Statsministeren: – Har sett fram til å kome til Høgskulen i Volda
Statsminister Jonas Gahr Støre sette stor pris på å få møte Volda-studentane, prate med dei og bli utfordra med spørsmål frå dei.

Stemninga var god og seriøs på same tid då statsminister Jonas Gahr Støre snakka med og vart stilt spørsmål av student Tale Rørvik Lejon, leiar for Studentparlamentet i Volda. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Kantina ved Høgskulen i Volda var fylt til randa – hovudsakleg av studentar – då statsministeren gjorde sin entre torsdag ettermiddag. Etter at rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ønskte velkomen, delte Støre scenen med student Tale Rørvik Lejon, leiar for Studentparlamentet i Volda.
– Takk for at eg fekk kome, dette har eg sett fram til. Og spesielt det å møte dykk studentar, sa Støre til applaus frå forsamlinga.
For dette skulle vere studentane sin dag – etter ønske frå statsministeren sjølv. Han ville høyre korleis studentane i Volda har det og lytte til dei.

Roste journalistikken
Til å begynne med snakka Lejon og Støre om dagsaktuelle tema som konfliktar i verda og velferdssamfunnet. Samtalen gjekk så over i studentpolitikk. Den siste halvdelen av tida på scena vart nytta til at studentane i salen fekk stille Støre spørsmål.
Støre starta med å gi studentane eit interessant, lite innblikk i korleis det er å vere statsminister.
Lejon fortalde statsministeren at det er eit demokratisenter på trappene i Volda, og følgde opp med å spørje om korleis vi skal ha tillit til politikarar i desse dagar med blant anna Epstein-avsløringane.
– Undersøkingar viser at vi politikarar i Noreg har høg tillit hos folket. Men de skal vere kritiske til makta. Og ein av dei viktige kontrollfunksjonane for å sørge for det er journalistikken, sa Støre til ein sal der det satt ei rekke journalistikkstudentar på dei fremste radene med kamera og lydopptakarar – klare til å sjølv stille han spørsmål.

Støre blei tatt på senga
Dei siste åra har vist at studentar i Noreg jobbar meir ved sidan av studia i lønna jobbar, og brukar mindre tid på å studere. For mange rett og slett for å få økonomien til å gå opp, ifølge Lejon.
Ho lurte på kva statsministeren og hans regjering vil gjere for å betre økonomien til studentane.
– Dette er samansett. Men vi vil endre opptaksreglane til høgare utdanning slik at ein til dømes ikkje går i fleire år for å forbetre karakterar for å kome inn på ulike studium. Vi har løfta studentøkonomien dei siste åra ved å gi høgare studielån. Det kan vere bra at studentar har jobb ved sidan av, men ikkje når det dominerer tida deira, sa Støre, som poengterte at dei har hatt 1 G (grunnbeløpet i folketrygda) som mål for studiestøtta i sitt partiprogram.
Norsk studentunion meiner at støtta bør ligge på 1,5 G. Lejon kunne opplyse om at den i dag er på 1,28 G.
– Er det ikkje da på tide å oppjustere målet om 1 G? spurte Lejon statsministeren med eit smil.
– Eg tek med meg signalet ditt, smila Støre tilbake.
– Ta vare på kvarandre
Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT) viste ved førre spørjerunde at det er ein del einsemd blant studentane i Noreg. Frivilligheita har samstundes gått ned.
Kva kan gjerast for å snu desse trendane, fekk Støre spørsmål om.
– De studentar har hovudansvaret. Sjå dei som rundt dykk, og ver med å skap eit godt fellesskap. Vi har ein politikk som støttar opp om frivilligheit økonomisk, ved å gi momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar. Så er det viktig at det er lav terskel for å delta i dei ulike tilboda her i Volda. Dette er ein jobb vi må gjere saman, der vi alle har ei rolle, svara statsministeren.
Han vart også utfordra på kva regjeringa hans tenkjer om at søkartala til lærarutdanningane, både i skule og barnehage, har gått jamt nedover gjennom fleire år.
– Det er fleire ting. Vi må få ut god informasjon om yrket, vise det godt fram til dei som er i den fasen at dei skal søke høgare utdanning. Så er sjølvsagt lønn og sosiale vilkår viktig, det må partane i arbeidslivet sørge for. Så er det også slik at vi må gjere det attraktivt å bli i yrket, vi må gjerne få tilbake de med lærarutdanning som har hoppet av yrket. Det er eit samansett bilde, men vi skal jobbe hardt for å snu trenden, sa Støre.

Etter seansen på scena i kantina på Høgskulen i Volda tok Støre seg god tid til å svare på spørsmål frå journalistikkstudentar, som akkurat no har praksisperiode og lagar eigne tv- og radiosendingar og nettavis – sjekk ut Nærnett her!





