FoU-prisen 2026 til Ellen Lexerød Hovlid
Prisen for forsking og utvikling (FoU) ved Høgskulen i Volda i 2026 går til Ellen Lexerød Hovlid, professor i medierett ved Institutt for journalistikk.

Professor Ellen Lexerød Hovlid får prisen for forsking og utvikling ved Høgskulen i Volda i 2026. Foto: Marius Beck Dahle.
Kvart år deler Høgskulen i Volda (HVO) ut ein pris for forsking og utvikling (FoU-prisen) ved institusjonen. Målet med prisen er å rette merksemd mot FoU-arbeid ved å synleggjere og heidre framifrå innsats.
Høgskulestyret har i styremøtet 18. juni vedteke at FoU-prisen 2026 går til professor Ellen Lexerød Hovlid frå Institutt for journalistikk ved Avdeling for mediefag på HVO.
- Les meir om forsking ved HVO her.
Brei formidling og nasjonal synleggjering
Ellen Lexerød Hovlid (f. 1981) er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, der ho også disputerte med ei doktoravhandling om vernet av privatlivets fred (2014).
Hovlid har vore tilsett ved Institutt for journalistikk på Høgskulen i Volda sidan 2006 og fekk her opprykk til professor i medierett i 2022.
Pristildelinga er mellom anna grunngitt med at Hovlid lenge har utført FoU-arbeid innan mediejuss med særs høg fagleg kvalitet og stor relevans for Avdeling for mediefag. Gjennom vitskapleg publisering, skriving av lærebøker og forskingsbasert undervisning skaper ho viktige samanhengar og driv målretta formidling.
Høgskulestyret dreg også fram korleis Hovlid bidreg til å profilere HVO gjennom omfattande samarbeid nasjonalt.
Hovlid får prisen i september
Prisen er på 30 000 kroner og skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til FoU-arbeid.
Tradisjonen tru blir FoU-prisen delt ut under Forskingsdagane ved HVO. Overrekkinga av prisen til Ellen Lexerød Hovlid markerer opninga av festivalen fredag 18. september 2026.
Du kan lese meir om tildelinga på hivolda.no i september.





