18.-20. april gjekk den åttande European Conference for Social Work Research (ESWRA) av stabelen i Edinburgh. HVO var representert ved professor Tor-Johan Ekeland, førsteamanuensis Alf Roger Djupvik og førstelektor Vidar Myklebust – alle frå Avdeling for samfunnsfag og historie.
For andre året på rad er musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda med på arrangere storbandtreff i Volda 21. april. Det vert både gateparade, utekonsert i sentrum og festkonsert i Kaarstad-huset.
Høgskulen i Volda samarbeider med Sunnmøre kammermusikkfestival for å gje HVO-studentar, elevar i kulturskulane og publikum på Sunnmøre musikalske opplevingar og opplæring på internasjonalt nivå. Årets program har stor variasjon og ei imponerande artistliste.
Stor interesse for skuleleiarkonferansen «Trygg skole»
Publisert
Høgskulen i Volda er initiativtakar til ein nasjonal konferanse for skuleleiarar i Ålesund i 19. april. Eit sentralt tema på konferansen er trygge og gode læringsmilø i skulen. – Om lag 200 skuleleiarar frå heile landet kjem til konferansen. Det er vi svært nøgde med, seier Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Det var fullt i Berte Kanutte-huset i går kveld under symfoniorkesteret sin konsert med gitaristen og tidlegare HVO-student Pål Aam som solist i "Concierto de Aranjuez" av den spanske komponisten Joaquin Rodrigo.
– Behovet for kvalifiserte lærarar i Noreg er stort og vi må setje alle krefter inn for å hindre lærarmangel. Vi må tenke nytt og satse friskt, uttalte prodekan Anne Øie ved lærarutdanninga ved opninga av eit seminar om rekruttering til læraryrket tysdag 13. mars.
Øystein Vidnes, som har omsett Mary Shelleys sin roman Frankenstein til nynorsk, vil halde eit ope foredrag med tittelen «Frankenstein i Skandinavia/Skandinavia i Frankenstein» på Høgskulen i Volda 16. mars.
Høgskulen i Volda er ein av støttespelarane bak Sunnmøre kammermusikkfestival. Samarbeidet styrkjer Volda som kultur- og studiestad og skaper meirverdi for ulike fagmiljø og studentar gjennom seminar, meisterklasser og konsertar. No er Kaja Robak tilsett som ny dagleg leiar.
Eit fargerikt og mangfaldig program pregar årets Internasjonal dag i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. I år er det rekord i talet på internasjonale gjestar til arrangementet med over 20 gjestar frå sentrale partnaruniversitet i m.a. England, USA, Nederland, Danmark, Tsjekkia og Russland.
Tysdag 6. februar kjem tidligare utanriksminister Thorvald Stoltenberg til Høgskulen Volda for å halde innleiingsforelesinga på kurset «Media and the Cold War». Stoltenberg vil gje eit innblikk i norsk utanrikspolitikk frå den andre verdskrigen fram til slutten av den kalde krigen. Forelesinga er på engelsk og er open for alle.