– Det er 30 år sidan dei første studentane kunne søke på engelsk årsstudium i Volda. For 13 år sidan fekk vi engelsk fordjupingsstudium. I år kan vi tilby ein ny mastergrad i skriftkulturar som tar utgangspunkt i faga norsk og engelsk, seier professor Marie Nedregotten Sørbø ved Institutt for språk og litteratur.
Inga Lill Grønnerud er lærar på Vormsund ungdomsskole i Nes kommune. I 2020 var ho ferdig med masterutdanninga i kulturmøte på deltid ved Høgskulen i Volda. – Interesse for migrasjon og tida som lærar ved Vålerenga skole motiverte meg, seier ho.
– Høgskulen i Volda tilbyr ein ny og unik Master i skriftkulturar. Med utgangspunkt i faga norsk og engelsk, set den nye masterutdanninga søkjelyset på tilhøvet mellom ulike kulturar og dei ulike skriftspråka og tekstane som er med på å forme dei, seier fagansvarleg førsteamanuensis Stig Helset.
– Nettstudiet Norsk 2, Nynorsk i opplæringa, er den einaste vidareutdanninga i KFK som handlar om nynorsk og nynorskdidaktikk, seier høgskulelektor Hjalmar Trond Eiksund ved Institutt for språk og litteratur. Søknadsfristen er 1. mars
Studentane på «Mat, kultur og konservering» lærer ikkje berre å lage mat på tradisjonelt vis. Dei matglade studentane driv også bloggar der formidling av matkultur er sentralt. Bloggen til Cecil Elisabet Nerbø vart kåra som årets beste.
Førsteamanuensis emeritus Kjell-Arild Madssen, tilsett ved lærarutdanninga i Volda i over 40 år, har skrive bøkene «Levde lærerliv: Volda-læreren i brevbøker 1930-1995» og «Erling Kristvik – en nasjonal strateg?».
Postdoktor Valeria Iaconis frå Universitetet i Zürich har vore mykje av haustsemesteret i Volda for å samarbeide med professor Marie Nedregotten Sørbø. Begge forskarane er opptekne av kvinnelege forfattarar i Europa og om litteraturhistoriene våre gir eit rett bilete av kvinnene sine bidrag.
Mikrohistorie er ei tilnærming til måten ein fortel historie på, som ser på dei små einingane, ei hending, eit samfunn eller eit individ. Artiklane tar for seg fleire måtar mikrohistorie har vore definert og brukt på. Boka passar for studentar, historikarar og lesarar av lokal- og bygdehistorie.
Studentar ved Intuitiv komposisjon og musikkfilosofi fekk framført eigne komposisjonar i Volda kyrkje sist laurdag. Symfoniorkesteret ved høgskulen framførte stykka og nokre komposisjonar av J. S. Bach under leiing av dirigentane Sander Elias Andersen og komponist og professor i musikk Magnar Åm.
Ny forsking om vilkåra for nynorsk mellom barn og unge
Publisert
I eit nytt nummer av skriftserien «Skriftkultur» undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. For studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.