Har fått publisert forsking for første gong
– Start med noko du er oppriktig nysgjerrig på, heller enn å bekymre deg for korleis noko «bra» skal sjå ut, anbefaler Amir Bashti Monfared. Han er ein av dei som debuterte med vitskapleg publisering ved Høgskulen i Volda i 2025.

Amir Bashti Monfared er høgskulelektor ved Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda (HVO) og i sluttfasen med doktorgraden sin. Ved HVO debuterte iranaren som publisert forskar i 2025. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Ni forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO) nådde ein milepåle i fjor ved å få publisert sitt første fagfellevurderte forskingsarbeid.
Bak kvar enkelt vitskaplege artikkel ligg det svært mykje lesing, skriving, kvalitetssikring og tolmod – og det er ikkje småtteri å navigere seg gjennom prosessen for aller første gong.
Som takk for strevet har HVO derfor ein årleg tradisjon: Kvar forskardebutant får ein unik kopp inspirert av forskingsarbeidet dei har debutert med – eit fint symbol på kva ein har fått til.
– Vi ønskjer å heidre den spesielt store innsatsen som ligg bak ei aller første publisering. Debuten som publisert forskar er ein viktig milepåle både for kvar enkelt forfattar og for Høgskulen i Volda som forskingsinstitusjon, seier HVO-forskingssjef Geir Tangen.
HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim understrekar at kvar nye forskardebut er viktig for den faglege utviklinga ved høgskulen:
– Når vi skal utføre samfunnsoppdraget vårt, er det alfa omega at forskingsmiljøa ved høgskulen bidreg med ny kunnskap og er med og utviklar fagfelta vi satsar på. Derfor gler vi oss litt ekstra over å få nye stemmer frå HVO inn i forskingsfloraen.
Flest kvinner som publiserte sitt første arbeid
Desse debuterte med vitskapleg publisering ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2025:
- Torbjørg Bakke, høgskulelektor
- Daniel Fikstvedt, ph.d.-stipendiat
- Annette Gjerde-Hansen, ph.d.-stipendiat
- Morten Finset Ingvaldsen, ph.d.-stipendiat
- Hilde Langlo, høgskulelektor
- Amir Bashti Monfared, høgskulelektor
- Joakim Erik Gustav Olsson, høgskulelektor
- Ine Skorbakk, ph.d.-stipendiat
- Lena Bjørge Waage, ph.d.-kandidat
At det er flest kvinnelege forskarar som publiserte for første gong i 2025, kan ha samanheng med ei aktiv satsing på mangfald og inkludering ved høgskulen.
- Les meir om dette her: Sterkare satsing på mangfald og inkludering får millionstøtte (juni 2026)

Frå film i Iran til forsking i Volda
Éin av dei ni debutantane i året som gjekk, er høgskulelektor Amir Bashti Monfared ved Institutt for film og animasjon på HVO. Han er opphavleg frå Iran, og den faglege bakgrunnen hans er meir frå film og kunst enn forsking.
– Eg tok bachelor og master i dramatisk litteratur i Teheran og arbeidde som dokumentarfilmskapar i fleire år før eg flytta til Noreg i 2020, fortel han.
Som første steg i eit nytt land tok Monfared den mediefaglege mastergraden Master in Media Practices ved HVO.
– Denne erfaringa gjorde meg gradvis meir nysgjerrig, ikkje berre på å lage dokumentarfilm, men også på å forstå bransjen og vilkåra som formar filmane, seier Monfared, som i 2022 fekk jobb ved Avdeling for mediefag på HVO og også blei ph.d.-kandidat ved NTNU.

Går i djupna på posisjonen til dokumentarfilm
Doktorgradsprosjektet hans handlar om dokumentarfilmar som tek opp sosiale og politiske spørsmål. Særleg ser han på korleis desse filmane blir finansierte og produserte i Noreg, i Iran og gjennom internasjonale samarbeid.
– Eg leverte ferdig avhandling i april, og no ventar eg på vurderinga frå kommisjonen. Eg reknar med svaret kjem ein gong i oktober, så det blir spennande. Eg må innrømme at det også er litt stressande å vente på svar, smiler han.
Som ph.d.-kandidat og tilsett ved HVO fekk han i 2025 altså publisert sin første vitskaplege artikkel: «Norway's social impact documentary sector: evolving amidst global documentary transformations» (Studies in Documentary Film).
Kva ønskte du å finne ut med denne studien?
– Eg ville forstå korleis Noreg har utvikla eit så sterkt miljø for dokumentarfilmar som tek opp sosiale og politiske spørsmål. Særleg ville eg sjå på korleis endringar i finansieringa, den avtakande rolla til TV-selskapa og det aukande internasjonale samarbeidet har forma bransjen, forklarer han.
Monfared fekk eit tydeleg teikn på at han var inne på noko, då den norsk-palestinske dokumentarfilmen No Other Land (2024) vann Oscar for beste dokumentarfilm.
– Det var interessant at denne filmen, som hadde produsentar og finansiering frå Noreg, fekk Oscar omtrent samtidig som eg skreiv om korleis Noreg er i ferd med å bli ein stadig viktigare aktør innan internasjonal dokumentarfilmproduksjon, poengterer forskaren.
Etter den første forskingsartikkelen sin har Monfared publisert ytterlegare tre vitskaplege arbeid.
– Men eg ser framleis på den første artikkelen som eit gjennombrot for meg, både profesjonelt og når det gjeld sjølvtilliten min som forskar tidleg i karrieren, fortel han.

Akademisk skriving lærte han tolmod
Monfared fortel at arbeidet med den første artikkelen blei eit lærerikt møte med akademisk skriving, der han innsåg kor mykje det eigentleg handlar om det å omskrive.
– Å ha ideen og utføre forskinga er berre byrjinga, for det vanskelege er å gjere argumentasjonen tydeleg, å avgjere kva som eigentleg er viktig, og å vere villig til å omskrive teksten mange gonger. Prosessen lærte meg også å bli mykje meir tolmodig med mitt eige arbeid, utdjupar han.
For Monfared har det vore verdifullt å vere ein del av fagmiljøet ved høgskulen undervegs.
– Sidan eg først kom til Volda som student, betyr det ganske mykje for meg at eg no er ein del av det akademiske miljøet her som forskar og lærar. Eg set også pris på at Avdeling for mediefag er ein stad der forsking, undervisning og praktisk medieproduksjon heng tett saman – det passar svært godt med min eigen bakgrunn som både filmskapar og forskar.
Kva er rådet ditt til andre som kan tenkje seg å prøve å forske?
– Start med noko du oppriktig er nysgjerrig på, heller enn å bekymre deg for korleis ein «god» eller «typisk» vitskapleg artikkel skal sjå ut. Og ikkje tenk at du skal vente til du er heilt klar: Mykje av læringa skjer gjennom å skrive, få tilbakemeldingar og prøve på nytt. Ein gong må du rett og slett ta sjansen, sende inn manuskriptet og sjå kva som skjer, oppmodar Amir.


