Ny bok om gammalengelsk
Førsteamanuensis Agnieszka Pysz har no fått gitt ut doktoravhandlinga si som bok. Sidan i haust har ho vore tilsett ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, der ho underviser i engelsk språk.
Tittelen på boka – som har kome ut på forlaget Cambridge Scholars Publishing – er The syntax of prenominal and postnominal adjectives in Old English. Som det går fram av tittelen, handlar boka om syntaks av adjektiv i gammalengelsk.
– Gammalengelsk (Old English), også kalt angelsaksisk, er den tidlegaste varianten av det engelske språk som var i bruk mellom ca. 449 og 1066, forklarar Pysz. – Det er eit vestgermansk språk som til forskjell frå moderne engelsk er rikt på morfologisk variasjon.
| Agnieszka Pysz har undersøkt korleis adjektiv som står framfor og etter substantiv oppfører seg, dvs. kva slags bøying dei får. – Det er interessant at gammalengelske adjektiv til ei viss grad liknar adjektiv i moderne norsk; i det minste bokmål. Ho gir nokre eksempel på likskapar: I moderne norsk, som i gammalengelsk, har adjektiv både svak og sterk bøying når dei står framfor substantiv. Svak bøying er t.d. "den store flodhesten" og "det store piggsvinet", altså i bestemt form. Sterk bøying opptrer i ubestemt form, t.d. "ein stor flodhest" og "eit stort piggsvin". – Etterstilte adjektiv, dvs. dei som står etter substantivet, er kanskje ikkje så vanlege i moderne norsk. Men eg har funne nokre døme som passar godt i desse tider, smiler Pysz. – I Jeg er så glad hver julekveld heiter det "en konge stor", altså sterk bøying. I Glade jul finn vi "paradis grønt". Når norske adjektiv er etterstilte, vert dei alltid bøygde sterkt, akkurat som i gammalengelsk. Dei som vil lese meir fagleg stoff om monografien, finn eit norsk samandrag her, og den engelske teksten frå vaskesetelen her. | ![]() |
| Agnieszka Pysz med den nye boka. |
Agnieszka Pysz har PhD-grad i engelsk lingvistikk frå Adam Mickiewicz University
i Poznań i Polen. Poznań er ein stor by med rundt 500 000 innbyggjarar, og Adam Mickiewicz University, som har rundt 50 000 studentarer, er eitt av fleire universitet i denne byen .
I haust kom ho til Volda, og ho er no snart ferdig med sitt første semester som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Dette er hennar første arbeidsplass i Noreg, men ho kjenner litt til Noreg frå før: – Ja, medan eg held på med doktorgraden min fekk eg støtte frå Noregs forskingsråd til eit opphald i Tromsø hjå CASTL
(Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics), og det var svært nyttig og lærerikt for meg å få møte dette fagmiljøet. I tillegg har eg vore fleire stader som turist - både i sør og nord.
Mykje er nytt og forskjellig frå det ho var vant til i Polen. – Studentane i Polen har forelesingar kvar dag, og det er forelesingar frå kl. 8 om morgonen til langt ut på ettermiddagen. Difor har studentane gjerne lange dagar på campus, forklarar Pysz. Men tilsette har ein litt annan kvardag: – Fagleg tilsette har faste kontortider nokre timar i veka, slik at studentane kan treffe dei då. Det er veldig vanleg å arbeide heime. Her er det annleis, så eg prøvar å venje meg til det norske "systemet".
Ho er også begeistra for den norske lunsjpausen: – Dette er vel noko nordmenn tek for gitt, men det er nytt for meg! Noko anna som Agnieszka Pysz er positivt overraska over, er det norske biblioteksystemet: – Det er veldig effektivt. Eg kan bestille bøker frå heile Noreg, og etter kort tid har eg dei på kontoret mitt. Dette set eg stor pris på, avsluttar ho.
- Pdf-fil med innhaldsliste og innleiing

- Kommentarar til boka frå fagfolk på forlagets nettside

- Andre publikasjonar av Agnieszka Pysz (Forskdok)







