Sterkare satsing på mangfald og inkludering får millionstøtte
Høgskulen i Volda (HVO) har lukkast med å betre kjønnsbalansen gjennom prosjektet «Likskap i sikte». No står mangfald og inkludering for tur: Den toårige HVO-satsinga «Vidsyn for framtida» får éin million kroner frå Forskingsrådet.

Desse har vore involverte i den nye satsinga «Vidsyn for framtida: Mangfald og inkludering ved HVO» (f.v.): forskingssjef Geir Tangen, førsteamanuensis Elisabeth Busengdal ved Institutt for sosialfag, rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, seniorrådgivar Solbjørg Nossen Leite (Personal- og dokumentforvaltning), førstelektor Leif Longvanes ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag og rådgivar Sunniva Hagen (Forskingsadministrasjonen). Seniorrådgivar Silje Klepp var ikkje til stades under fotograferinga.
I 2024 starta Høgskulen i Volda (HVO) prosjektet «Likskap i sikte» med mål om å jobbe breitt for betre kjønnsbalanse og meir mangfald ved institusjonen.
No er prosjektet fullført med midlar frå Forskingsrådet, og resultata viser at satsinga dei siste to åra har vore fruktbar.
I prosjektperioden har sju kvinner fått opprykk til toppkompetanse (professor og dosent) og seks kvinner til førstekompetanse (fire til førstelektor). Andelen kvinner med toppkompetanse ved HVO har auka frå 25 % i 2021 til heile 41,5 % i 2025.
– Høgskulen i Volda har no ein høgare andel kvinnelege professorar og dosentar enn snittet i sektoren. På dette området var vi tidlegare mellom institusjonane med lågast kvinneandel, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, som er nøgd med framgangen ved HVO.
Har skapt endring og viktige ringverknader
Når det gjeld vitskapleg publisering, stod kvinnelege forskarar for 53 prosent av forfattarandelane i 2025, noko som er høgare enn snittet ved institusjonen dei tre føregåande åra. Målet for prosjektet på dette området var om lag femti prosent.
I 2025 blei det også sendt fleire søknader om støtte til nye forskingsprosjekt til Forskingsrådet enn dei førre åra. Ved HVO er det no dessutan ein merkbar auke i antalet kvinnelege prosjektleiarar i søknadene til Forskingsrådet.
I tillegg viser 2024-tala at mange kvinnelege høgskulelektorar har publisert vitskapleg for første gong, og i heile perioden er det god deltaking på faglege aktivitetar i kvinnenettverket ved HVO.
– Det er svært positivt å sjå at vi dei siste åra har lukkast med det strategiske arbeidet for betre likestilling og dei viktige ringverknadene dette gir oss. No skal vi byggje vidare på desse erfaringane i den nye satsinga på mangfald og inkludering ved institusjonen, seier rektor Tonheim.
Artikkelen held fram under videoen.
Leiing for mangfald og inkludering
Den nye satsinga har fått namnet «Vidsyn for framtida: Mangfald og inkludering ved HVO». Forskingsrådet har tildelt høgskulen éin million kroner i støtte for prosjektperioden 2026–2028. Nøkkelordet vidsyn er også ein av tre verdiar (tett på, nysgjerrig, vidsynt) i HVOs nyleg vedtekne tiårsstrategi for 2027–2037.
Hovudmålet for prosjektet er å utvikle ein leiings- og organisasjonskultur med større medvit om mangfald og inkludering. Høgskulen skal mellom anna jobbe med å motivere tilsette med ulik bakgrunn til å satse på ein akademisk karriere, og institusjonen skal ha haldningar og strategiar som bidreg til dette.
I det nyleg avslutta prosjektet «Likskap i sikte» deltok HVO i nettverket BalanseHub, noko som har gitt nyttige verktøy og kunnskap i det langsiktige arbeidet med kjønnsbalanse og mangfald. Deltaking i BalanseHub blir også sentralt for den nye satsinga.
Gjennom dette nasjonale nettverket vil HVO styrkje kompetansen sin og få tilgang til ny forsking, metodar og erfaringar. Dette kan medverke til ein positiv leiings- og organisasjonskultur som forsterkar arbeidet med mangfald og inkludering ved HVO.
Skal ha målbare effektar og samfunnsrelevans
Høgskulen i Volda har altså oppnådd betydeleg framgang innan kjønnsbalanse dei siste åra gjennom balanseprosjekt som nemnde «Likskap i sikte» og «Kvinneløftet» (2021–2022).
Når det gjeld mangfald, har tala vore mindre klare og medvitet meir diffust. Offentleg statistikk viser at HVOs studentandel frå innvandrargrupper er lågare enn nasjonale tal. HVO har også få vitskapleg tilsette med slik bakgrunn, og tilsvarande gjeld andelen tilsette med funksjonsnedsetjing.
Kulturendringar i ein organisasjon er krevjande og kan ikkje skje ved at få personar prøver å gjere endringar: Endringsprosessar må vere sosiale, inkluderande og dialogbaserte, står det i prosjektsøknaden frå høgskulen. Dei prioriterte tiltaka ved HVO blir difor møteplassar, dialogverkstader, seminar og dialogbasert læring.
Førstelektor Leif Longvanes og seniorrådgivar Solbjørg Nossen Leite har begge eit særleg ansvar i prosjektet ved HVO. Dei fortel at arbeid med mangfald og inkludering ikkje skjer i eit vakuum:
– Gjennom dette arbeidet kan vi få fram nye akademiske rollemodellar for både studentar og tilsette med ulik etnisitet, klasse og funksjonsnedsetjingar. Som den største campusen i regionen vår har Høgskulen i Volda eit stort potensial til å bidra i dette.





