Kursar kommunar i kommunikasjon

Kommuneleiinga i Fjord, Vanylven, Sande, Stranda og Gjemnes blir kursa i kommunikasjon. Målet er at dei skal bli betre på strategiske bodskap, og det er Høgskulen i Volda som står for kursopplegget.

mann framfor forsamling

Systematisk kommunikasjonsarbeid er viktig for alle kommunar, meiner dekan ved Avdeling for mediefag, Ivar John Erdal. 
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena S. Sandvik

Tekst: Opphavleg publisert av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

- Oppdatert

Del på:

– Mange av kommunane våre står midt i tøff omstilling. Alle i kommunen, frå leiing til politikarar og innbyggjarar, må ha same situasjonsforståing så dei ser kvifor ulike tiltak er nødvendige. Kommunikasjon er ein nøkkel for å lykkast, seier assisterande statsforvaltar i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste.

Skal gi verktøy

I lag med Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer Statsforvaltaren kurset for dei fem kommunane i satsinga «Tett på».

– Alle kommunane som deltek er små, og har få ressursar å spele på. Med dette kurset får dei eit verktøy som dei har god nytte av både i omstilling, planprosessar og dagleg drift, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

forelesning
Kommunane blir kursa av Høgskulen i Volda, her ved høgskulelektor Jens Standal Groven ved Institutt for kommunikasjon. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena S. Sandvik.

Teori og praksis

Kurset består av to samlingar over to dagar på Høgskulen i Volda, første samling er 2. og 3. mars. Deltakarane skal få jobbe praktisk med å produsere medieinnhald i ulike kanalar.

– Vi ønsker at dei skal sitte igjen med auka kunnskap om korleis dei kan kommunisere med ulike målgrupper, seier dekan Ivar John Erdal ved Høgskulen i Volda.

Han meiner at systematisk kommunikasjonsarbeid er viktig for alle kommunar.

– Ved å auka den teoretiske og praktiske kompetansen vert det lettare å utforske og lære meir på eiga hand, og kommunane kan også dele erfaringar undervegs, seier Erdal.

Får vidare oppfølging

Kurset er ei vidareføring av eit kurs som vart laga for kommunane Skjåk, Ulstein og Volda, med støtte frå statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Innlandet.

– Det unike for kommunane i «Tett-på» er at dei også får oppfølging i etterkant av kursdagane i vår. Lærarar frå Høgskulen i Volda vil, i lag med «Tett-på», besøke kvar enkelt kommune og gi tilbakemelding og rettleiing over ein periode på eit år, seier direktør for Distriktssenteret Marit L. Mellingen.

Del på: