Samla forskarar for å løfte Hans Strøm: – Mellom dei fremste i si tid
Den tverrfaglege 300-årsjubilanten Hans Strøm var ein gjennomgangsfigur under Forskingsdagane 2026 ved Høgskulen i Volda. No kan det også bli bok om den mangfaldige forskarpresten frå Sunnmøre.

Hans Strøm-kjennarane som var på forskingsseminar, fekk også oppleve studentutstillinga «Strøm i kunst», som HVO-studentar i design, kunst og handverk skapte til Forskingsdagane 2026 med impulsar frå Hans Strøm sitt liv og virke. Frå venstre: Henriette Hafsaas, Eirik Søvik, Signe Mellemgaard, Marit Brekke, Helga S. Løvoll, Randi Neteland, Knut-Willy Sæther, Sine Halkjelsvik Bjordal, Per Halse og Harald Krøvel.
Forskingsdagane 2026 gjekk nyleg av stabelen ved Høgskulen i Volda (HVO) med 26 varierte programpostar for store og små.
Eit namn som dukka opp fleire stader på årets festivalprogram, var Hans Strøm. I år markerer vi nemleg at det er 300 år sidan naturforskaren, folkeopplysaren og presten Hans Strøm (1726–1797) var fødd.
Under festivalen kunne publikum bli kjende med ulike sider ved jubilanten, både som havforskar, litterær figur og inspirasjonskjelde for dagens kunststudentar.
Ei gruppe Strøm-kjennarar samla seg også til forskarseminar under festivalen. Her presenterte og diskutere dei ulike perspektiv på Hans Strøm – alt frå teologi og brevskriving til fagspråk og skulespørsmål.
Teksten held fram under desse glimta frå studentutstillinga «Strøm i kunst». Kunstfoto: Yrjan Olsnes (sjå meir på Instagram-kontoen @kunstfag_hivolda). Du kan oppleve utstillinga i Berte Kanutte-huset ved HVO ei stund til:
– Var tydeleg ein viktig mann også i Danmark
Både HVO-forskarar og inviterte gjester delte kunnskap og innspel under heildagsseminaret, som passande nok fann stad i Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda.
Lektor Signe Mellemgaard tok turen heilt frå Universitetet i København for å delta.
– I samanheng med jubileet vil vi setje ord på kva Strøm har betydd. Vi prøver på ulike måtar å avgrense inngangane til det, for det er ikkje slik at Hans Strøm er byrjinga til alt – men vi prøver å få plassert han i eit tidsmessig landskap, forklarer ho.
Den danske forskaren fortel at det også er interessant å sjå på Hans Strøm i lys av historia til tvillingriket Danmark-Noreg.
– Det er tydeleg at Hans Strøm også betyr noko i Danmark. Danskar kjenner han ikkje særleg no, men det gjorde dei heilt klart på 1700-talet: Danna folk kjende godt til Strøm og visste kva han stod for, og han var viktig i ein samfunnsvitskapleg samanheng, understrekar Mellemgaard.
Oppdaga brev som gir nye innblikk i livet til Strøm
Postdoktor Sine Halkjelsvik Bjordal ved Universitetet i Oslo forskar på korleis Hans Strøm kjem til syne gjennom breva sine.
– Eg har jobba med å få samla inn og digitalisert flest mogleg brev, og eg har transkribert svært mykje over tid. Gjennom dette arbeidet har eg oppdaga mange sider ved Hans Strøm som ein ikkje får tak i via andre kjelder, seier Bjordal.
UiO-forskaren Bjordal, som vaks opp i Volda, fortel at desse breva viser oss meir personlege sider ved 300-åringen.
– Mitt beste funn er i ei stor brevsamling på førti brev frå Strøm til Hans Jacob Wille, for der ligg det også to brev som Strøms kone har skrive til Willes kone. Og særleg i breva der Strøm er på sine eldre dagar, skriv han ofte litt meir om menneska rundt seg. Slik får ein meir innblikk i det nære, og ikkje berre naturvitskapen, seier forskaren engasjert.


Interessant å kunne belyse Strøm breitt
At Hans Strøm var mange ting på ein gong, ser ein tydeleg på breidda under seminaret. Forskarane diskuterte korleis Strøm samla inn kunnskap og skreiv brev, det topografiske arbeidet hans, korleis han var som prest, synet hans på skule og oppseding, språket hos Strøm og kosmologien hans.
– Hans Strøm var i høgste grad tverrfagleg, for å bruke eit meir moderne ord, seier HVO-professor Per Halse, som sit i styringsgruppa for jubileet ved HVO.
Professoren dreg også fram ein annan merkelapp på Strøm: polyhistor – ein person som har lærd innsikt og kunnskap på mange område.
– Dette var for så vidt ikkje så uvanleg den gongen, men Strøm var absolutt mellom dei fremste i si samtid. Nettopp derfor er det viktig og interessant å få ulike perspektiv på han frå forskarar i dag – forskarar som har ulik fagleg bakgrunn og kompetanse til å finne forskjellige delar av dette imponerande store livsverket, poengterer Halse.
Strøm-kjennarane som samla seg i Volda under Forskingsdagane, har no spennande planar vidare.
– Håpet er at desse samarbeida skal munne ut i ei bok om Hans Strøm. Fleire andre forskarar har også vist interesserte for å bidra. Det blir tidlegast neste år, men ein antologi er intensjonen, avsluttar Halse.









