Statsbudsjettet: ingen store overraskingar for HVO
Høgskulen i Volda finn lite å bli overraska over i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2027.
Regjeringa foreslår å løyve 459 millionar kroner til Høgskulen i Volda (HVO) i statsbudsjettet for 2027. Det er ein oppgang frå året før, då talet var 450 millionar kroner.
Når ein justerer for lønns- og prisvekst, inneber det likevel ein realnedgang i budsjettet på 1,8 prosent.
– Ikkje nøgde
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og direktør Jan Olav Baarøy var til stades hos Kunnskapsdepartementet då budsjettet vart lagt fram i Oslo.
– Det er ingen store overraskingar for oss i dette budsjettet. Men det er klart at vi er ikkje nøgde med ein nedgang i budsjettet vårt, kommenterer Baarøy.
Likt med dei andre universiteta og høgskulane i landet, får HVO eit generelt kutt på 0,9 prosent, som utgjer 4,3 millionar kroner. Desse pengane går til andre satsingar i sektoren.
Det var venta at det ville kome kutt i koronamidlar, slik det har gjort dei siste åra. Under pandemien fekk høgskulen tildelt ekstra studieplassar, fram til 2028 vil HVO kvart år få ein reduksjon i desse. For 2027-budsjettet utgjer det eit trekk på 4,6 millionar kroner.
I budsjettposten «resultatbasert utteljing» har HVO ein nedgang på 300 000 kroner. Her blir institusjonen målt på studiepoengproduksjon, gjennomføring av utdanningsgrader og doktorgradsdisputasar.
Høgskulen har ein liten oppgang i studiepoengsproduksjon og doktorgradsdisputasar, medan det er ein nedgang i fullføringsgrad.
Ser moglegheiter
Til det siste kommenterer rektor Tonheim følgande:
– Vi har gjort eit arbeid med å sjå på studieportefølja vår, og vil halde fram med det. Arbeidet så langt skal gjere at vi raskare kan tilpasse studietilboda våre og tilby vidareutdanningar som det er behov for og etterspurnad etter. Vi ønsker også å gjere gradsutdanningane våre enda meir attraktive og samstundes halde på det som er bra.
Leiarduoen ved HVO vart under presentasjonen av statsbudsjettet presentert for kompetansebudsjettet – eit styrings- og prioriteringsverktøy som ifølgje regjeringa skal bidra til å sikre kompetansen Noreg treng. Det skal utviklast dei neste fire åra.
For 2027 er prioriteringane i kompetansebudsjettet helse, realfag og teknologi.
– Her ser vi moglegheiter. Vi har fleire sterke fagmiljø innanfor desse fagområda, og vil sjå nærmare på korleis vi kan utnytte det i tida framover, slår Tonheim og Baarøy fast.
Kompetansebudsjettet inneheld ikkje kroner og øre, berre tekstleg innhald om korleis regjeringa ser på kompetansebehovet for framtida. Det generelle kuttet HVO og alle andre institusjonar i sektoren fekk på 0,9 prosent, kan vere med på å finansiere satsingar som ein ser behov for gjennom kompetansebudsjettet.
– Difor gjeld det for oss å tenke smart om kva vi kan bidra med av satsingar, seier Tonheim og Baarøy.



