Teikneløftet frå Volda får millionstøtte: – Uventa og stas
Korleis kan teikning hjelpe elevar med å forstå demokrati? Det blir temaet for eit nytt, nasjonalt prosjekt leia av Karen Brænne ved Institutt for design, kunst og handverk. No kan ho juble for 1,5 mill. kr i startmidlar frå Sparebankstiftelsen DNB.

Professor Karen Brænne ved Institutt for design, kunst og handverk på Høgskulen i Volda (HVO) skal leie eit nasjonalt prosjekt om teikning og demokratiforståing i skulen. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Tegneløftet er ei ny, nasjonal satsing på kunnskap om og ferdigheiter i teikning. Satsinga skal løfte teikning som kunstuttrykk og verktøy for læring.
Eit av prosjekta som no blir satsa på gjennom Tegneløftet, skal leiast frå Høgskulen i Volda (HVO). Med prosjektsøknaden «Frå strek til elevstemmer» får professor Karen Brænne frå fagmiljøet ved Institutt for design, kunst og handverk 1,5 millionar kroner i støtte.
No ser ho fram til å starte det nasjonale prosjektet i januar 2027:
– Det var både uventa og stas å få pengane. Sparebankstiftelsen DNB deler først og fremst ut midlar på Austlandet. At dette blir eit nasjonalt kunst- og handverksprosjekt der grunnskular over heile landet får ta del i utviklingsarbeidet, er særleg viktig, seier ein glad prosjektleiar.
Elevane kan stå tryggare i vanskelege tema
Prosjektet handlar om at elevar gjennom teikning skal arbeide med demokratiforståing i klassefellesskapet.
– Frå forskinga kjenner vi at lærarar unngår enkelte tema i klasserommet i frykt for at diskusjonar skal kome ut av kontroll. Lærarar erfarer at det er vanskeleg å skape trygge meiningsfellesskap i elevgruppene, og elevar strevar med å lære å respektere andre sine meiningar og samtidig ha rett til å uttrykkje eigne meiningar, fortel Brænne.
Dette leier henne vidare til omgrepet ueinigheitsfellesskap, som handlar om å gå inn i dei vanskelege dialogane om kontroversielle tema.
– I prosjektet skal vi undersøkje tenlege strategiar for å byggje trygge meiningsfellesskap. Vi har erfaring med at teikning er eit unikt verktøy her. Teikning kan flytte konflikt frå person til papir, og ein kan greie å diskutere innhaldet i ei teikning, i staden for å angripe meiningane – den fysiske teikninga står mellom eleven og den andre, forklarer Brænne.

Knyter praktisk teikning til demokratiforståing
Prosjektet skal utvikle og etablere ein «teiknepakke» – ei metodisk verktøykasse for elevar, lærarar og studentar nasjonalt.
– Teiknepakken koplar praktisk teikneøving med demokratiforståing og ueinigheitsfellesskap. Utviklinga av teiknepakken skjer i samarbeid med både tilsette frå høgare utdanning, studentar, praksislærarar og elevar, utdjupar Brænne.
Prosjektleiaren understrekar at innhaldet også får ei tett kopling til eit framtidig demokratisenter i Volda.
Samlar fagkrefter frå heile landet
Teikneløftet som Brænne skal leie, får eit ressursteam som samlar heile sju campus nasjonalt. I tillegg til HVO deltek Høgskulen på Vestlandet i Bergen og på Stord, Høgskolen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, NTNU, OsloMet og Osloskulen og dessutan kulturskulen i Ulsteinvik.
Prosjektet får også ei solid referansegruppe med representantar frå kunstfeltet, museumssektoren, utdannings- og forskingsfeltet og ikkje minst den viktigaste målgruppa: skuleelevane sjølve.
No gler Brænne seg til å byggje opp det kreative prosjektet med Institutt for design, kunst og handverk på HVO som base:
– Fagmiljøet på instituttet vårt er lite og tett, og vi har frå før erfaring med å få til utvikling i fellesskap. Planen er at vi på sikt også sjølve skal utvikle ei utstilling av eigne kunsthandverk under same tema.
- Les også: «Bortkasta tid» – ei utstilling frå tilsette ved Institutt for design, kunst og handverk (november 2025)






