Studentmedia er tilbake på lufta!

No kan du lese Nærnett, høyre på Radio Volda og sjå Nærsynet att. Journaliststudentane i Volda har mykje praksis året rundt - og startar altså ei ny periode måndag 12. september. Dei lover gode nyheitssaker, undersøkande journalistikk og underhaldning - og tek gjerne imot tips og tilbakemeldingar!

Tekst: Per Straume

Del på:

Det er berre å leite opp og favorittmerke med ein gong: Nærnett, TV og radio. 
Her kan du lese, høyre og sjå saker signert journalistikkstudentane ved Avdeling for mediefag. 
Dei har også kontoar på Twitter, Facebook og Instagram. 

Send gjerne tips og tilbakemeldingar på e-post, oppmodar dei.
Praksisperioden med aktive studentmedia varer frå 12. september til 21. oktober i denne omgang. 
 
Del på: