Internasjonal dag blei ein fargerik fest
Internasjonal dag 2026 samla menneske frå heile verda til markering av jubileum, prisutdeling og feiring av mangfald.

Liv og glede farga kantina under årets internasjonale dag. Representantar frå ei rekkje land delte sine særpreg og mattradisjonar – og framheva det store mangfaldet i vesle Volda.
Internasjonal dag 2026 vart arrangert onsdag 11. februar i kantina på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda (HVO).
Til saman 13 gjestar frå HVO sine partnarinstitusjonar i utlandet deltok på stand for å lære studentar om utvekslings- og praksismoglegheiter.
Fleire viktige markeringar
Internasjonal dag gav også fleire grunnar til å feire. Opplegget for dagen inkluderte feiring av ei internasjonal utmerking, markering av eit jubileum og ikkje minst ei prisutdeling.
Prorektor Eirik Søvik opna festdagen med stor begeistring.
– Kvart år set eg stor pris på alle som kjem hit til internasjonal dag for å vise fram sine institusjonar og studieprogram. Det at dei tek vegen heilt hit, syner jo at vi har noko heilt unikt å bidra med, sa Søvik.
Denne markeringa var ekstra spesiell i år, då HVO nyleg vart kåra til årets Erasmus+-institusjon.
– Det å verte årets Erasmus+-institusjon er noko vi set ekstra stor pris på. Ved høgskulen har vi arbeidd målretta for å auke internasjonaliseringa i mange år. Då er det ekstra svært å sjå at innsatsen har gitt gode resultat, heldt Søvik fram.

Studentkonkurranse og underhaldning
Studentar og andre interesserte strøymde til kantina gjennom heile dagen, med fleire hendingar som fanga auget.
Studentkonkurransen gav til dømes studentar moglegheita til å lære om andre land, samtidig som dei kunne vinne attraktive premiar. Her fylte dei ut eit fiktivt HVO-pass med stempel frå ulike stands som deretter vart leverte inn til premietrekning. På slutten av dagen vart tre heldige vinnarar trekte.
I løpet av dagen vart det også stor begeistring for nokre danseinnslag som fekk fart på føtene til publikum. Dansarar frå Volda Studentidrettslag (VSI) kombinerte songar frå ulike land til ei fargerik blanding av fengjande musikk.


Pangaia fyller 20 år
Februar markerer 20-årsjubileet til Pangaia. Feiringa vart markert med gratis bursdagskake til alle som var til stades.
Enzo Domínguez Ramírez og Kasia Koniorczyk representerer Pangaia dette studieåret.
– Dette året var ekstra spesielt, sidan vi feirar Pangaia sitt 20-årsjubileum. Pangaia er møtestaden i hjartet av HVO: ein heim heimanfrå for både norske og internasjonale studentar, skildra Ramírez og Koniorczyk.
Pangaia er ein sentral del av det internasjonale miljøet i Volda, samtidig som det er eit unikt tilbod ein ikkje finn andre studiestadar. Internasjonal dag var ei utmerkt moglegheit til å både feire Pangaia sitt jubileum og Erasmus+-utmerkinga, som heng tett saman.
– Vi er skikkeleg glade for at Pangaia har bidrege til studentfellesskapen dei siste tjue åra, og vi håpar dette vil halde fram minst i tjue år vidare, heldt dei fram.

Pris for internasjonalisering
Endå ei viktig feiring var den årlege prisen for internasjonalisering. Denne prisen går til eit studentlag, ein studentorganisasjon eller ein studentfestival i Volda som har gjort ein spesielt god innsats for å inkludere internasjonale studentar.
Føremålet med prisen er at lag og organisasjonar skal skape ein arena der norske og internasjonale studentar kan knyte kontakt og venskap og skape breiare kontakt mellom norske og internasjonale studentar.
I år trekte Volda Studentidrettslag (VSI) det lengste strået. Grunngjevinga for tildelinga trekte fram gjennomgåande inkludering av internasjonale studentar, særleg ved at dei fjernar den språklege barrieren.
Rebecca Rist er internasjonalt ansvarleg i Studentparlamentet. Ho fekk gleda av å kunngjere vinnaren av prisen.
– Årets pris for internasjonalisering blir tildelt ein studentorganisasjon som har lagt ned ein stor innsats dei siste semestera for å bli endå meir inkluderande overfor internasjonale studentar, som no utgjer halvparten av styret, presenterte Rist.
Rist, som sjølv er tysk, fortalde vidare at nesten alle dei som hadde nominert VSI, understreka at VSI er ein av dei enklaste plassane å få nye vener på.





