Bygdepride-prisen til Høgskulen i Volda

Det var ein stolt rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, som på vegner av Høgskulen i Volda (HVO) tok imot Bygdepride-prisen 2026. Prisen vert årleg delt ut til "ein person, institusjon, bedrift eller organisasjon som på ein utmerkt måte har gjort ein særskild innsats for skeive personar si stilling i bygdesamfunnet".

Rektor får diplom og blomster på utescene

Visjonen vår om «Danning og demokrati» kunne ikkje fått ei betre stadfesting enn dette, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim etter å ha motteke årets Bygdepride-pris av Rune Sæbønes (t.h.). – Vi skal halde fram med å gå føre som eit ope og raust samfunn, lova HVO-rektoren. Foto: HVO / Ana Ester De Miguel Ceballos

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Del på:

I grunngjevinga for prisen framheva Bygdepride at Høgskulen i Volda har vore ein aktiv og viktig støttespelar heilt frå starten for ni år sidan, og at institusjonen er eit føredøme for inkludering.

– Denne prisen er ei stor hyllest til alle studentar og tilsette ved høgskulen vår. Dette er dykkar pris! uttalte rektor Mjellem Tonheim etter utdelinga.

Bygdepride

I byrjinga av mai kvart år pregar Bygdepride både Volda, høgskulen og bygdene rundt med mange ulike arrangement og hendingar. I år deltok mellom anna tilsette frå HVO med konseptet "Tekst og tanke" på Rokken, og pridebutikken hadde fast utsalsstad på høgskulen gjennom heile prideveka.

Bygdepride-paraden gjennom Volda – den store feiringa av mangfald, inkludering og kjærleik for alle – var også eit høgdepunkt for tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda!

Studentar som går i tog under Bygdepride
Bygdeprideparaden går kvart år gjennom Volda sentrum, og Høgskulen i Volda er alltid hjarteleg med! Foto: HVO / Ana Ester De Miguel Ceballos

Del på: