Styrkjer globale samarbeid

Høgskulen i Volda (HVO) fekk besøk frå partnarinstitusjonar i Ghana, Polen, Tyskland, India og Latvia til International Partner Days 2026. Arrangementet gav høve til å styrkje globale partnarskap, utveksle erfaringar og utforske nye moglegheiter for samarbeid.

Tekst: Arne Humberset

- Oppdatert

Del på:

Gjennom det fire dagar lange programmet på International Partner Days 2026, møtte deltakarane tilsette frå ulike avdelingar, fekk vite meir om studietilboda ved HVO og fekk innblikk i det internasjonale arbeidet ved høgskulen. Gjennom omvisingar på campus, presentasjonar og samtalar med vitskapleg og administrativt tilsette fekk gjestene bli kjende med både det faglege og sosiale miljøet ved HVO.

Gjestane uttrykte stor begeistring for dei flotte fasilitetetane ved HVO, den inkluderande atmosfæren og det sterke fokuset på internasjonalisering. Partnardagane omfatta mellom anna besøk i Læringsverkstaden og Pangaia, den internasjonale møteplassen for studentar.

Mange av deltakarane representerte medieutdanningar ved sine heiminstitusjonar, og ei grundig omvising i det nye mediehuset ved HVO vart difor eit av høgdepunkta. Gjestene fekk sjå både radio- og TV-studioa og fekk eit godt inntrykk av korleis det er å studere media i Volda.

I tillegg til aktivitetane på campus fekk dei internasjonale gjestene oppleve den særprega naturen i regionen. Omgitt av majestetiske fjell, fjordar og spektakulære landskap gav Volda dei ei minneverdig innføring i Vestlandet. Mange trekte fram dei storslåtte omgjevnadene som noko av det mest imponerande ved opphaldet, og fleire uttrykte eit ønske om å kome tilbake ved eit seinare høve.

Del på: