Over 480 eksamenar gjennomførte denne våren

Fredag 19. juni var siste eksamensdag i vårsemesteret ved Høgskulen i Volda (HVO). Dette markerte slutten på om lag 480 eksamenar i ulike former ved høgskulen dette semesteret. 

studentar i gruppe

Sosionomstudentane feirar vitnemåla sine! Foto: HVO / Steinarr Sommerset

Tekst: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Del på:

Nytt eksamensverktøy

Dette studieåret har vi ved Høgskulen i Volda teke i bruk WISEflow som nytt eksamenssystem. Nokre studentar fekk allereie teste verktøyet gjennom ei pilotordning i haust. Erfaringane frå både pilotordninga og den fulle innføringa har vore gode, og overgangen har gått smidig.

Fullført utdanning

Samtidig har vi igjen fått gleda av å markere avslutninga for ei rekkje studentar som no har fullført utdanninga si ved HVO. Dei tek med seg ny kunnskap, verdifull erfaring og mange gode minne vidare ut i arbeidslivet – eller til vidare studium. Vi ønskjer alle uteksaminerte studentar lykke til på vegen vidare!

Lærarstudentar i Kaarstad-trappa.
Her er våre nyutdanna lærarar! Foto: HVO / Ana Ester De Miguel Ceballos

Velkomen tilbake til nytt semester!

For mange av studentane betyr ikkje dette eit farvel, men eit "vi sjåast". Fleire av dei som no er ferdige med eksamen for dette studieåret, kjem tilbake til HVO til hausten, og det gler vi oss stort over.

Vi ved Høgskulen i Volda ser no fram mot eit nytt semester, og gler oss til å ønskje både nye og tilbakevendande studentar velkomne til eit nytt kapittel i deira akademiske reise.

Gratulerer til alle studentar med vel gjennomført semester! Og til deg som no er ferdig – vi ønskjer deg alt det beste for framtida.

Del på: