmøte ved HVO. Men det vart òg lagt planar for samarbeid om det strategiske høgskuleprosjektet "Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder".
- Det er først og fremst den nye læreplanen i historie som gjer at ein treng nye lærebøker i historiefaget i den vidaregåande skulen, kommenterer førsteamanuensis Hans Jacob Orning ved Høgskulen i Volda. Han har gitt ut eit nytt læreverk, ”Mennesker i tid.”
I 2006 skipa Nynorsksenteret til konferansen «Betre nynorskundervisning». Innleiarane tok føre seg emne som nynorsk som sidemål, nynorsk i lærarutdanninga og det å nytta nynorsk i alle fag. No er innleiingane samla i skrift nummer to frå Nynorsksenteret.