Til Madeira med forsking om leik for læring

Høgskulelektor Monica Gjelsten har gjesta ein internasjonal konferanse for forsking på tidleg barndom og utdanning. – Særleg fruktbart å kunne dele arbeid som er i støypeskeia, med eit internasjonalt fagmiljø, fortel HVO-forskaren.

Monica Gjelsten på konferansen konferansen EECERA 2026.

– Det er spennande å kunne ta med erfaringar frå utviklingsarbeidet ved HVO ut i eit internasjonalt fagmiljø og samtidig få nye perspektiv tilbake til vår eiga undervisning, seier HVO-forskaren Monica Gjelsten. Foto: privat.

Tekst: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Del på:

Høgskulen i Volda (HVO) var representert på konferansen EECERA 2026 på øya Madeira i Portugal tidlegare i haust.

Her deltok nemleg høgskulelektor Monica Gjelsten frå Institutt for språk og litteratur ved HVO.

Den internasjonale EECERA-konferansen handlar om forsking på tidleg barndom og utdanning og blei arrangert for 34. gong.

Gjelsten presenterte sitt eige forskings- og utviklingsarbeid om praksisnær og leikbasert undervisning i lærarutdanninga og hadde ei fagleg chair-rolle (m.a. sesjonsleiar) under konferansen.

– Deltakinga mi var gradvis utprøving av arbeid i samband med sjukefråvær. Denne konferansen er ein open og inkluderande arena, noko som gjorde det lettare å styre belastninga undervegs, fortel ho.

– Spennande å ta utviklingsarbeid frå HVO til internasjonal arena

Gjelsten presenterte ein vitskapleg poster med tittelen «Reframing Play and Learning: Developing Professional Judgement through Play-Based Higher Education Pedagogy» (nye perspektiv på leik og læring: utvikling av profesjonelt skjønn gjennom leikbasert pedagogikk i høgare utdanning).

– Arbeidet mitt byggjer på fleire år med systematisk utvikling av undervisning i lærarutdanninga, mellom anna gjennom samarbeid med barnehagar og skular og gjennom å undersøkje korleis studentane kan utvikle profesjonelt skjønn gjennom erfaringsbaserte og praksisnære arbeidsmåtar, seier Gjelsten.

Ho har etablert kontakt med forskarar og lærarutdannarar frå ulike land som arbeider med liknande problemstillingar innan praksisnær undervisning, prosjektbasert læring, samskaping og utvikling av lærarutdanning.

Målet er å vidareføre dialogen og undersøkje moglegheiter for fagleg utveksling og samarbeid, fortel Gjelsten om nettverksbygginga på konferansen:

– Det er spennande å kunne ta med erfaringar frå utviklingsarbeidet ved HVO ut i eit internasjonalt fagmiljø og samtidig få nye perspektiv tilbake til vår eiga undervisning. Eg opplever at konferansen gav gode høve til å knyte kontaktar som kan utvikle seg til vidare fagleg samarbeid.

Vitskapleg poster av Monica Gjelsten på konferansen konferansen EECERA 2026.
Temaet for den vitskaplege posteren Gjelsten presenterte på Madeira var (på norsk) nye perspektiv på leik og læring – utvikling av profesjonelt skjønn gjennom leikbasert pedagogikk i høgare utdanning.

Eit fruktbart rom for utvikling

– Eg opplever det som særleg fruktbart å kome til ein internasjonal konferanse med utviklingsarbeid og forsking som framleis er i støypeskeia, understrekar Gjelsten.

Når ein ikkje presenterer eit ferdig svar, men kjem med eit ope og breitt spørsmål eller eit prosjekt under utvikling, inviterer det til dialog, meiner ho.

– Deltakarane kjem med innspel, spørsmål og forslag til moglege vegar vidare, og dei deler erfaringar frå sine eigne utdanningssystem og fagmiljø.

Felles erfaringar over landegrensene kom særleg fram under posterpresentasjonane.

– Fleire av deltakarane tok opp spenninga mellom leik og læring og korleis studentar også ved universitet og høgskular etterspør meir leikbaserte og aktive læringsformer. Det synleggjer at problemstillingane i utviklingsarbeidet ikkje berre er lokale ved HVO, men inngår i eit større internasjonalt utviklingsområde innan høgare utdanning og lærarutdanning, utdjupar Gjelsten.

Chair-rolla ho hadde under konferansen, innebar å leie ein fagleg sesjon og bidra til den faglege dialogen mellom presentatørar og deltakarar. Denne rolla gav henne også nye perspektiv.

– I samband med faglege diskusjonar fekk eg mellom anna innspel om å utvikle prosjektet mitt vidare ved å la det gå over ein lengre periode enn eg hadde tenkt. Slike innspel gir nye idear til korleis utviklingsarbeidet kan vidareutviklast og undersøkjast, seier HVO-forskaren.

Fellesskap og noko å ta med heim til studentane

For Gjelsten er det også viktig å kunne vise studentane ved HVO at det dei arbeider med, inngår i eit større internasjonalt bilde.

– Barnehagar og lærarutdanningar i land som Portugal, Ghana, Storbritannia og Canada møter mange av dei same utfordringane – men også mange av dei same moglegheitene og dei gode erfaringane, fortel ho.

Gjelsten deltok også på EECERA 2024 i Brighton i England.

– Då var det mykje merksemd på barn si utvikling og bildebøker, medan årets program har krinsa mykje rundt uteaktivitetar i barnehagen, leik, deltaking og det digitale. Dette illustrerer korleis fagfeltet er i stadig utvikling, og kor mykje ein kan lære av å møte kollegaer frå ulike land.

Det sosiale og uformelle er også ein viktig del av nettverksbygginga på konferansar.

– Det er eigentleg berre å gå rundt med namneskiltet rundt halsen og seie: «Hello, where are you from?» Så er samtalen i gang, og plutseleg snakkar ein om alle slags tema innan barnehagepedagogikk. At dei fleste deltakarane har engelsk som andrespråk, gjer også det internasjonale fellesskapet ekstra inkluderande, smiler Gjelsten.

Framover ønskjer HVO-forskaren å følgje opp dei nye faglege kontaktane gjennom mellom anna digitale møte og utveksling av erfaringar og undervisningsopplegg.

– Eg ser også moglegheiter for vidare samarbeid om å utvikle og forske på praksisnær undervisning i lærarutdanninga, avsluttar Gjelsten.

Del på: