Nye studentrepresentantar til Høgskulestyret
Camilla Nordvang og Landon Mitchell er valde til å representere studentane i Høgskulestyret for studieåret 2026/27. Karianne Bakke Ulvang og Lars-Erik Hansen er valde som vararepresentantar.

Heile 14 kandidatar var nominerte til valet som vart avslutta 5. oktober. Det vart avgitt 447 stemmer i valet.
Studentrepresentantane blir ein del av det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Les meir om Høgskulestyret her.
Under følgjer ein presentasjon av dei nye styrerepresentantane, med det dei sa om seg sjølve i valkampen.
Faste representantar
Namn: Camilla Nordvang
Alder: 29 år
Bustad: Volda (Porse studentbustader)
Studerer: Skuespill og scenekunst, 2. året
Interesser: Vere frivillig på Rokken, vere kreativ og tilbringe fine stunder med flotte folk.
Om eg blir vald til Høgskulestyret, vil eg: Arbeide for at alle skal få ei best mogleg oppleving som studentar, både akademisk og sosialt. Eg vil jobbe for at alle kjenner seg inkluderte og sette, anten du er her i eitt år, tek ein bachelor eller master, eller er på utveksling.
Du skal stemme på meg fordi: Eg er ein engasjert og pliktoppfyllande person som ikkje er redd for å ta opp og snakke om vanskelege ting eller kjempe for det som er viktig.
Namn: Landon Mitchell
Alder: 22 år
Bustad: Volda
Studerer: Samfunnsutvikling, 3. året
Interesser: Natur og medverknad
Om eg blir vald til Høgskulestyret, vil eg: Sikre at studentane sine rettar blir godt tekne vare på.
Du skal stemme på meg fordi: Eg er engasjert og erfaren! Det siste året har eg vore vararepresentanten din i Høgskulestyret, i tillegg til at eg har vore nestleiar og fagansvarleg i Studentparlamentet.
Gjennom det siste året har eg fått gjennomslag i fleire saker eg har fremja. Mellom anna har eg arbeidd for betre tilgjenge for studentar med nedsett funksjonsevne på campus, og sikra at studentane fekk ein plass i høgskulen sin langsiktige strategi.
Eg ønskjer å gjere meir for å sikre at studentane sine rettar, ønske og behov blir tekne på alvor!
Vararepresentantar
Namn: Karianne Bakke Ulvang
Alder: 27 år
Bustad: Oslo
Studerer: Master in Media Practices
Interesser: Gode samtalar, løping, god mat og drikke, lese, andre verdskrigen, fyrste verdskrigen, Vietnamkrigen, den kalde krigen og krangle med folk eg eigentleg er einig med.
Om eg blir vald til Høgskulestyret, vil eg: Gi HVO ein ny gullalder. Det skjer ikkje av seg sjølv. Men det byrjar ofte med at nokon tør å seie det alle andre står og kviskrar om i gangen. Det kan eg gjere.
Du skal stemme på meg fordi: Etter snart fire år på HVO har eg blitt glad i denne staden og menneska her. Eg veit kva som rører seg blant oss, både det som fungerer, og det som kunne vore betre. Eg lovar å lytte, bry meg og vere ei stemme for alle, uansett studieretning.
Namn: Lars-Erik Hansen
Alder: 29 år
Bustad: Volda
Studerer: Journalistikk, 3. året
Interesser: Sjå film på kino og vere frivillig i Røde Kors.
Om eg blir vald til Høgskulestyret, vil eg: Jobbe for at studentane er i fokus. Økonomien i utdanningssektoren er under press, og eg vil passe på at resten av styret hugsar at høgskulen er her for studentane. Det kjem til å bli kutt, og då må studentane prioriterast.
Du skal stemme på meg fordi: Eg er samfunnsengasjert og grundig i alt eg gjer. Som tidlegare vararepresentant i styret kjenner eg arbeidsmengda som vervet krev, og kan raskare setje meg inn i sakene. Eg har jobba mykje med styrearbeid i tidlegare verv og vil arbeide målretta for å sikre rettane til studentane. Eg vil prioritere heile høgskulen, ikkje berre mitt eige studium.



