Laga bok med eksperimenta til lærarstudentar

Om fleirspråklegheit er ein ressurs i klasserommet, korleis skal han brukast? To forskarar stilte seg spørsmålet. Resultatet er ei ny bok, der fleire av bidraga byrja som studentprosjekt på lærarutdanningane i Volda.

Birgitte Fondevik.

– Fleirspråklegheit er ein ressurs for alle elevane i klassen, seier bokaktuelle Birgitte Fondevik, dosent ved Høgskulen i Volda (HVO).

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

– Eg har lenge tenkt på å gi ut ei slik bok, byrjar dosent Birgitte Fondevik ved Høgskulen i Volda (HVO).

Fondevik underviser lærarstudentar  ved HVO i norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Fagområda har ho til felles med OsloMet-dosent Elena Tkachenko. Saman er dei redaktørar av ei ny bok for lærarar i fleirspråklege klasserom.

Målgruppa for boka er lærarar over heile landet. I dei aller fleste norske klasserom i dag finn vi nemleg elevar med andre morsmål enn norsk.

– Vi underviser om at fleirspråklegheit kan vere ein ressurs i klasserommet. Men det er vanskeleg for studentane å forstå korleis – det manglar gode døme. Ideen vår var derfor at det lærarane treng, er praksisnære døme som kan gi inspirasjon, forklarer Fondevik.

Elevar uttrykkjer språkmangfaldet sitt

Den nye boka har fått tittelen Flerspråklighetsdidaktikk. Hvordan bruke flerspråklighet som ressurs i klasserommet (Cappelen Damm Akademisk). Fleirspråklegheitsdidaktikk omtaler forfattarane som det å planleggje og systematisk leggje til rette for at elevane får bruke morsmålet og andre språk dei kan, til å tenkje, forstå, uttrykkje seg og lære.

Éin ting er redaktørane ekstra stolte av: Mange av kapitla baserer seg på prosjekta til lærarstudentar ved HVO og OsloMet.

– Studentane våre er ute og prøver undervisningsopplegg i klasserom som del av utdanninga si. Då vi såg kva dei gjorde, fann vi mange fine døme på fleirspråkleg undervisning. Derfor tenkte vi: Dette er noko vi kan få ut til fleire lærarar! Her er det ny kunnskap, fortel Fondevik entusiastisk.

Dei praktiske døma i boka omfattar alt frå korleis ein kan markere den internasjonale morsmålsdagen, til at elevane teiknar seg sitt eige språkmangfald eller skriv eventyr der dei bruker orda dei kan, frå ulike språk samtidig.

Fondevik og Bratteberg.
Fondevik (t.v.) saman med lærar Stine Vibeke Bratteberg. I masterprosjektet sitt på HVO laga Bratteberg eit opplegg der elevane fekk skape fargerike språkportrett som synleggjorde det fleirspråklege repertoaret deira. Dette er eit av mange studentprosjekt boka utforskar.

Ei skattkiste av erfaringar frå klasserom

Som ein vitskapleg grunnmur under dei inspirerande døma i boka presenterer redaktørane først det viktigaste frå teorien på fagfeltet.

– I første del av boka forklarer vi korleis stoda er i norsk skule i dag, og vi skisserer relevant forsking knytt til fleirspråklegheit, lovverk og liknande på ein lettfatteleg måte, forklarer Fondevik.

Hovuddelen av boka er skattkista: historiene frå dei mangfaldige klasseromma på barne- og ungdomstrinnet. Her får lesaren innsikt i innovative pedagogiske grep som har vore testa i praksis.

– Lærarane og studentane som har prøvd ut undervisningsopplegga, fortel først i kvart kapittel kva dei har tenkt og planlagt. Så skildrar dei sjølve gjennomføringa, og til slutt diskuterer dei kva dei har reflektert over i etterkant.

Fondevik meiner denne framstillingsmåten gjer boka nyttig for lærarar som støtte i arbeidet med fleirspråklegheit. Lesarane får også konkrete tips til kva som finst av hjelpemiddel, og kva didaktiske grep læraren kan ta i klasserommet.

 – Vi er opptekne av å få fram at dette er noko som må planleggjast, ikkje berre noko som kan skje spontant i klasserommet, understrekar dosenten.

Gir kunnskap tilbake til skulen i studietida

Fem HVO-studentar har bidrege i kapitla i den nye boka. Fire av dei har gjennomført ulike praktiske undervisningsopplegg i klasserom som del av lærarutdanninga dei tok i Volda.

– Det er veldig stas at studentane har utvikla og testa didaktiske opplegg og bygd erfaringar som kan inspirere lærarar over heile Noreg. Slik har dei i studietida også bidrege til å føre kunnskap tilbake til skulen. Studentane sette sjølve pris på kor tett koplinga mellom teori og praksis blei i denne tilnærminga til studiet, fortel Fondevik.

HVO tilbyr fleire ulike lærarutdanningar på heiltid og deltid, og dei bokaktuelle studentane har tatt grunnskulelærarutdanning, erfaringsbasert mastergrad eller vidareutdanning i norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Dei har alle hatt god nytte av opplegga dei gjennomførte under studiet, vidare i læraryrket.

Fondevik rettleia og følgde studentane undervegs i arbeidet deira. I forlenginga av dette har ho, i samarbeid med studentane, omarbeidd funna og refleksjonane deira til akademiske bokkapittel.

– Det har vore så gøy å få jobbe med studentar som har vore så engasjerte og interesserte, rosar redaktøren.

Praktiske masteroppgåver beskriv ho som er ei ypparleg sandkasse for å utvikle ein felles verktøykasse for fleirspråklegheit – vinn-vinn for både studentane, norsk skule og fagfeltet.

– Slik kan studentane prøve ut ideane og den nyaste forskinga dei lærer om, i eigne opplegg i klasserommet og utvikle seg som undervisarar. Er det éin ting vi treng på dette feltet, er det lærarar som har kompetanse til å jobbe systematisk med utvikling. Mange skular strevar nemleg med å gi denne elevgruppa ei tilpassa opplæring, poengterer Fondevik.

Fleirspråkleg eventyr. Faksimile.
I boka ser vi døme på korleis eleven «Elena» har fått veksle mellom språka ho kan (framheva med ulike fargar), for å skrive eit eventyr: Fantasien får spelerom utan språklege barrierar.

Fargar seg fram til sjølvtillit og fellesskap

Fondevik blar gjennom boka og viser nokre døme med eit smil, tydeleg nøgd med kva studentane har fått til:

– Her ser du korleis lærarstudentane lét nykomne ukrainske elevar bruke orda dei kunne frå forskjellige språk, til å skrive eit eventyr.

Dei ulike fargane i utdraget viser korleis eleven Elena (anonymisert) vekslar språk midt i setningane, alt etter kva ho får til å uttrykkje på ukrainsk, russisk, engelsk og norsk.

– Slik kunne elevane skrive eit heilt eventyr utan å bli avgrensa av norsk – i staden for å måtte stoppe opp fekk dei uttrykt seg med alle språkressursane sine. Ein av elevane synest det var fantastisk – ho visste nesten ikkje at ho kunne så mange språk, illustrerer Fondevik.

Boka går djupare inn i kor verdifulle desse erfaringane var for elevane – til dømes Elena frå bildet ovanfor:

«Elena uttrykkjer glede over å kunne gå inn i ei fantasiverd og få bruke fantasien utan å bli stoppa av språklege barrierar. Denne evna til å engasjere seg i ei alternativ verkelegheit kan fungere som ein viktig meistringsstrategi, som gir henne ein pause frå påkjenninga med å måtte flykte frå krigen i heimlandet.» (Fondevik & Tkachenko, 2016, s. 132)

Sterke elevmøte blei til hjartesak

Ein av HVO-studentane i boka er Ida Tufteland (27), som no er kontaktlærar i Stavanger. Ho skreiv masteroppgåve om bruken av transspråking (blanda språk i positiv forstand) i skriveopplæringa for nykomne fleirspråklege elevar. Saman med masterprosjektet til HVO-medstudent Jitte Eisma har dette blitt til eit kapittel i boka.

Gjennom både utdanninga og læraryrket har transspråking som pedagogisk strategi blitt ei hjartesak for Tufteland. Ho dreg fram eit elevmøte i studietida som gjorde sterkt inntrykk.

– Eleven hadde eit anna morsmål og skulle skrive ei forteljing på norsk, men var uroleg og forstyrra undervisninga. Eg sette meg med han og føreslo at vi la norsk til sides ei stund. I staden fekk han skrive på dei språka han kunne best, før vi omsette teksten i lag.

Då timen var over, hadde guten skrive ei forteljing på ei halv side.

– Han gjekk ut av klasserommet med eit smil. Ikkje berre skreiv han lenger, han hadde eit heilt nytt engasjement og ein annan motivasjon enn før. Eg såg korleis det påverka sjølvkjensla, fortel ho med glødande engasjement for temaet.

Ida Tufteland.
Lærar og tidlegare HVO-student Ida Tufteland brenn for å fremje dei fleirspråklege stemmene til elevane. Foto: Vilde Valestrand Kjepso.

Mykje nytte av praktisk masteroppgåve

Som masterstudent i Volda testa Tufteland sitt eige undervisningsopplegg med transspråking, og ho utforskar tematikken vidare i læraryrket. Ho fortel at elevar som utviklar ei stoltheit over å vere fleirspråklege skrivarar, har sett djupe spor i henne.

Det praktiske arbeidet i masterutdanninga har ho mykje att for i jobbkvardagen.

 – Å få arbeide så tett på eigen praksis som masterstudent, der eg sjølv kunne skape, prøve ut, reflektere over og evaluere undervisningsopplegg, har gitt meg kompetanse eg tek med vidare. Strategiane i masteropplegget har eg brukt aktivt i undervisninga etterpå, noko som har vore nyttig og motiverande.

Ho synest det er stor stas at ideane og erfaringane frå masterstudentane er løfta fram i boka.

– Det betyr mykje å få vere del av eit arbeid som set søkjelys på korleis fleirspråklegheit kan brukast aktivt som ein ressurs i skulen. Eg håpar bidraget mitt kan gi lærarar verktøy i språkkassa si, særleg dei som ser korleis denne arbeidsmåten kan fungere som ein brubyggjar i læringa og utviklinga til elevane.

Boklansering av "Flerspråklighetsdidaktikk".
Frå boklanseringa på OsloMet. Til venstre sit redaktør Elena Tkachenko. Vidare ser vi Hayat Humed, Stine Bratteberg og Ragnhild Stautland, som alle er medforfattar av kvar sine kapittel i boka.

Fleirspråklegheit frå problem til ressurs: – Sjå på alt dei kan!

Tilbake på kontoret til redaktør Fondevik blar vi vidare i den nye boka. Det er tydeleg at redaktørane har talrike inspirerande døme å dele med lesarane.

Ein lærar i vidareutdanning ved HVO sette til dømes elevane i sving med å markere den internasjonale morsmålsdagen.

– Dei skulle presentere morsmålet sitt slik dei ville, og reflektere over kva morsmål er, og kva det vil seie å vere fleirspråkleg, seier Fondevik.

Etter kvart engasjerte også foreldra seg i temaet. Snart kom det opp ein stor plakat over inngangen på skulen om at dei hadde heile tjue ulike språk der.

– Og då kom lokalavisa på besøk. Undervisningsopplegget vaks altså til å bli ei stor, felles merksemd på at dette var noko positivt ved skulen deira, fortel Fondevik engasjert.

Har fleirspråklegheit ofte blitt til noko vanskeleg i skulen?

– Dette går vi inn i i teoridelen av boka. Tilbake i tid finn vi eit mangelperspektiv – ein blir lett oppteken av at det er manglande norskkunnskapar som definerer minoritetsspråklege elevar. Men sjå alt dei kan, då, seier Fondevik, og blar fram eit av dei talande språkportretta i boka:

– Tigrinja, arabisk flytande, engelsk … og no held eleven på å lære seg nynorsk. Ho har ein enorm språkkompetanse! Når du kjem inn i norsk skule og allereie meistrar tre heilt ulike skriftspråk, byrjar du ikkje på null med å lære norsk.

Med den nye boka ønskjer forfattarane å oppmode lærarar rundt om i landet til å verkeleg sjå den kompetansen fleirspråklege elevar har med seg inn i klasserommet og samfunnet.

– Med boka viser vi korleis ein finn ut dette, og korleis ein kan bruke det. Fleirspråklegheit er ein ressurs for alle elevane i klassen: Elevane kan lære av kvarandre sine språk, bli meir språkleg nysgjerrige og utvikle ei større bevisstheit om språk, avsluttar Fondevik.

Del på: