Ny dosent vil fremje ungdomslitteraturen

– Eg er oppteken av å oppmuntre andre til forsking og vise at ein kan endre karriereveg og starte i akademia, fortel Marit Brekke, som har fått opprykk til dosent ved Høgskulen i Volda.

Marit Brekke.

Marit Brekke har fått toppkompetanse som dosent (tilsvarande professor) i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Marit Brekke (56) har alltid vore glad i å lære meir. Etter mange år som undervisar i vidaregåande skule kom ho til Høgskulen i Volda (HVO) i 2013.

Brekke jobba først på barnehagelærarutdanninga og lærarutdanninga, deretter ved Nynorsksenteret. Sidan 2017 har ho vore fast tilsett ved lærarutdanninga på HVO. Ørstingen som har gjort volding av seg, har no gått akademisk til topps og blitt dosent (tilsvarande professor) i norskdidaktikk.

– Eg blei veldig glad for å få opprykk, og det er flott å få anerkjenning for arbeidet ein har gjort, smiler ho.

Med eit breitt interessefelt gler ho seg til å fordjupe seg endå meir som dosent, mellom anna gjennom forskingsgruppa innan litteratur og litteraturdidaktikk, som ho leier saman med førsteamanuensis Timothy Saunders.

– Denne milepålen betyr at eg får skrive og forske vidare innanfor fagfeltet mitt. Ein blir heldigvis aldri utlærd, og eg interesserer meg for mange tema i norskfaget. Det er også bra for fagmiljøet vårt at vi er fleire med toppkompetanse, og eg er oppteken av å oppmuntre andre til forsking.

Måtte lære å skrive på ein ny måte

Sin første akademiske artikkel skreiv Brekke i 2018. Då hadde ho eit halvt yrkesliv bak seg med å undervise elevar på vidaregåande både i Volda, på Austlandet og i Nord-Noreg. Sidan har ho publisert jamleg.

Brekke har mellom anna vore ein av gjesteredaktørane for Skriftkultur nr. 7, som hadde litteraturdidaktikk som tema. Til hausten er ho temaredaktør for eit nummer om litteratur og stad i tidsskriftet NordLit saman med Haakon Halberg (Nord universitet).

– Eg trur det kan vere viktig å vise at ein kan skifte karriere og få toppkompetanse sjølv om ein startar relativt seint i akademia, fortel Brekke.

Då ho blei akademikar, måtte ho lære seg ein ny måte å skrive på.

– Eg måtte bli kjend med norskfaget innanfor lærarutdanninga og velje interessefelt som eg kunne vere med på å utvikle. Ei utfordring er at eg synest mange emne er interessante, både skjønnlitteratur, sakprosa, multimodale tekstar og læreverk – men også historiske tekstar, fortel ho.

Dosent Marit Brekke.
– Eg meiner det er ei sentral oppgåve å forske på ungdomslitteratur, seier dosent Marit Brekke ved Høgskulen i Volda.

Vil heie fram lesande ungdom

Sjølv om ho likar å dyrke breidda i norskfaget, er det nok ungdomslitteraturen ho brenn aller mest for.

– Eg er oppteken av litteraturundervisninga i skulen, og eg vil fremje ungdomslitteraturen. Her er det viktig å vise at det finst ei stor breidde av dyktige forfattarar. Barnebøkene har på mange måtar fått meir publisitet og høgare opplagstal enn ungdomslitteraturen, sidan bøker er noko familien kjøper til barna. I ungdomsåra blir det meir opp til ungdomane å kjøpe bøker sjølve.

Internasjonale undersøkingar som PIRLS viser at interessa for lesing er mindre enn før, men Brekke meiner det er viktig å få fram nyansane i dette.

– Ungdom les, men dei les ofte meir engelskspråkleg litteratur enn litteratur av norske forfattarar. Mykje av lesinga skjer også på digitale plattformer.

Ho nemner «BookTok»-fenomenet på TikTok som døme, der ungdom møtest på sosiale plattformer for å diskutere litteratur.

– Dette er veldig oppløftande! Eg trur det er viktig å nyansere og vise døme på at ungdom les. I tillegg til sjangrar dei møter i skulen, er det mange som les heilt andre type tekstar, for innanfor det utvida tekstomgrepet er også seriar, filmar og ulike grafiske romanar ein viktig del av tekstmangfaldet til mange unge lesarar, utdjupar ho.

Har trua på å lese sakte

Dosenten forklarer samspelet mellom lesinga på fritida og i klasserommet.

– I skulen les dei for å trene på å kunne analysere og reflektere. Tekstar kan hjelpe oss med å forstå verda og gi innsikt i andre livssituasjonar og kulturar. Vi kan lære korleis litteratur er ein måte å kommunisere med verda på. Det å bli kjend med tekstar, stoppe opp ved dei og jobbe med dei gjer også at ein kan engasjere seg i tekstane.

Ho dreg fram slow reading (sakte lesing) som noko ho har trua på.

– Kanskje kunne ein lese færre tekstar som ein jobbar med på ulike måtar i skulen? Gjennom ulike didaktiske tilnærmingar til tekstane kan ein få eit meir varig forhold til dei. Sjølvsagt er det viktig med ei viss breidde av tekstar, men grundig tekstarbeid og didaktisk variasjon, særleg i arbeid med lengre tekstar, er også viktig, meiner ho.

Brekke er opptatt av at elevar skal bli kjende med kulturtekstar. Ho dreg fram korleis nye adapsjonar av kjende romanar kan gjere ungdommen interessert i å oppsøkje originalverka og lese meir. Ferskt i minne er den påkosta kinofilmen Wuthering Heights, basert på Emily Brontës romanklassikar Stormfulle høgder frå 1847.

– Filmen er ei tolking av ein klassisk tekst, og han har skapt engasjement og fått ungdom til å lese romanen, noko som er veldig positivt, understrekar forskaren.

For Marit Brekke er lesinga til ungdommen eit av fleire spennande felt å fordjupe seg i.

– Eg meiner det er ei sentral oppgåve å forske på ungdomslitteratur fordi denne delen av litteraturen treng større merksemd. Men eg er også interessert i korleis læreverka presenterer og legg til rette for arbeid med kjerneelementet tekst i kontekst, og eg er oppteken av estetiske læringsprosessar og av økokritisk didaktikk – blant anna, smiler ho.

Dosent Marit Brekke les på biblioteket.
– Eg går ikkje tom for idear å skrive om, fortel den litteraturglade forskaren.

Med Hans Strøm som gjennomgangsfigur

Studia sine tok Marit Brekke ved Universitetet i Bergen, der ho blei cand.philol. med hovudfag i nordisk.

Hovudfagsoppgåva hennar frå 1996 handlar om Hans Strøm (1726–1797) og topografien hans. Tretti år seinare ville tilfeldigheitene ha det til at Marit Brekke fekk opprykk til dosent same dagen som opninga av 300-årsjubileet for Hans Strøm i 2026.

Under opninga av Strøm-feiringa på høgskulebiblioteket heldt Brekke eit lærerikt innlegg om jubilanten. Her omtalte ho vitskapsmannen Hans Strøm som eit ideal. «Også fordi han løfta andre sitt kunnskapsnivå – noko som er det fremste formålet til forskinga», poengterte ho.

No førebur Brekke og andre kollegaer ved HVO eit forskingsseminar om teologen og naturvitskapsmannen Strøm under Forskingsdagane i september.

– Og så skal vi lage ein antologi der forskarar frå ulike fagområde ser på ulike sider av forfattarskapen hans. Eg har også teke initiativ til å skrive bok om Hans Strøm og dei andre kulturpersonlegdomane som husa på campus ved HVO er oppkalla etter. Eg har med meg dyktige kollegaer i dette arbeidet, fortel den samarbeidsglade forskaren med mange jern i elden.

Undervisninga og forskinga går hand i hand

Med opprykket til dosent i bagasjen har Marit Brekke mykje ho ønskjer å ta fatt på i faget sitt.

– Eg går ikkje tom for idear å skrive om, og eg gler meg til åra framover. Eg håper å skrive saman med andre og forske vidare på fagfelt som interesserer meg. Dette legg denne stillinga til rette for.

Ho vil også få fram gleda ved å vere del av eit flott kollegium i studiebygda.

– Eg heiar på alle som skriv og underviser. Begge delar er like viktig – undervisinga inspirerer forskinga, og forskinga inspirerer undervisninga. Det gir ein fin vekselverknad og dessutan ein fin variasjon i arbeidsoppgåvene, avsluttar Marit Brekke, dosent i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda.

Del på: