Mange forbind nok Japan med eit høgteknologisk samfunn. Men då ei gruppe japanske forskarar ville lære meir om skriveopplæring med nettbrett, la dei turen til Volda.
Snart blir det avgjort om Høgskulen i Volda får godkjent den nye forskarutdanninga «Utdanning, språk og kultur». Denne veka var komiteen som skal tilrå eit svar på søknaden, på besøk i Volda.
Årets tildeling av prisen for forsking og utvikling (FoU) er klar: Prisvinnaren i 2023 er professor Marie Nedregotten Sørbø ved Institutt for språk og litteratur.
Lanseringsseminar: Sosiologi, teologi og Helge Hognestads avhandling.
På 70-talet kom ein pionerfase for religionssosiologien i Norge. Sosiologien utfordra teologien; her møttest to fagtradisjonar over tolking av empiri, utveksling av fagperspektiv, til møte og konflikt. Helge Hognestad si avhandling i 1978 om Forkynning som legitimering brukte sosiologien til å…
Jane Austen (1775-1817) er ein av dei aller mest feira forfattarane i verda. Dei seks hovudverka hennar er rekna som del av den litteraturhistoriske kanon. Professor Marie Nedregotten Sørbø ved Høgskulen i Volda har no omsett romanen «Northanger Abbey» til nynorsk.
Høgskulen i Volda var med å arrangere den internasjonale forskarkonferansen «Global Sustainability: Science and Religion in Dialogue» European Society for the Study of Science and Theology (ESSSAT) i Ålesund 4.- 8. mai. – Det vart nokre spennande og hektiske dagar, og vi er svært nøgde med arrangementet, seier professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.
Jan Inge Sørbø er professor i litteratur ved Høgskulen i Volda. Han har gitt ut fleire diktsamlingar, biografiar og ei rekkje andre bøker i ulike sjangrar. No er Sørbø aktuell med boka «Fire store», ei bok om Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam.
– Nettstudiet Nynorsk i opplæringa er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa. Eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv gir studentane auka kompetanse i nynorsk og i det å undervise i norsk, seier fagansvarleg førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl.
Høgskulen i Volda tilbyr en rekke fleksible videreutdanninger på bachelor- og masternivå som møter kunnskaps- og kompetansebehovene på flere sentrale samfunnsområder. Nytt av året er masteremnet «Religionskrig i Europa og Midtøsten 1095-1923». Det er nå opptak til over 50 studium med oppstart våren 2022.