Laurdag 2. oktober kan du få med deg foredrag om "sunnmøringen" og andre stereotypiar og moderniteten som erfaringsverd, normsystem og handlingrom, med særleg vekt på perioden 1750-1850.
Vi ønskjer alle, spesielt bygdefolket i Volda og Ørsta, velkommen til Forskingsdagane '99 i perioden 28. september til 2. oktober. Les meir om programmet.
Tor Johan Ekeland disputerte fredag 11. juni for dr. philos.-graden ved Universitetet i Bergen. Anne Marie Rekdal disputerte fredag 18. juni for dr. art.-graden ved NTNU.
Asbjørn Simonnes har fått midlar frå Barne- og familiedepartementet til eit treårig forskingsprosjekt om barn og media. Prosjektet skal gjennomførast i åtte kommunar i Møre og Romsdal, dei såkalla verdikommunane.