Dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund har inngått eit samarbeid med Høgskulen i Volda om barnehagebasert utviklingsarbeid for tilsette i barnehagane. Bakgrunnen for samarbeidet er ny rammeplan for barnehagen.
Leiarar i nye Ålesund kommune med kompetanse frå Volda
Publisert
Nye Ålesund kommune er i ferd med å få plass nye leiarar. – Fem av ni, som så langt er på plass, har vore studentar ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, IPAS, ved Høgskulen i Volda, seier instituttleiar Randi Bergem.
I samband med eit forskingsseminar Høgskulen i Volda (HVO) arrangerer om forholdet mellom musikk og litteratur, blir det to opne arrangement. Onsdag 17. oktober blir det poesikonsert med påfølgjande jamsession på Fru Svendsen kunst- og kulturkafé i Ørsta. Torsdag 18. oktober blir det ein samtale mellom professor Geir Hjorthol og forfattaren Lars Amund Vaage i høgskulebiblioteket.
Sunnmøre kammermusikkfestival er meir enn konsertar med tilreisande artistar i verdsklasse. Festivalen byr også på programpostar som foredrag, meisterklassar, gratiskonsertar, konsert med unge musikarar frå kulturskulane og talentkonkurranse. Tre av fire foredragshaldarar er tilsette ved Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda har vore oppdragsgjevar og vertskap for godt og vel 100 elevar frå Volda vidaregåande skule i samband med undervisningsopplegget Innovasjonscamp. – I år har vi bedt elevane om kreative innspel med tanke på studentrekruttering, seier rekrutteringsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog ved Kontor for samfunnskontakt.
Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har gleda av å by inn til eit ope symposium om skriftkultur og skriftkulturforsking. Utgangspunktet vårt er at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkultur-studiane står i ei brytingstid.
Under Dei nynorske festspela i juni 2018 vert det urpremiere på operaen «Kimen» av Magnar Åm, professor II ved Høgskulen i Volda. – Oppsetjinga er eit samarbeid mellom lokale regissør- og scenografkrefter, lokale kor og musikarar i alle aldrar og store nasjonale, profesjonelle aktørar, seier komponisten.
– Studentar og tilsette ved Avdeling for kulturfag ønskjer alle velkomne til ei veke med konsertar, utstillingar og teaterframsyningar, seier rådgjevar Catarina Andersson. Kaarstadfestivalen 2018, den fjerde i rekka så langt, tek til søndag 27. mai.
Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har gleda av å by inn til eit ope symposium om skriftkultur og skriftkulturforsking. Utgangspunktet vårt er at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkultur-studiane står i ei brytingstid. Siktemålet med symposiet er å gjere opp status for…
Stad: Høgskulen i Volda, Vesle auditorium (Berte Kanutte-huset)