Ved læringsverkstaden utviklar vi digitale ferdigheiter saman!

Ved Læringsverkstaden får studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda hjelp til å utvikle digitale ferdigheiter og kunnskapar. Det er ein plass der du og eg kan møtast, utforske nye ting og verte litt klokare saman.

Student på jobb i Læringsverkstaden

Når du kjem innom dørene til Læringsverkstaden, finn du mellom anna 3D-printarar, VR-briller, kamera, digitale spel, programmeringsutstyr og designutstyr. Foto: HVO / Ana Ester De Miguel Ceballos

Tekst: Ragnhild Marie Holstad, student og tilsett ved Læringsverkstaden

Del på:

Hei! Eg heiter Ragnhild, er 25 år og har studert grunnskulelærarutdanning 1–7 her i Volda. Ved sida av studia har eg arbeidd på det som heiter Læringsverkstaden, eit fantastisk tilbod du har tilgang til her i studiebygda Volda.

Kva er Læringsverkstaden?

På Læringsverkstaden kan studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) få hjelp til å utvikle digitale ferdigheiter og kunnskapar.

På same måte som du kan få hjelp hos mellom anna IT-avdelinga, Studentservice og biblioteket, kan du kome hit for å få støtte til noko som er relevant for studiet ditt.

Når du kjem innom dørene til Læringsverkstaden, finn du mellom anna 3D-printarar, VR-briller, kamera, digitale spel, programmeringsutstyr og designutstyr.

Alt dette, og litt meir, finn du i hjartet av Berte Kanutte-huset, i BK155.

Studentar som hjelper studentar

Når du kjem innom Læringsverkstaden, er du aldri åleine. Her kjem mi rolle, og rolla til kollegaene mine, inn.

På Læringsverkstaden er det tilsett studentar frå ulike studium ved Høgskulen i Volda. Jobben vår er å vise deg korleis du kan ta i bruk ulikt digitalt utstyr, og å prate saman om korleis det kan vere relevant for ditt studie.

Studentar sit rundt eit bord og snakkar
På Læringsverkastaden ved Høgskulen i Volda er alle studentar og tilsette hjarteleg velkomne innom! Foto: HVO / Marius Beck Dahle

Når vi møtest på denne måten, vert vi betre kjende både med kvarandre og med våre eigne digitale ferdigheiter. Gjennom slik samhandling byggjer vi kvarandre opp, og vi skapar eit miljø der det er lov å prøve, spørje og lære.

Meir enn teknologi og digitale verktøy

Læringsverkstaden handlar ikkje berre om teknologi og digitale verktøy. Det er også ein sosial møteplass i studiebygda.

Gjennom samarbeid med mellom anna Studentparlamentet og Pangaia har vi hatt sosiale arrangement som Just Dance-turneringar, Mario Kart-løp, eksamensboost og rebusar. Desse aktivitetane – og meir, kjem vi til å arrangere framover òg!

Kvifor treng vi ein slik stad?

Svaret ligg i målet med Læringsverkstaden. Du skal ha ein stad på Høgskulen i Volda der du kan utvide den sosiale krinsen din, lære saman med andre og utvikle dei digitale læringsevnene dine.

Eg meiner dette tilbodet er ein styrke for oss studentar, som ein dag skal ut i våre komande yrke. Då skal vi, både sjølvstendig og saman med gode kollegaer, bruke problemløysingsferdigheitene våre i ein arbeidskvardag som stadig vert rikare på digitale moglegheiter.

Studentar i samarbeid
Læringsverkstaden ein super plass for både deg og meg til å øve oss, utforske og lære saman. Foto: HVO / Marius Beck Dahle

For meg er Læringsverkstaden ein stad der du kan møte andre menneske, chille, prate og hygge deg. Det er ein arena der du kan vere den du er, også utanfor sjølve undervisninga ved høgskulen

Ragnhild Marie Holstad

Frå «steinaldermenneske» til digital nysgjerrigheit

Eg har sjølv teke i bruk mykje av det Læringsverkstaden har å tilby. Tidlegare kunne eg meir eller mindre, på ein humoristisk måte, definere meg sjølv som eit «steinaldermenneske» når det omhandla bruk av digitalt utstyr.

Etter at eg vart kjend med Læringsverkstaden, opna det seg rett og slett ei ny verd for meg. Plutseleg lærte eg litt om lyd, programmering og mediekultur, og etter kvart også om animasjon, 3D-printing og bruk av VR-briller.

I dag sit eg med mange nyttige digitale ferdigheiter og kunnskapar, som framleis er i utvikling. Det skjer fordi eg jamleg får teste ut ulikt utstyr, både åleine, med kollegaer og saman med dykk som kjem innom med nysgjerrigheit og openheit.

Dette er noko eg er utruleg takksam for.

Starten på det digitale eventyret

Til slutt vil eg nemne grunnen til at eg var så heldig å verte tilsett på Læringsverkstaden.

Då eg gjekk andre året på grunnskulelærarutdanninga 1–7, kom eg inn på eit valfag som heitte «Digital kompetanse og medieproduksjon». Dette valfaget gav meg ein verdifull start på det digitale eventyret som eg no er ein del av.

Flinke lærarar og god samhandling mellom studiet og Læringsverkstaden gav meg det eg trong for å verte meir sjølvdreven i mi digitale læringskompetanse. Det gav meg også sjølvtillit nok til å søkje jobb ved Læringsverkstaden.

Student på Læringsverkstaden
Jobben min på Læringsverkstaden er noko eg alltid vil sjå tilbake på som ei gyllen tid! Foto: HVO / Ana Ester De Miguel Ceballos

Håpar vi sjåast

Eg håpar at vi ein dag sjåast på Læringsverkstaden i Volda. Her er du hjarteleg velkomen!

Fakta om Læringsverkstaden

  • Læringsverkstaden er ein møteplass ved Høgskulen i Volda der studentar og tilsette kan utvikle digitale ferdigheiter og kunnskapar.
  • Her kan du få hjelp til å ta i bruk digitalt utstyr som 3D-printarar, VR-briller, kamera, digitale spel, programmeringsutstyr og designutstyr.
  • Læringsverkstaden ligg i Berte Kanutte-huset, rom BK155.
  • Studenttilsette frå ulike studium hjelper deg med å utforske utstyr og finne ut korleis det kan vere relevant for studiet ditt.
  • Læringsverkstaden er også ein sosial arena med aktivitetar og samarbeid, mellom anna med Studentparlamentet og Pangaia.

Velkommen til Volda

Studiebygda Volda er kjend for medieutdanning, innovative lærarutdanningar, mykje praksis og eit særskilt godt studentmiljø. Vil du ha ei unik studietid og solid utdanning? Vener for livet, nettverk og topp fagmiljø? Då bør Volda vere den perfekte studiestaden for deg!

Les meir om studiebygda Volda!

Del på: