Nye studentrepresentanter til Høgskulestyret er klare

Mathea Eckhoff Dagestad og Sindre Skarstein Fossmo er valde som studentrepresentantar i Høgskulestyret for 2025/2026. Personleg vara for desse er høvesvis Amélie Denizou Lund og Landon Mitchell.

To portrettfoto satt sammen av mann og kvinne.

T.v. Sindre Fossmo og Mathea Dragestad.

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Del på:

Dette vart klart etter at valet vart avslutta 6. oktober. Desse skal no inn i Høgskulestyret, som er det øvste organet ved Høgskulen i Volda.

Mathea Dagestad studerer sosialt arbeid, og sa følgjande før valet om kvifor studentane burde stemme på henne:

– Eg vil leggje ned innsatsen som krevst for at Høgskulen i Volda held fram det gode arbeidet, og at studentmiljøet blir best mogleg. Eg vil vere engasjert i arbeidet med styresakene, slik at studentane si røyst skal spele inn i avgjerdene som blir tatt ved HVO.

– Eg er veldig glad i Høgskulen vår, og har eitt års erfaring med å sitje i Høgskulestyret. Det synes eg har vore fantastisk kjekt. Eg er kjent med korleis styret jobbar, og korleis eg kan vere ein stemme for studentane inn i diskusjonane. Eg er ein person som elskar å møte andre menneske, utveksle idear og samtale.

Sindre Fossmo studerer journalistikk. Han sa følgjande om kvifor studentene burde stemme på han:

– Mitt mål er å sørge for at studentenes stemme blir tydelig hørt i styret, og at våre behov og interesser blir tatt på alvor i beslutninger som angår oss. Jeg er opptatt av at Høgskulen i Volda skal være et attraktivt studiested som både trekker til seg dyktige forelesere og gir oss en utdanning arbeidslivet verdsetter høyt når vi er ferdige.

– Jeg satt i styret mitt første år her i Volda (2023–2024), og vet hva rollen krever. Jeg har innsikt i hvordan vi studenter best kan nå gjennom og påvirke på høyeste nivå. Som studentrepresentant vil jeg ta ansvaret på alvor og jobbe for det som vil gjøre Høgskulen i Volda til det beste studiestedet i landet.

Del på: