Markerte håp og samhald under verdsdagen for sosialt arbeid
17. mars feira høgskulen den internasjonale sosialarbeidardagen. Temaet var dagsaktuelt: håp og samhald i ei uroleg verd – og ei stor forsamling av sosialfagstudentar fekk med seg viktige perspektiv.

Studentane i sosialt arbeid fylte kantina ved Høgskulen i Volda (HVO) under markeringa av den internasjonale sosialarbeidarardagen tysdag 17. mars 2026.
Den internasjonale sosialarbeidardagen blir markert i mars kvart år over heile verda.
Temaet for markeringa ved Høgskulen i Volda (HVO) i år var samhald og håp i ei uroleg verd, med vekt på ytringsfridom, menneskerettar og internasjonalt sosialt arbeid.
Markeringa blei ei feiring med både alvor, empati, samfunnsengasjement og yrkesstoltheit. Slik løfta verdsdagen den viktige jobben som ventar dei mange HVO-studentane i sosialt arbeid. Etter utdanninga skal dei ut og hjelpe medmenneske i eit storsamfunn i rask endring.
- Ønskjer du å utgjere ein forskjell i andre sine liv? Studer sosialt arbeid i Volda!

Utdanningar som møter verda
Førsteamanuensis Mariya Khoronzhevych ved Institutt for sosialfag og dekan Randi Bergem ved Avdeling for samfunnsfag og historie ønskte velkomen.
– I dag feirar vi profesjonar som er vesentlege i arbeidet for sosial rettferd, inkludering og menneskerettar – både lokalt, nasjonalt og globalt, helsa Bergem til ei velfylt kantine i Berte Kanutte-huset på HVO.
Verdsdagen er eit høve til å både styrkje profesjonsidentiteten til sosialfaga og vise korleis kunnskapen frå utdanninga kan kople teori og praksis i møte med internasjonale utfordringar, poengterte dekanen.
- Utvid horisonten: Som HVO-student i sosialt arbeid kan du ha praksis i mellom anna India og Tanzania.

– Sosialt arbeid gjer oss til ein del av noko større
Mellom talarane var Oda Gravdal Ulriksen, leiar i FO-studentane – studentorganisasjonen for framtidige sosialarbeidarar i Fellesorganisasjonen (FO).
Ulriksen løfta temaet internasjonalt sosialt samarbeid og solidaritetsarbeid. Ho fortalde mellom anna frå eit sterkt møte i Guatemala med ein sosialarbeidar som risikerer livet for å kjempe for urfolket sine rettar.
– Då ho fekk vite at folk i Noreg, på andre sida av verda, støttar hennar kamp, då gret ho. Så mykje betydde det. Det fortel litt om kvifor vi skal bry oss om kvarandre på tvers av landegrenser.
Ulriksen ville at studentane skulle vere stolte av det viktige yrket dei utdannar seg til, og løfte verdiane i det sosiale arbeidet.
– Sjølv om vi utøver yrket vårt lokalt, er det globale utfordringane vi jobbar med. Gjennom sosialt arbeid er vi både del av noko større og gjer ein viktig jobb for eit meir rettferdig samfunn.
Ho adresserte også framtidsuroa som mange unge kjenner på i møte med dagens dystre nyheitsbilde.
– Det er viktig at vi har dette med oss: Det er håp der ute, og med verdsdagen for sosialt arbeid kan vi kome saman og setje dette på agendaen.

Historier frå Venezuela gjorde inntrykk
Ein som har kjent konfliktane frå overskriftene på kroppen, er venezuelanske Diego Andres Martinez Florido, som no studerer sosialt arbeid på HVO.
Sjølv følte han seg heldig som kunne flytte til Noreg i 2016. Familie og vennar i heimlandet har levd i utryggleik i eit land med ein rik kultur, men politisk og økonomisk krise.
Florido beskreiv eit samfunn der fredeleg protest kunne ende med brutal behandling eller ein uviss skjebne. Han skildra levande korleis vanlege folk kjende seg pressa til å flykte landet med små barn via ekstremt risikable ruter gjennom ein jungel med både farlege dyr og narkokartell.
Sjølv om mykje framleis er uavklart i landet etter USAs nylege inngrep, bad Florido forsamlinga vise empati for venezuelanarar som no er håpefulle.

– Vi må vere stolte av verdiane våre
HVO-stipendiat og sosiolog Magnus Mostad tok føre seg sosialt arbeid i møte med farleg tankegods. Han forskar på samspelet mellom ulike etatar i arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.
– Sosialt arbeid i møte med dette er noko eg synest er veldig viktig, og det er ein innsats der de kjem til å spele ei stor rolle, sa han til forsamlinga av sosionom- og barnevernstudentar.
Han viste til aktuell forsking og ein aukande trend med stadig fleire og yngre som blir radikaliserte og trekte inn i ekstremistiske miljø via digitale kanalar.
– Dette er eit gjenstridig problem. Det er eit problem som gjeld så mange område av samfunnet vårt at éin profesjon eller etat ikkje kan handtere det åleine, poengterte forskaren.
Mostad understreka at heile samfunnet ber ansvaret og må mobilisere, noko han meiner Noreg er godt rigga for.
– Vi har ein velferdsstat der menneskerettar, inkludering, hjelp og verdigheit står veldig sterkt. Desse verdiane må vi vere stolte av, og dei rustar oss godt til å handtere utfordringane.
Han viste også til at dei fleste i faresona har vore i kontakt med hjelpeapparatet tidlegare.
– Altså nokon som kan få med seg kva som skjer – og det kan vere dykk, oppmoda han dei framtidige sosialarbeidarane.

Digitalt kvelartak på demokratiet
Det farlege tankegodset sosialarbeidarane kan møte i yrkeslivet, var også eit tema Arne Sæther belyste. Han er radikaliseringskontakt for politiet i Møre og Romsdal.
Han viste til portalen utveier.no som eit nyttig verktøy der alle kan få råd om korleis ein kan førebyggje farleg utanforskap.
Sæther peika mellom anna på framveksten av ekkokammer på nettet, at den aktive motstanden mot politisk vald går nedover i Noreg, og kor viktig opplæring i demokrati er for å motverke polarisering og antisosiale haldningar.
Samtidig kritiserte han konformitetspresset i Noreg som ei demokratisk utfordring, der sjølvsensur og frykta for kansellering svekkjer den politiske deltakinga.
– Utan unge politikarar, folkens, så har vi ikkje eit Noreg veldig lenge, åtvara han.
Politimannen viste salen ein norsk høgreekstrem propagandavideo frå sosiale medium. Dette blei ein uhyggjeleg effektiv illustrasjon av kor effektivt unge kan bli påverka av vrengebilde i moderne innpakning gjennom såkalla akselerasjonisme.
– Det som er viktig, er at de må møte dette med empati og dialog. Dei som er inne i dette, treng nokon som er glade i dei, og nokon å bry seg om, understreka han, og la til at det tverrfaglege arbeidet også må omfatte psykisk helse, butilhøve, sosial deltaking og ei heilskapleg tilnærming for å fungere.


– Må brenne for inkluderinga som kan førebyggje
For mange av sosialfagstudentane ved HVO blir barnevernsinstitusjonar ein aktuell arbeidsstad i nær framtid.
Derfor var det også nyttige perspektiv å få frå barnevernspedagog Ina Sandnes Eikrem under markeringa av verdsdagen for sosialt arbeid. Ho jobbar som tryggleiksansvarleg ved Sunnmørsheimen.
Eikrem fortalde om korleis dei i ein variert kvardag jobbar med ungdomsgruppa ved institusjonen. Ho sette det praktiske arbeidet i samanheng med det faglege påfyllet studentane hadde fått under verdsdagmarkeringa i Volda.
– Mange her er sosialarbeidarar, men ansvaret for å hjelpe ber vi alle saman. Eg vil at vi tek med oss dette frå denne dagen: Å få ungdommane til å føle seg inkluderte i samfunnet, det er noko kvar og ein av oss kan gjere overalt, anten vi inviterer med nokon heim eller får dei med oss på fotballtreninga. Inkludering er det vi må brenne for, og med det kan vi førebyggje mykje.

Studentane vil ha ein meiningsfylt arbeidskvardag
Det faglege programmet blei avrunda med ein paneldebatt om temaet for dagen, der også engasjerte studentar kunne stille spørsmål.
To av HVO-studentane som var nøgde med utbytet frå arrangementet, var Hedda Flannum og Hedda Neeven. Dei er begge andreårsstudentar i sosialt arbeid.
– Opplegget var veldig bra. Temaa er viktige fordi vi møter så mange forskjellige menneske i dette yrket, og då treng vi ei breiare forståing av situasjonane og utfordringane dei står i, seier Hedda Flannum.
Hedda Neeven er samd med studievenninna om at eit internasjonalt perspektiv er viktig i utdanninga:
– Om du til dømes skal jobbe med flyktningar, vil ei forståing av globale utfordringar gi deg andre måtar å møte dei på. Kanskje blir du betre i stand til å skjøne kva som har vore traumatiserande for dei, og kunne omstille deg til deira livssituasjon.
Utdanninga i Volda synest dei er givande.
– Andreåret har vore veldig spennande. Vi lærer mykje relevant, møter flinke folk frå yrkesfeltet og lærer mellom anna å handtere vanskelege møte med barn og foreldre og korleis det kan opplevast, seier Flannum.
Neeven trekkjer fram gode forelesarar og lærerike studiedagar.
– Vi lærer om alt frå rus til saksbehandling – sistnemnde høyrest kanskje ikkje ut som det kulaste, men det er noko å lære seg, og eg synest det har vore interessant.
Kvifor vil de inn i eit så utfordrande yrke?
– Eg ønskjer å jobbe med å hjelpe barn, og familiar, i sårbare situasjonar, heilt frå å møte dei i ei krise til å finne den løysinga som er best for barnet og familien, fortel Flannum.
– For meg er det også den varierte arbeidskvardagen. Det å møte folk i ulike livssituasjonar, ulike skjebnar, folk som har opplevd så mange og ofte fæle ting. Desse menneskemøta lærer ein mykje av, avsluttar Neeven.





