Karrieredagen viste vegen inn i yrkeslivet

Over 800 ungdommar frå søre Sunnmøre fekk teste ut og lære om ei rekke ulike utdannings- og yrkestilbod som finst i regionen under Karrieredagen 2026.

Karrieredagen 2026

Tekst: Per Straume, Foto: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Del på:

Volda Campus SpareBank 1 Arena var staden for den tradisjonsrike Karrieredagen torsdag. Gjennom ein heil dag fekk avgangselevane ved ungdomsskulane i sju kommunar på søre Sunnmøre ein smakebit på kva som ventar dei i framtida.

– Dette er ein viktig del av karriererettleiinga tiandeklassingane får gjennom fylkeskommunen, fortel Torill Engeset, rådgivar ved Høgskulen i Volda og koordinator for Karrieredagane på søre Sunnmøre.

Viste fram stor breidde

Den store idrettshallen var gjort om til eit stort messeområde, der dei 15 ulike utdanningsprogramma i vidaregåande skule hadde sine stands. Dei var fylt med innhald frå dei vidaregåande skulane, opplæringskontor og bedrifter og arbeidsplassar i regionen.

Dei 15 utdanningsprogramma som viste seg fram var dei fem studieførebuande utdanningsprogramma; idrettsfag, kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon, musikk, dans og drama og studiespesialisering, og dei ti yrkesfaglege utdanningsprogramma; bygg- og anleggsteknisk, elektro og datateknologi, frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, handverk, design og produktutvikling, helse- og oppvekstfag, informasjonsteknologi og medieproduksjon, naturbruk, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag.

I tillegg til desse var høgare utdanning i Møre og Romsdal representert ved Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og Fagskolen i Møre og Romsdal avdeling Ålesund.

Kva kan eg bli?

Koordinator Engeset er glad for alt dei får vist dei gjestande ungdommane gjennom dagen.

– Dei skal få kunnskap og informasjon om alt det som er tilgjengeleg av vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Og også få eit viktig innblikk i kva dei kan velje i av høgare utdanning i fylket, seier Engeset.

Ho fortel at dei i planlegginga og gjennomføringa av dagen har eit spesielt fokus på yrkesrelevans.

– Det er viktig at ungdommane skjønnar kva dei kan jobbe med når dei er ferdige med dei ulike utdanningane. Difor let vi dei gå fritt rundt om bruke den tida dei treng for å utforske, teste og høyre om dei ulike moglegheitene, poengterer Engeset.

Mykje kjekt å teste ut

Hallen var fylt av spennande aktivitetar å teste ut for ungdommane. I den eine enden kunne dei klatre til topps i ein stolpe og prøve ut korleis det er å vere energimontør, medan dei i den andre enden fekk smake og sjå korleis god mat blir laga av kokkeelevar.

Det var også mogleg å bli med inn i ein ambulanse og prøve ut utstyr som er der, style hår, skifte dekk, filme og styre kamera, slå ned spiker best og kjappast mogleg, måle blodtrykk og sette på plass mange ulike organ i ei menneskeleg dukke, teste flytedrakt og korleis det er å ha sjøen som arbeidsplass og høyre på konsert av musikkelevar – for å nemne noko av alt det som skjedde i hallen.

Gjennom ein innhaldsrik dag trengde elevane påfyll av energi, då fekk dei spandert lunsj av Høgskulen i Volda (HVO) i kantina ved HVO.

– Elevane har vist stor engasjement og vore nyfikne, det er kjekt å sjå. For Høgskulen i Volda er det svært viktig å vere med på å legge til rette for at ungdommane i regionen får god informasjon om framtidige utdannings- og yrkesmoglegheiter. Som den største utdanningsinstitusjonen i fylket er det naturleg å bidra til det, seier Engeset.

Del på: