Lærer om utvikling av gode stader

Kva er ein stad, og kva skaper den gode staden? Det er stikkorda for eit spennande nytt prosjektsamarbeid for HVO-studentane i planlegging, administrasjon og leiing. Nyleg var dei på feltarbeid i Hornindal for å kome tett på tematikken.

Førsteårsstudentane på bachelorstudiet i planlegging, administrasjon og leiing under feltarbeid i Hornindal.

Førsteårsstudentane på bachelorstudiet i planlegging, administrasjon og leiing var i september 2026 på feltarbeid i Hornindal. Foto: Jan Harald Hammerstad Møllevold.

Tekst: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Del på:

Første- og tredjeårsstudentane på bachelorstudiet Planlegging, administrasjon og leiing ved Høgskulen i Volda (HVO) har starta eit spennande prosjektarbeid med tittelen «Den gode staden».

Prosjektet skjer i samarbeid med utviklingsselskapet Hornindal 514 ved Anders Lødemel og inngår i bacheloremnet «Berekraftig samfunnsutvikling» (PLA101).

Undersøkjer stadskvalitetar

– Førsteårsstudentane er delte inn i grupper som skal kartleggje kvar sine område av Grodås i Hornindal med tanke på stadskvalitetar, fortel førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen, som underviser i faget ved HVO.

Arbeidet skal førsteårsstudentane presentere som nettsider, og til dette får dei fagleg og praktisk hjelp frå Læringsverkstaden ved HVO.

Kunnskap som rustar studentane for arbeidslivet

Som del av prosjektarbeidet var studentane i september på feltarbeid i Hornindal.

Førsteårsstudentane Heidar Pall Ragnarrsson, Kornelius Nygård Løvland og Alona Kolpak deler nokre inntrykk med oss etter turen. Dei fortel at arbeidet handlar om å få både nye og djupare perspektiv på kva som gjer ein stad til det han her:

– Kva er det som definerer staden, kva er det som finst der, korleis blir staden opplevd av folk som bur der, og folk som kjem utanfrå? Kva er det som gjer ein stad til noko unikt og samstundes grenselaust og kopla opp mot verda gjennom nettverk? Ei forståing av desse tinga gjer ein også betre rusta som planleggjar til å vite kva som er viktig når ein skal leggje planar for staden, og kva potensial som finst for forbetring.

Dei fortel vidare at prosjektarbeidet såleis handlar om ulike kvalitetar ved møtestader.

– Målet har vore å oppdage samanhengar mellom det som i utgangspunktet er ei fysisk utforming, korleis denne fungerer for ulike brukargrupper. Vidare har vi sett korleis den gitte utforminga er eit resultat av ein prosess som har involvert fleire fagområde, og som truleg involverer mange partar innan både offentleg, privat og frivillig sektor. Eit sentralt aspekt har vore å avdekkje kva som utgjer særeigne kvalitetar ved staden.

Får bryne seg både praktisk og teoretisk

Prosjektarbeidet finn stad i og rundt Grodås, bygdesenteret i Hornindal i Volda kommune.

– Anders Lødemel gav oss ei innføring om staden og aktiviteten som går føre seg knytt til utviklingsselskapet Hornindal 514. Deretter fekk vi ei omvising rundt i bygda, før gruppene nytta ettermiddagen til observasjon og kartlegging, fortel studentane.

HVO-studentane fekk tildelt ulike feltområde der dei skulle vurdere kva kvalitetar områda har for målgruppene sine.

Vi har utforma eigne undersøkingsopplegg, gjort kartleggingar i felten og utarbeidd nettsider der feltområdet blir presentert, fortel studentane

HVO-førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen, som underviser i faget og følgde dei engasjerte studentane til Grodås, fortel at prosjektarbeidet er nyttig på fleire vis:

– Studentane blir kjende med kvarandre og løyser oppgåver i lag. Dei får både praktisk og teoretisk innføring i utviklinga av stader, øving i å samarbeide med eksterne aktørar og innføring i ulike måtar å kommunisere faget sitt på.

Grethe Mari Mattland Olsen
HVO-førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen fortel at prosjektarbeidet er nyttig for studentane på fleire vis. Foto: HVO / Tone Solhaug.

Del på: