Har gjort lynkarriere: No er Runar (34) og Andreas (40) professor

Realfagsmiljøet i Volda har fått to nye professorar: Runar Lie Berge i matematikkdidaktikk og Andreas Brandsæter i kunstig intelligens.

Runar Lie Berge og Andreas Brandsæter.

Runar Lie Berge (t.v.) har blitt professor i matematikkdidaktikk og Andreas Brandsæter (t.h.) professor i kunstig intelligens. Dei har jobba ved Høgskulen i Volda (HVO) sidan 2021, men allereie sett tydelege spor etter seg som forskarar.

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Det må vere innafor å seie at dei nye Volda-professorane Runar Lie Berge (34) og Andreas Brandsæter (40) har gjort lynkarriere i akademia. Gjennomsnittsalderen for opprykk til professor i Noreg er nemleg 51 år (Forskingsrådet, 2024).

Berge og Brandsæter er kollegaer ved Institutt for realfag på Høgskulen i Volda (HVO) og har nyleg fått opprykk til toppkompetanse i høvesvis matematikkdidaktikk og kunstig intelligens (KI).

Ny tittel i ny livsfase

Runar Lie Berge fortel at han blei svært glad då professorbeskjeden kom.

– Dette er jo noko eg har jobba fram mot heilt sidan eg bestemte meg for å satse innan akademia. Men det har alltid kjendest som eit mål som ligg langt der framme – også heilt fram til eg fekk stadfestinga om opprykk til professor.

Den nye tittelen fall saman med ein ny livsfase for nordhordlendingen.

– Meldinga om opprykk kom faktisk rett etter at eg begynte i foreldrepermisjon, så det blei ein kjekk start på den, fortel den uvanleg unge professoren.

Uvanlege ting har også professorkollega Brandsæter stått for. I mars 2020 blei han den første ved Universitetet i Oslo til å forsvare doktorgraden sin digitalt (les om disputasen i koronatida på forskning.no). Hans trettiniande leveår i 2025 blei også hendingsrikt:

– Først og fremst blei eg far for fjerde gong. Men eg gjekk også ut av komfortsona då sonen min melde meg på som musikalskodespelar i Opera Nordfjord si oppsetjing av Matilda – og då eg var med på live-innspelinga av NRK-programmet «Abels tårn» i Volda. Samanlikna med dette var det ikkje så big deal å søkje opprykk til professor, kjem det frå KI-forskaren, som likevel er tydeleg på at det var stas å få den gjæve professortittelen.

Andreas Brandsæter i Abels tårn.
Andreas Brandsæter og HVO-professorkollegaene (f.v.) Erik Fooladi og Helga Synnevåg Løvoll formidla populærvitskap i NRKs radioprogram «Abels tårn» framfor ein fullsett sal på Studenthuset Rokken i Volda i mars 2025. Foto: Åge André Breivik.
Runar Lie Berge trivst godt i sunnmørsfjella.
Runar Lie Berge frå Seim i Nordhordland trivst svært godt på Sunnmøre – her er den ferske HVO-professoren mykje ute i fjellet på ski eller klatring. Foto: privat.

Satsar innan prestisjetung KI-forsking

Berge og Brandsæter byrja å arbeide ved HVO i 2021, men som forskarar har dei allereie sett tydelege spor etter seg i Volda, mellom anna gjennom forskingsgruppa Programmering og KI for matematikk.

Dei siste åra har Brandsæter leia forskingsprosjektet «Programmering for utvikling av matematisk kompetanse». Prosjektet, som Berge er medforskar i, fekk nær 10 millionar i støtte frå Forskingsrådet til oppstarten i 2023.

Duoen er også mellom HVO-forskarane som frå 2025 deltek i KI-milliardsatsinga til regjeringa – og Brandsæter kan avsløre at dei har nye satsingar i emning:

– Vi har nyleg søkt på ei utlysing frå Forskingsrådet med eit prosjekt der vi ønskjer å undersøkje korleis kompetansebehovet er i endring når vi går mot eit samfunn der KI speler ei stadig større rolle. Vi vil særleg sjå på korleis KI påverkar matematikkfaget, og samtidig kva matematiske kompetansar som ligg til grunn for sentrale aspekt ved KI, som læring frå data, statistisk tenking og handtering av usikkerheit.

Fleire ulike fagmiljø på og utanfor HVO er tenkte inn i dette forskingssamarbeidet. Det gjenstår å sjå om prosjektsøknaden kjem gjennom nålauget til Forskingsrådet – men satsingsviljen illustrerer kor framoverlente Brandsæter og Berge er i forskingsmiljøet i Volda.

Andreas Brandsæter og Runar Lie Berge.
Dei to unge professorane ved Institutt for realfag har spennande forskingsplanar.

Peikar på nysgjerrigheit og tverrfagleg motivasjon

Det krev betydeleg innsats å jobbe seg opp til ei akademisk toppstilling. Runar Lie Berge fortel kva som motiverer han til å stå på:

– Det viktigaste har vore nysgjerrigheita, at eg ønskjer å forske for å lære nye ting. Såleis har ikkje sjølve forskingstemaet vore avgjerande for meg – eg kunne syntest det var spennande å forske på mange andre forskingsfelt også – men eg er svært fornøgd med å ha enda opp innanfor matematikkdidaktikk, seier Berge, som disputerte for doktorgraden ved UiB i 2019 med forsking om nye numeriske metodar for oppsprokne porøse medium.

Professorkollega Brandsæter har gått ei litt anna løype via privat sektor. Han tok nærings-ph.d. medan han var forskar innan maritim transport i DNV i fleire år. I dag har Volda-forskaren ei bistilling ved NTNU Ålesund, der han også fekk professorvurderinga som gav opprykk ved HVO.

– Eg har jobba svært tverrfagleg gjennom karrieren: først matematikk, så ingeniørfag, så statistikk og kunstig intelligens – og etter at eg byrja ved HVO, har eg jobba med lærarutdanning, fortel Brandsæter, og held fram:

– Sjølv ser eg godt at desse felta heng saman, men denne samanhengen er ikkje nødvendigvis opplagd for alle. Eg meiner tverrfaglegheit er ein styrke, og det blir nesten alltid løfta som eit gode. Men akkurat når det gjeld opprykk og stillingar, har mange ein tendens til å tenkje meir i siloar.

Runar Lie Berge.
– Endringa som kjem med KI, er sjølvsagt på både godt og vondt, og det er kanskje det som gjer det spennande å forske på, seier Runar Lie Berge, professor i matematikkdidaktikk.
Andreas Brandsæter.
– KI påverkar allereie samfunnet på mange område, og eg blir overraska dersom det ikkje også kjem til å påverke skule og utdanning i stor grad, seier Andreas Brandsæter, professor i kunstig intelligens (KI).

KI på godt og vondt blir spennande forsking

Får den nye professortittelen noka betydning? Forskarane set helst fagleg framgang framfor personleg pomp og prakt:

– Eg veit ikkje kor viktige titlar er. Men om det kan vere til noko, er det kanskje at det kan hjelpe oss litt med å få finansiert fleire forskingsprosjekt. Pengane hos Forskingsrådet sit ikkje laust, og det er stor kamp om midlane, understrekar Brandsæter.

– Å oppnå professorkompetanse er svært gledeleg. Men arbeidskvardagen min vil ikkje sjå så veldig annleis ut enn før opprykket, supplerer Berge.

Når vi spør kva dei to synest blir mest interessant å forske på framover, pensar det raskt inn på kunstig intelligens (KI). Runar byrjar:

– Det mest spennande er alt som er i endring for tida. Som alle fagfelt blir også korleis vi lærer i matematikk, og kva vi lærer, sterkt påverka av KI. Det blir litt som at då kalkulatoren kom, blei det mindre fokus på å pugge reknereglar. Denne endringa som kjem med KI, er sjølvsagt på både godt og vondt, og det er kanskje det som gjer det spennande å forske på!

Andreas dreg tråden tilbake til det nyaste forskingsprosjektet han håpar å kunne starte opp med midlar frå Forskingsrådet. I ein kronikk i Utdanningsnytt nyleg stilte han eit pirrande spørsmål: Kan KI hjelpe oss å skape den skulen vi alltid har ønskt oss?

– Sjølv om KI blir viktigare, betyr ikkje det automatisk at skulen må endre seg – men det betyr heller ikkje at skulen ikkje må det. Dette er spørsmål vi må arbeide grundig med. KI påverkar allereie samfunnet på mange område, og eg blir overraska dersom det ikkje også kjem til å påverke skule og utdanning i stor grad, avsluttar Brandsæter.

Del på: