Bli klok på kunstig intelligens med vidareutdanning i Volda
Vil du henge med på utviklinga innan kunstig intelligens (KI)? I haust tilbyr vi ei oppdatert, samlingsbasert vidareutdanning med KI-professor Andreas Brandsæter.

Illustrasjonsbilde. Kjelde: Peshkova, Shutterstock. Med lisens.
Jobb, skule, fritid: Kunstig intelligens (KI) blir ein stadig større del av kvardagen vår, anten vi vil eller ikkje.
Den raske framveksten til KI krev ein ny type kompetanse i breie lag av arbeidslivet. Innføring i kunstig intelligens er ei vidareutdanning som skal møte dette behovet, fortel emneansvarleg Andreas Brandsæter:
– Du treng ikkje kunne programmering eller avansert matematikk for å ta dette studiet. Det viktigaste er at du er nysgjerrig og ønskjer å forstå kva KI gjer, og kva det betyr for ditt eige fagfelt.
For mange kan dette vere ei moglegheit til å skaffe seg kompetanse dei elles ikkje ville fått, framhevar han:
– Ikkje berre i å bruke KI, men i å vurdere når det er riktig å bruke KI, og når det ikkje er det. Kort sagt: Emnet passar for alle som vil stå litt tryggare i møte med ein teknologi som allereie er i ferd med å endre arbeidslivet.
Emneansvarlege Brandsæter blei nyleg professor i KI og er også involvert i prestisjetung KI-forsking ved Høgskulen i Volda (HVO). I tillegg underviser høgskulelektor Joakim Olsson på emnet til hausten, også han med solid kompetanse på feltet.
- Søk på emnet her: Innføring i kunstig intelligens (fem studiepoeng og løpande opptak)

Får tommel opp frå KI-student Heidi
Våren 2026 fullførte Heidi Grønvold (37) frå Skedsmokorset forløparen til den nye KI-vidareutdanninga.
Ho jobbar til dagleg som prosjektleiar i elektronikkjeda Power, men fatta interesse for KI-emnet fordi ho studerte historie ved HVO.
– Eg syntest studiet var veldig spennande, og innhaldet var generelt nok til at det ikkje blir utdatert i eit felt som endrar seg omtrent frå veke til veke. Samtidig var det lærerikt og anvendeleg både i jobb og privatliv for min del, fortel ho.
Grønvold synest den samlingsbaserte undervisninga, som blir vidareført i det nye emnet, fungerte godt:
– Forelesarane var kompetente, og det tekniske nivået passa godt for meg som ikkje har ingeniørbakgrunn. Eg kan absolutt anbefale studiet til andre som er nysgjerrige på KI og ønskjer ei praktisk innføring utan krav om mykje forkunnskap.
- Her kan du lese heile emneplanen for «Innføring i kunstig intelligens».

Frå ChatGPT til sjølvkøyrande bilar
I det nye studiet vil du møte mange ulike former for kunstig intelligens.
– Alt frå språkmodellar som ChatGPT, autonome system som sjølvkøyrande bilar eller robotgrasklipparar, og prediksjonsmodellar som kan predikere vêr eller anslå prisen på ein bruktbil, til bildegjenkjenning med KI-modellar som ser forskjell på hund og katt, fortel Brandsæter.
Teknologiske løysingar som tidlegare kravde spesialistar, store team og lang tid, har i dag fått langt lågare terskel. Når KI har blitt meir tilgjengeleg og brukarvennleg, er det også relevant å bruke i stadig fleire fag og yrke, understrekar professoren.
– Studentane får lære kva KI-system er gode til, kva dei ikkje kan, og kvifor dei kan gjere feil. Dei får sjå korleis resultata alltid heng saman med dataa og vala som ligg bak. Vi legg også stor vekt på kor viktig mennesket si rolle er i desse systema.
Brandsæter løftar eit viktig poeng: Det er ikkje er nok å spørje om eit KI-system fungerer. Ein må også spørje korleis det fungerer, kva føresetnader det byggjer på, og kva konsekvensar bruken kan få.
– Målet er at studentane verken skal vere naive eller avvisande, men utvikle dømmekraft: at dei lærer å vurdere kva tid KI er nyttig eller uklokt å bruke.
- Les også: «Kan KI hjelpe oss å skape den skolen vi alltid har ønsket oss?» (kronikk av Andreas Brandsæter i Utdanningsnytt)
Lærer å forstå verktøya og konsekvensane av dei
Erfaringane med KI-vidareutdanninga så langt er at behovet for denne kompetansen har vakse raskt.
– Når alle i dag kan produsere overtydande tekstar med KI, blir det vanskelegare å vite kva – og kven – vi kan stole på. Då held det ikkje å kunne bruke verktøya. Vi må også forstå korleis dei verkar, fortel HVO-professoren.
Han meiner Høgskulen i Volda er godt rigga for å forske på og undervise i KI, med tverrfaglege miljø innan språk, media, samfunn og utdanning.
– HVO samarbeider også med mange andre institusjonar, blant anna gjennom Norsk senter for påliteleg KI (TRUST), med internasjonalt sentrale fagmiljø i ryggen. Det gjer at studentane våre får det beste frå to verder: nærleik og tverrfaglegheit kombinert med tilgang til leiande forsking.
- Er du lærar og interessert i KI? Sjå også vidareutdanningstilboda «Kunstig intelligens og vurderingsprosessar» (haust) og «Introduksjon til kunstig intelligens i skulen» (vår)!





