– Viktig og kjempeinteressant
Partnarvald er ein tøff, men aktuell problematikk for Volda-studentar som skal jobbe tett på familiar. Ein av verdas fremste fagpersonar på feltet var gjesteforelesar for dei tysdag. Det fekk Erle, Arnt Olav og medstudentane mykje ut av.

Erle Trondsen skal bli barnevernspedagog, og Arnt Olav Jåstad skal bli sosionom. Begge fekk stort utbyte av gjesteforelesinga om partnarvald frå den internasjonale kapasiteten Rebecca J. Macy. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Erle Trondsen og Arnt Olav Jåstad er andreårsstudentar i sosialt arbeid, høvesvis barnevernspedagog og sosionom, ved Høgskulen i Volda (HVO).
Tysdag fekk dei og medstudentane, saman med barnehagelærarstudentane, ei eksklusiv gjesteforelesing.
Rebecca J. Macy er æresprofessor ved Universitetet i Edinburgh og eit av dei største namna innan fagfeltet vald i nære relasjonar. Ho har vore ein leiande forskar i over tjue år med eit tresifra antal fagfellevurderte publikasjonar.
– Eg synest det var veldig spennande å få undervisning frå ein som har forska så mykje på dette. Det var kjempeinteressant, og temaet er viktig for oss å kome inn i, seier Erle.
Arnt Olav stemmer i:
– Det er veldig kjekt at høgskulen får tak i slike undervisarar til oss. Det var lærerikt å høyre frå arbeidet til forskarane. Når vi får denne kunnskapen, veit vi at det kjem frå svært kompetente folk.
- Studere i Volda til hausten? Sjekk ut ledige studietilbod her!

Imponert over engasjerte Volda-studentar
Noregsbesøket til Macy byrja med å kaste fagleg glans over viktige nye funn frå HVO-prosjektet MANREPORT-IPV innan same tematikk – men ho var også tydeleg imponert over engasjementet til studentane ho trefte i Volda.
– Studentane var verkeleg påkopla og engasjerte og nysgjerrige på temaet, smiler Macy.
Ho trekte fram mange viktige og gjennomtenkte spørsmål frå dei framtidige barnehagelærarane og sosialarbeidarane som studerer ved HVO.
– Eg ser at studentane her blir ordentleg godt førebudde på profesjonsrollene dei skal ut i, og at dei blir bevisste på utfordringane ved partnarvald og ønskjer å vite korleis dei kan handtere dette i jobben sin, rosar Macy.
Spisskompetansen til Macy kom også dagens sosialarbeidarar i sunnmørsregionen til gode under Volda-besøket.
Måndag var Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid samla til ein heil fagdag på høgskulen for å lære av den internasjonale kapasiteten. Dei fekk også innsikt i den ferske norske forskinga på avverjeplikta ved HVO-professorane Silje Louise Dahl og Kjartan Leer- Salvesen.

Studentar får god førebuing til krevjande, men verdifull jobb
Til studentane snakka Macy om kvifor barnehagelærarar og sosialarbeidarar treng å lære om partnarvald, og om korleis dei kan avdekkje og respondere på partnarvald når dei kjem ut i yrket sitt.
At det er eit tøft tema som handlar om ekte menneske, er noko også studentane blir prega av.
– Eg vil tru det blir forbaska vanskeleg å jobbe med dette. Det er ikkje noko å leggje skjul på, det er menneskeleg. Men vi studerer jo sosialfag fordi vi ønskjer å hjelpe folk så godt vi klarer. Då trur eg det beste vi kan gjere, er å ta med oss all kunnskapen som vi kan herifrå, ut i arbeidslivet og få så mykje erfaring som mogleg. Hovudprioriteten blir å lytte og vere eit godt medmenneske, reflekterer Arnt Olav.
Medstudenten Erle seier seg samd og supplerer:
– Mange av oss har ikkje opplevd slike ting sjølve, så det vil bli utfordrande. Men i jobben som barnevernspedagog må vi sjå kvart enkelt barn og finne ut kva som er best å gjere. Lærarane våre er flinke til å bruke døme frå si eiga erfaring, noko som gjer at vi klarer å setje oss meir inn i situasjonen.

Rosar Volda-forsking som verdsleiande
Den internasjonale eksperten Macy framheva for studentane korleis vald i nære relasjonar er eit stort og komplekst tema som angår mange fagfelt og profesjonar:
– Partnarvald er ikkje berre eitt problem, det finst mange typar vald som krev ulike strategiar og ei fleirfasa tilnærming. Valdsoffera kjem seg ofte ikkje ut av det på grunn av fleire alvorlege risikoar og hindringar – og av og til kan systemet vere til skade. Det er difor vi må prøve å forstå partnarvald og kvifor dei involverte gjer det dei gjer, slik at vi kan hjelpe dei og familiane deira. Eg meiner bevisstheit er nøkkelen.
Eit av verktøya for å førebyggje er avverjeplikta som vi alle har til å hindre alvorlege lovbrot som partnarvald. Dem omfattande forskinga på dette, som HVO har vore sentral i dei siste fem åra, gjer at Macy meiner Noreg har ei verdsleiande rolle på eit felt som har mangla forsking internasjonalt.
– Ingen andre land i verda har gjort den typen arbeid og sett på dette spørsmålet på ein så grundig og meiningsfull måte. Noreg leier verkeleg an, og eg vil rose HVO og dette samarbeidet. Forskingsprosjektet er svært imponerande, og de gjer resten av det globale samfunnet ei stor teneste, for vi undersøkjer ikkje desse utfordringane like alvorleg som de gjer her i Noreg, seier eksperten Macy med tyngd.
HVO-professor Kjartan Leer-Salvesen, som har leia det norske forskingssamarbeidet om avverjeplikta i møte med partnarvald, tek orda til seg:
– Dette er sterke ord frå ein av dei fremste fagpersonane i verda på vald i nære relasjonar.






