Over 900 søkarar har Høgskulen i Volda på førsteplass
Heile 904 søkarar har Høgskulen i Volda som sitt førsteønske i Samordna opptak. Fleire har lyst til å bli grunnskulelærar i Volda og søkinga til mediefaga er høg.

Søkartala frå Samordna opptak blei offentleggjorde torsdag. Dei viser at 904 søkarar har Høgskulen i Volda (HVO) som førsteval i år. Det er ein liten nedgang på 4,8 prosent frå fjoråret, medan årets tal er 2,5 prosent høgare enn i 2024.
– Det er relativt stabile søkartal for oss. Dei fleste av utdanningane våre har om lag den same søkarmassen som dei har hatt dei siste åra. Vi er glade for at mange ønsker å studere i Volda, og lovar å gjere alt vi kan for å gi dei ei god studietid og ei solid utdanning, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høgskulen i Volda.
Fleire vil bli lærar i skulen
Etter fleire år med nedgang i søkinga til grunnskulelærarutdanninga nasjonalt, opplevde ein i 2025 ein oppsving nasjonalt på 15 prosent. I år er bildet snudd på landsbasis med ein nedgang på 1 prosent, men i Volda er historia ei anna.
I år, i likskap med dei to seinaste åra, har grunnskulelærarutdanninga ved HVO ein oppgang i talet på søkarar. Målt mot fjoråret er det 15 prosent fleire som samla sett har søkt seg til grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn i Volda. Førstnemnde har gått frå 30 til 40 søkarar, medan sistnemnde har ein nedgang frå 23 til 21 søkarar.
– Vi er veldig glade for å sjå det, grunnskulelærarutdanninga er ei viktig utdanning for oss som institusjon. Men ikkje minst er det ei viktig utdanning for samfunnet, vi veit det vil vere stort behov for kvalifiserte lærarar i skulen i åra framover, kommenterer Tonheim.
For barnehagelærarutdanninga, som i fjor hadde ein kraftig oppgang ved HVO og ein stor nedgang nasjonalt, er ikkje tala like gode i år. Utdanninga opplever ein nedgang ved HVO.
– Det er eit viktig yrke som både vi og Kunnskapsdepartementet arbeider for å få fleire søkarar til. Den jobben vil vi halde fram med, seier Tonheim.
Høge søkartal til mediefag
Journalistikkutdanninga har gjennom fleire tiår vore eit kjend varemerke for Høgskulen i Volda. Den trenden held fram, og utdanninga er igjen den med flest søkarar ved høgskulen. Heile 159 søkarar har utdanninga som sitt førsteval, som gjer at utdanninga held fram med å ha stabilt høge søkartal.
Høge søkartal opplever også dei tre andre bachelorane ved Avdeling for mediefag: animasjon, medieproduksjon og PR, kommunikasjon og media.
– Desse utdanningane står seg godt. Vi er kjende for mediefaga nasjonalt og skal vere leiande på dei i Noreg. Søkartala viser at unge vaksne vil til Volda for å bli dyktige yrkesutøvarar i mediebransjen – vi set pris på tilliten frå dei, seier rektor Tonheim.
Mange vil bli sosionom
Sosialt arbeid, sosionom har gjennom mange år trekt ei rekke nye studentar til Volda. 2026 er ikkje eit unntak, i år har 69 søkarar studiet på førsteplass. Det er ein nedgang frå året før, det same opplever sosialt arbeid, barnevernspedagog, som i år har 25 søkarar.
Etter nokre år med nedgang i søkartala går bacheloren planlegging, administrasjon og leiing opp 30 prosent i år til 17 søkarar.
Oppgang er det også for historie-bacheloren på deltid som er nettbasert, den går frå 68 til heile 80 søkarar. Ein anna nettbasert bachelor, religion og kultur, er også ganske populær og har i år fått 27 søkarar.
For andre året på rad opplever skuespill og scenekunst oppgang, i år med 36 prosent til sine 15 søkarar. Årsstudiet i teaterproduksjon har også hatt ein god auke dei siste to åra. Søkinga til bachelorane musikk og design, kunst og handverk held seg forholdsvis stabile.
Friluftsliv, leiing og naturguide, har ein oppsving på 20 prosent i år med sine 30 søkarar til bacheloren. Årsstudiet i friluftsliv er tradisjonen tru populært i Volda, i år med 56 søkarar.
Fleire tusen søkarar i lokalt opptak
Det lokale opptaket ved Høgskulen i Volda er der søknadar til alle mastergradprogramma, samt alle etter- og vidare utdanningstilboda til høgskulen blir behandla. Det lokale opptaket er ikkje knytt til Samordna opptak på nokon måte.
Det lokale opptaket er der majoriteten av HVO-studentane kjem frå. Per 16. april hadde det lokale opptaket 2353 søkarar.
Den internasjonale masteren Master in Media Practices har i år heile 101 søkarar og er populær blant både norske og utanlandske søkarar.
Populært er også pedagogiske studium HVO tilbyr. Spesialpedagogikk i ulike variantar og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er studium mange søker seg til. PPU har i år 266 søkarar. I tillegg er det ei rekke andre vidareutdanningar, hovudsakleg mynta på lærarar, med gode søkartal.
Volda-studentane over landssnittet nøgde
Det vil med andre ord bli ei god studentmasse ved Høgskulen i Volda også til hausten. Rektor Tonheim gler seg allereie til å ta imot nye studentar til eit nytt studieår.
Han er trygg på at dei nye studentane som kjem til i Volda skal bli teke godt imot, få ei trygg og minnerik studietid – og ikkje minst ei solid utdanning som dei vil få god nytte av.
– Det siste Studiebarometeret viser at Volda-studentane aldri har vore meir nøgde. Og dei er meir nøgde enn snittet av studentar i landet – det seier ein del, fortel Tonheim.
Høgskulen har ein visjon om å vere tett på studentane sine. Det lukkast ein med. I Studiebarometeret gjorde HVO det skarpt på punktet om tilbakemelding og rettleiing frå lærarane.
– Det betyr mykje for oss. Det skal vere kort veg mellom student og lærar og lett å få hjelp og svar. I Volda skal du bli sett som student, forsikrar rektoren.





