Frå historiebachelor til masterstudium i Volda

Bernt Refsnes Rørvik har nettopp fullført bachelorgrad i historie ved Høgskulen i Volda, og til hausten tek han steget vidare til masterstudium i kulturmøte. For han var valet av studium enkelt: ei djup personleg interesse og ein ekte lidskap for faget.


Gjennom studietida har han sett særleg pris på møtet med dei tilsette ved høgskulen. –  Dei tilsette er utruleg dyktige, vennlege og hjelpsame, seier han. Samstudnes har Volda som studiebygd overraska han positivt. – Volda er større enn eg trudde, seier han, og trekk fram at Volda har meir å by på enn han venta før han flytta hit.

For Bernt handlar utdanninga først og fremst om personleg vekst og eit ønskje om å forstå verda betre. Yrkesmessig ser han for seg ei framtid som lærar, eller arbeid knytt til historie –  eit felt han brenn for og ønskjer å formidle vidare.

Del på: