Får framleis «god helg»-melding ti år seinare

Han byrja å arbeide på barnevernsinstitusjon nesten ved ei tilfeldigheit. I dag er Reidar Haug førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda og meiner at god og relevant utdanning er ein av nøklane til å gjere ein forskjell for sårbare barn og unge.

Mann sitter

Reidar Haug, førsteamanuensis HVO. Foto: Andrine Gald Myklebust

Tekst: Andrine Gald Myklebust

- Oppdatert

Del på:

Kvar fredag tikkar det inn ei melding på mobilen til Reidar Haug. «God helg» står det. Slik har det vore kvar fredag i over ti år. Meldingane kjem frå ein han vart kjend med i jobben sin i barnevernet. Den gongen var han ungdom og trong hjelp. I dag er han ein vaksen mann. For Haug er meldingane han får, ei viktig påminning om kvifor han valde å arbeide med menneske:

–  Det å få lov til å vere der i den delen av livet når mykje er vanskeleg, og forsøke å vere eit positivt bidrag, det er kjempegivande.

No arbeider Haug på institutt for sosialfag ved høgskulen. Og det var nettopp på Høgskulen i Volda at han tok bachelorgrada si. Seinare har han fullført både mastergrad og doktorgrad, i tillegg til å ha lagt bak seg over 20 års erfaring i barnevernsfeltet.

Viktigare enn nokon gong

For Haug handlar barnevern og sosialt arbeid om mykje meir enn enkeltmenneske. Det handlar om å møte nokre av dei største utfordringane i samfunnet.

– Vi lever i eit samfunn med større og større sosiale problem, større forskjellar mellom folk og utfordringar på grunn av økonomiske forskjellar.

Samstundes nemner han at vi aldri har hatt så mykje pengar som vi har i dag. Og nettopp desse kontrastane meiner han gjer samfunnet meir komplekst.

– Det er kamp om ressursane, og mykje står på spel. Derfor er rollene som barnevernet og dei sosiale tenestene har, kjempeviktige for å bidra til å hjelpe og støtte, og ikkje minst bidra til mindre sosiale forskjellar.

Meir enn berre teori

Gjennom studieløpet ved høgskulen lærer studentane fagkunnskap, men også noko Reidar meiner er minst like viktig: evna til å forstå menneske.

– Det å arbeide med kritisk refleksjon og observasjon for å forstå, trur eg er kanskje er noko av det viktigaste.

Han meiner dagens samfunn stiller stadig større krav til det å vurdere informasjon, sjå ulike perspektiv og samstundes ta gode faglege avgjersler.

– Då er teori viktig. Samstundes er det naudsynt med utvikling av ferdigheiter. Det er nettopp det utdanninga på høgskulen er sterkast på, legg han til.

Studentane ved Høgskulen i Volda møter teoretisk og forskingsbasert kunnskap på same tid som dei får praksisnære erfaringar. Haug legg vekt på at målet ikkje er at studentane skal kunne alt når dei byrjar.

– Det handlar mykje om at vi i løpet av studiet skal bidra med ein danningsprosess. Målet vårt er å bidra til at studentane i størst mogleg grad er klare for arbeidslivet etter avslutta studium.

Mann sitter å tenker
Reidar Haug. Foto: Andrine Gald Myklebust 

Ikkje éin bestemt type

Mange som vurderer å ta ei utdanning innan barnevern eller sosialt arbeid, lurer kanskje på om dei passar yrket.

Ifølgje Haug finst det ikkje berre éin bestemt type som passar.

– Når ein skal arbeide med menneske, treng ein menneske med ulike former for kompetanse. Det er ikkje éin type som passar best.

Likevel peikar Haug på visse eigenskapar ein bør ha dersom ein skal lukkast.

– Det å ville utfordre seg sjølv, i tillegg til å vere open, kritisk og reflektert. Det er eit mål, fortel Haug.

Utdanning opnar dører

Haug tok sjølv utdanninga si ved Høgskulen i Volda før han bygde vidare med master- og doktorgrad. Han er ikkje i tvil om kva utdanninga har betydd for dei moglegheitene han har fått:

– Erfaringa mi etter 20 år i barnevernsfeltet er at utdanning gjev moglegheiter. Det opnar dører. Det har det iallfall gjort for meg.

På same tid trur han at behovet for kompetanse på feltet berre vil auke i åra som kjem.

– Samfunnet treng menneske som kan kombinere kunnskap og kritisk tenking. Menneske som kan møte andre når livet er vanskeleg.

Kanskje er det nettopp ei enkel «god helg»-melding som minner Haug på kor viktig dette arbeidet er – sjølv etter mange år i yrket.

Del på: