Får forske på eigen arbeidsplass med offentleg ph.d. i Volda

Ingvild Vikingsen Skogestad skal kombinere skulejobb i Øygarden kommune med å ta doktorgrad om KI i grunnskulen. Fagmiljøet ved Høgskulen i Volda oppmodar fleire om å nytte ordninga med offentleg sektor-ph.d.

Ingvild Vikingsen Skogestad (nr. to frå venstre) tek offentleg ph.d. ved HVO.

Fagmiljøet har bygd eit solid team rundt den første ph.d.-kandidaten i utdanning, språk og kultur ved HVO som kjem gjennom offentleg ph.d.-ordninga (f.v.): professor og rettleiar Wenke Mork Rogne, ph.d.-kandidaten Ingvild Vikingsen Skogestad, førsteamanuensis og hovudrettleiar Synnøve Hedemann Amdam, professor og rettleiar Siv M. Gamlem og professor og leiar for doktorgradsprogrammet Per Halse.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Nyleg fekk 26 doktorgradsprosjekt i offentleg sektor millionstøtte frå Forskingsrådet. Målet med ordninga offentleg sektor-ph.d. er at tilsette skal forske på utfordingar ved sin eigen arbeidsplass og bringe fram innovative løysingar.

Ingvild Vikingsen Skogestad har lærarbakgrunn og er rådgivar for skulesjefen i Øygarden kommune. Ho er mellom dei som no skal få forske samtidig med jobb i offentleg sektor.

Ved Høgskulen i Volda (HVO) har Skogestad fått innpass på doktorgradsprogrammet «Utdanning, språk og kultur». Her skal ho dei neste fire åra studere lesing og kunstig intelligens (KI) i grunnskulen. Offentleg ph.d.-prosjektet skjer i samarbeid mellom HVO og arbeidsgivaren Øygarden kommune.

Vil forske fram det som fungerer for elevane

Ph.d.-prosjektet til Ingvild Vikingsen Skogestad har fått namnet «Bruk av generativ KI og digital teknologi i utvikling av kritisk lesing i den andre leseopplæringa».

Generativ KI viser til korleis kunstig intelligens kan brukast til å nyskape tekst og anna innhald, medan den andre leseopplæringa viser til korleis elevar på mellomtrinnet (dei siste åra av barneskulen) utviklar leseforståing og kritisk lesing når dei først har knekt lesekoden.

– Eg synest forsking er veldig gøy, og eg likar å gjere ting som fungerer for elevane. Dei siste ti åra har eg jobba med digitale verktøy til kvar elev og med balansert digital bruk. I tillegg viser alle undersøkingar at vi treng å bli betre på lesing i skulen, og der trengst det strategiar. Derfor blei dette naturlege tema for doktorgradsprosjektet, fortel Skogestad.

I det vitskaplege miljøet i Volda er dette problemstillingar som opptek mange av forskarane. Mellom dei finn vi HVO-førsteamanuensis Synnøve H. Amdam, som blir hovudrettleiaren til Skogestad.

Amdam fortel at forsking på desse temaa er viktig fordi det digitale samfunn vi lever i, er gjennomsyra av KI-generert innhald.

– Barna som no er på mellomtrinnet, har møtt veldig mykje KI-generert tekst, og dei møter KI-innhald i mange ulike samanhengar, anten det er i sosiale medium, i skriveprogram eller ved nettsøk. Dei må derfor utvikle ei kritisk forståing av det dei les, og korleis dei skal jobbe med strategiar for kva som er sant og ekte. Dette er ein del av det å utvikle ei leseforståing både for vår tid og for framtida, understrekar Amdam.

Artikkelen held fram under videoen.

– Offentleg ph.d. skaper glitrande moglegheiter

Då Skogestad landa på at det blei doktorgrad i Volda, var det mellom anna gjennom kjennskap til arbeidet til HVO-professorane Siv M. Gamlem og Wenke Mork Rogne, som begge blir medrettleiarar for Skogestad. Duoen har mellom anna vore sentrale i forskingsprosjektet DigiHand, som Øygarden kommune også var del av.

– Då spørsmålet kom frå Skogestad om å få ta ph.d. her, begynte vi å samarbeide om det å byggje opp eit godt team rundt henne og prosjektet, fortel Gamlem.

Professor Per Halse, som leier doktorgradsprogrammet, ser fram til få Skogestad inn som den første ph.d.-kandidaten i utdanning, språk og kultur ved HVO som kjem gjennom offentleg ph.d.-ordninga.

– Det er veldig positivt for høgskulen å få eit større miljø kring denne doktorgraden, som er i ein oppbyggingsfase. I ei tid med avgrensa ressursar er det også gull verdt med samarbeid som er vesentleg eksternt finansierte. I tillegg fremjar dette samarbeid mellom akademia og praksisfeltet på ein flott måte, utdjupar Halse.

Gamlem meiner ph.d.-prosjektet til Skogestad er ein god modell for korleis lektorar i skulen kan ta doktorgrad og styrkje kunnskapssamfunnet:

– Eg trur ikkje alle veit om potensialet som ligg der: at dei kan søkje Forskingsrådet om å få midlar, slik at dei kan gå i djupna og byggje kompetanse i noko kommunane og skulane treng. Det ligg glitrande moglegheiter i denne ordninga, og i Volda tek vi imot kandidatar!

Stor interesse for utdanning, språk og kultur

HVOs ph.d.-program «Utdanning, språk og kultur» starta vinteren 2025 og har vekt mykje interesse blant potensielle kandidatar. I desse dagar jobbar HVO med å tilsetje det tredje kullet med stipendiatar på den tverrfaglege doktorgraden.

– Kvar runde har vi hatt rundt førti søkjarar til fem utlyste forskarstillingar. Det har vore svært mange sterke søkjarar. Vi ser også internasjonal interesse på grunn av miljøet rundt og oppbygginga til ph.d.-programmet, fortel Per Halse.

Forskarutdanninga er ettertrakta av ulike grunnar. Fleire kandidatar melder om at den tverrfaglege profilen passar dei som hand i hanske. Trongare tider i UH-sektoren, med færre utlyste stipendiatstillingar innan humaniora og utdanningsvitskap, gjer også ph.d.-programmet i Volda attraktivt.

For Ingvild Vikingsen Skogestad ventar det no fire spennande år med kombinert jobb og forsking som offentleg ph.d.-kandidat ved Høgskulen i Volda, der fagmiljøet har ønskt henne velkomen med opne armar:

– Dette gler eg meg til. Det er veldig gode folk eg har fått med meg her, så dette blir bra, avsluttar ho.

Del på: