HVO-forskarar til Shakespeare-konferanse i Venezia
Publisert
The Bergen-Volda Shakespeare Network (BVSN) arrangerer ein konferanse 14.-16. november ved Ca’ Foscari-universitetet i Venezia. Ei internasjonal samling av forskarar skal legge fram og diskutere forskingsarbeid om Shakespeare og andre renessanseforfattarar sine verk i samtida og notida.
Måndag 22. oktober til onsdag 24. oktober 2018 arrangerte Nasjonal forskarskule for lærarutdanning (NAFOL) den femte internasjonale konferansen på Hamar. NAFOL er drive av 17 universitet og høgskular, mellom andre Høgskulen i Volda.
Randi Myklebust tildelt Anne Hvenekilde-prisen 2018
Publisert
På den åttande nasjonale forskingskonferansen om norsk som andrespråk (NOA-konferansen) lagt til Universitetet i Oslo 11.-12. oktober, vart Randi Myklebust ved Høgskulen i Volda tildelt Anne Hvenekilde-prisen 2018.
I samband med eit forskingsseminar Høgskulen i Volda (HVO) arrangerer om forholdet mellom musikk og litteratur, blir det to opne arrangement. Onsdag 17. oktober blir det poesikonsert med påfølgjande jamsession på Fru Svendsen kunst- og kulturkafé i Ørsta. Torsdag 18. oktober blir det ein samtale mellom professor Geir Hjorthol og forfattaren Lars Amund Vaage i høgskulebiblioteket.
Høgskulen i Volda (HVO), Ørsta kommune og Volda kommune har signert ein avtale om samarbeid om lærarutdanningsskular (LU-skular). Samarbeidet har sitt utspring i ei stor og langsiktig satsing som ein del av den nasjonale strategien Lærarutdanning 2025. – Målet er å utvikle kvalitet og samarbeid i lærarutdanninga, seier prosjektkoordinator Kari Leikanger Buset.
Ph.d.-studiet i helse og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling er eit samarbeid mellom høgskulane i Volda og Molde. Torsdag 20. september møtes kandidatar, fagfolk og rettleiarar til Metodeforum i Volda med midtvegsvurderingar og seminar om forskingsformidling og forholdet til journalistar.
Sunnmøre kammermusikkfestival er meir enn konsertar med tilreisande artistar i verdsklasse. Festivalen byr også på programpostar som foredrag, meisterklassar, gratiskonsertar, konsert med unge musikarar frå kulturskulane og talentkonkurranse. Tre av fire foredragshaldarar er tilsette ved Høgskulen i Volda.
Jan Ove Ulstein er aktuell med diktsamlinga «Overlys Underlys». Ulstein er dosent ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og har skrive ei rekkje fagbøker, musikalar og mange diktsamlingar for vaksne og barn.
Høgskulen i Volda har lange tradisjonar for skriftkulturstudiar med utgangspunkt i den nynorske skriftkulturen, og i førre veke var Forskargruppe for nynorsk skriftkultur vertskap for eit symposium med fokus på skriftkulturomgrepet.
Per Halse ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har fått opprykk til professor. Halse tok til som høgskulelektor ved Volda Lærarhøgskule i 1991. Ved sida av undervisning og forsking har han gjennom åra hatt fleire leiarverv både i og utanfor høgskulemiljøet.