Hans Majestet Kong Harald V (1937–2026)
Høgskulen i Volda har med sorg motteke meldinga om at Hans Majestet Kong Harald V er død.

– På vegner av Høgskulen i Volda vil eg uttrykkje vår djupaste medkjensle med kongefamilien og alle som no sørgjer etter bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Odd Helge Mjellem Tonheim.
Høgskulen i Volda flaggar på halv stong ved Kaarstad-huset. Det er tent lys og sett fram bilete av Kong Harald i kantineområdet i Berte Kanutte-huset.
Det vert ikkje undervisning ved høgskulen under gravferda 9. september. Studentar og tilsette kan følge gravferda på storskjerm i store auditorium i Berte Kanutte-huset.
All undervisning og annan aktivitet går elles som normalt framover.
Sjølv om kvardagen ved høgskulen held fram som vanleg, veit vi at hendinga kan påverke oss på ulike måtar. Vi oppmodar difor studentar og tilsette til å setje av tid til å snakke saman om det som har skjedd.
Studentar som har behov for støtte eller nokon å snakke med, kan gjerne nytte seg av samtaletilbodet ved høgskulen.



