Jan Inge Sørbø fekk Skjervheimprisen 2026

Skjervheimprisen blir årleg tildelt nokon som har markert seg med eit sterkt samfunnsengasjement i ånda til filosofen og samfunnsdebattanten Hans Skjervheim.

Jan Inge Sørbø.

Ein glad prisvinnar på Stalheim i Voss. Foto: Anne Arneberg / Skjervheimseminaret.

Tekst: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Del på:

Jan Inge Sørbø, professor emeritus ved Høgskulen i Volda, fekk nyleg overrekt Skjervheimprisen under Skjervheimseminaret på Stalheim i Voss.

Skjervheimseminaret har vore arrangert sidan 1996 for å markere arbeidet til filosofen og samfunnsdebattanten Hans Skjervheim (1926–1999).

Sørbø fortel at han er veldig glad for å få denne prisen:

– Skjervheim var ein veldig flink formidlar, han kunne skriva kort og veldig klårt om kompliserte filosofiske spørsmål. Og han greidde å visa at dei hadde store konsekvensar for pedagogikk, samfunnsforsking og helsevesen. Dette har vore eit ideal for meg også: å skriva enkelt og for alle om spørsmål som spring ut av kompliserte teoriar. Dessutan forsvarte Skjervheim eit vidt og ope offentleg rom, eit standpunkt som synest endå meir aktuelt i dag enn i hans tid. Viss mitt arbeid med å formidla Skjervheim har lukkast, er eg stolt over det.

Ein pris for sterkt samfunnsengasjement

Årleg samlar seminaret ei stor forsamling samfunnsengasjerte deltakarar frå heile landet for å gå i djupna på aktuelle spørsmål.

Den årvisse Skjervheimprisen blir tildelt nokon som har markert seg med eit sterkt samfunnsengasjement i ånda til Hans Skjervheim, til dømes gjennom bidrag til den offentlege debatten.

Prisen skal framheve nokon som har vist mot og uthald i viktige samfunnsspørsmål som ikkje får nok merksemd, eller som bidreg til å løfte sårt tiltrengde perspektiv.

– Sørbø har mykje skjervheimsk ved seg

Slik lyder grunngivinga for tildelinga av Skjervheimprisen 2026:

«Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist, og har vore professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Forfattarskapet hans er svært omfattande og i ulike sjangrar: romanar, diktsamlingar, fagbøker, biografiar, artiklar, samt aktuelle kommentarar i pressa.

Som forfattar og offentleg intellektuell har Sørbø sitt virke mykje skjervheimsk ved seg, utover det at han gjennom heile livet har valt å skriva på nynorsk. Som for Skjervheim har det for Sørbø vore langt viktigare å nå ut til den opplyste allmugen med det faglege innhaldet, med impulsar frå filosofi og litteratur, enn til krinsen av fagkollegar som les tidsskrifter meint for dei få og innvigde.

Sørbø har også skrive om sin eigen bakgrunn frå Rennesøy i Rogaland og om faren som var snikkar, og eit miljø av lekfolk som hadde vekt på det praktiske, erfaringsbaserte handlaget, heller enn teoretiske kunnskapar. Denne bakgrunnen gjer seg gjeldande som ei vedvarande forankring i alt Sørbø har skrive. Fråvær av akademia gjennom slekt og oppvekst er ingen mangel for han, men ein utømmeleg ressurs, uvurderleg i formidlinga av vanskeleg tilgjengelege filosofar som Adorno og Habermas.

At Sørbø har sitt anker i livsverda og i relasjonane – i tilliten sin forrang, der kjærleiken alltid er størst – gir han eit kritisk blikk på systema. I sitt arbeid har han peika på korleis systema på sitt upersonlege, formalistiske og byråkratiske vis trugar med å overstyra eller underminera dei skjøre, mellommenneskelege banda som er golvet i tilværet.

Sørbø har dessutan inngåande kjennskap til Skjervheim sitt arbeid og ringverknadane det fekk, noko som kjem til syne i Hans Skjervheim – ein intellektuell biografi, som kom ut i 2002.»

Del på: