Var Hans Strøm uteskulens far?

I år er det 300 år sidan forskaren Hans Strøm var fødd. Dosent Marit Brekke fortel korleis Strøm kan engasjere dagens skulebarn.

Marit Brekke, dosent ved Høgskulen i Volda, underviser om Hans Strøm ved Velle skule i Ørsta.

Marit Brekke, dosent ved Høgskulen i Volda, underviser om Hans Strøm ved Velle skule i Ørsta.

Tekst: Marit Brekke, dosent ved Høgskulen i Volda, Foto: privat

- Oppdatert

Del på:

Er dagens 10- og 11-åringar interesserte i naturvitskapsmannen og topografen Hans Strøm (1726–1797)?

Lærarane Bodil Vinjevoll og Kato Stenehjem Kvåle ved Velle skule i Ørsta og dosent Marit Brekke ved Høgskulen i Volda (HVO) har hatt eit samarbeid som tek utgangspunkt i at elevar skal få lære meir om naturforskaren Hans Strøm.

To år på rad har den same klassen fått besøk, og kontaktlærarane Vinjevoll og Kvåle er opptekne av at elevane kan lære mykje av å vere ute i naturen. Dei fortel at dei tek med elevane ut ein undervisingsdag annakvar veke og brukar omgjevnadene rundt skulen som ein ressurs i undervisinga.

Éi veke kan dei ta med elevane for å utforske livet i fjøra, ei anna veke kan handle om seterbruk og kulturhistorie.

Kunnskap frå heimstaden og naturen

Denne forma for uteskulepedagogikk er heilt i tråd med kunnskapssynet til Hans Strøm, som vi i 2026 markerer 300-årsjubileum for.

Strøm brukte store delar av forskingsgjerninga si til å lære om naturen, i tillegg til at han hadde god kunnskap om lokalmiljø, lokalhistorie og kulturhistorie.

Det å lære meir om sin eigen heimstad og få innsikt i ulike fagområde samstundes er noko Hans Strøm praktiserte som forskar. Og det er det same desse elevane gjer når dei er ute i naturen og får kunnskap om botanikk og lagar seg herbarium, lærer om livet i fjøra, dreg på seterturar for å lære om seterlivet og mykje anna.

Engasjerande livshistorie

I juni 2025 besøkte HVO-dosent Brekke klassen på Velle skule og hadde ein times foredrag til elevane om Hans Strøm.

Elevane hadde på førehand laga herbarium og samla og teikna plantar frå Skorgeura i Ørsta.

Hans Strøm. Koparstikk.
Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.

Brekke fortalde om kven Strøm var, og at han tidleg reiste heimanfrå for å utdanne seg, først til Bergen, seinare til København. Han hadde ein tvillingbror som han reiste til Danmark med, og då kunne klassen fortelje at det også var eit tvillingpar i klassen!

Elevane hadde sjølvsagt vore i konfirmasjon og visste kva det gjekk ut på, og då kunne Brekke fortelje at konfirmasjon og obligatorisk skule i Noreg kom då Hans Strøm var om lag på same alder som dei var no, då han var ti år gammal.

Det var annleis å konfirmere seg då enn no. Elevane skulle lese i ei tjukk bok som heitte Sandhed til Gudfrygtighed, og ei lita katekisme, og dei skulle kunne det som sto der, sjølv om bøkene var skrivne på dansk.

Det var ikkje så mykje anna å lese i enn religiøse bøker på fritida heller, for det fanst verken aviser eller bibliotek på denne tida på bygdene i Noreg. Men sidan Hans kom frå ein embetsfamilie, fekk han meir utdanning enn folk flest og vart prest. Elevane kjende også fleire prestar, og dei hadde mange spørsmål undervegs.

Elevane fekk også vite at Hans Strøm var ein av dei første som fekk seg mikroskop i Noreg, og at han skreiv etter bøker frå utlandet for å halde seg oppdatert på forsking.

Dei synest sjølvsagt at det var imponerande at han vart så flink botanikar, sidan han eigentleg var utdanna prest. Elevane kunne fortelje at dei både teikna og laga ulike plansjar med blomar, og at dei også dreiv og studerte i naturen.

– Det er viktig å ta seg tid og sjå på det som ein knapt kan sjå, for det er mykje ein ikkje legg merke til med ein gong, sa elevane.

Elevar på setertur.
Elevane var på ein setertur som starta frå byggefeltet på Mo og gjekk via Brekkeheida og til Brekkesetra. Godt med mat og drikke etterpå!

Fekk kunnskap om setra på nært hald

I år vart same klassen besøkt på nytt, og denne gongen var det med eit meir avgrensa tema, nemleg tradisjonar knytte til seterbruk.

Dette var eit tema som Hans Strøm skreiv om i den mest kjende boka si, topografien Søndmørs Beskrivelse (1762–66). Han viste blant anna korleis setrar på indre delar av Sunnmøre skilde seg frå stølsbruk i ytre delar av Sunnmøre.

I vår tid vert desse to omgrepa brukte meir om einannan, men setrane var ofte brukte som overnattingsstadar, medan stølen vart brukt som ein stad der ein skulle mjølke kyr og dra heim på garden utan å overnatte.

Det fanst verken straum eller innlagt vatn på den tida på setrane, men kyrne var dåtidas varmepumpe. Det kom av at kyrne ofte budde under selet, slik at varmen frå dei sveiv opp i etasjen over, der folket budde.

– Som ein zipline for mjølk

Elevane hadde allereie kjennskap til setrar. Dei hadde vore på Mosetra med klassen, og dei fekk også vere med på Brekkesetra og sjå korleis eit sel såg ut innvendig. Dei var interesserte og studerte alle tinga som var der.

– Mjølkestreng kunne forklarast som ein zipline for mjølka, fortalde elevane.

Dei hugsa frå undervisninga at mjølkestrengar var ein effektiv måte å få mjølka heim til garden på, og at dette var typisk for vestlandssetrane, sidan dei ofte låg 200–400 meter over gardstunet.

Dei fekk vite at på Brekke vart det festa bjørkeris på strengen nede ved garden slik at mjølkespanna gradvis fekk mindre fart. Det var både maur og blomar å studere rundt det gamle fellesselet på Brekkesetra, og på støls-enga leika elevane seg lenge.

Utforsking av felles-selet på Brekke.
Utforsking av felles-selet på Brekke.

Rik læring rett utanfor skuleveggen

Konklusjonen må vere at Hans Strøm og 10-åringar i dag har felles glede av å lære gjennom å vere i naturen, og at dei fleste fagfelt kan dekkast gjennom utedagar og når ein tek seg tid til å studere sitt eige nærmiljø.

Elevane var entusiastiske over å ha faste dagar med uteundervisning. Ein gut sa at det var så mykje lettare å lære når ein gjorde det utanfor klasserommet, og at det vart meir interessant og variert med uteundervisning. Det kan vere ei oppfordring og ei fin påminning om at mange og rike læringsressursar finst rett utanfor skuleveggen.

Elevane avslutta turen med å skrive ei flott helsing i hytteboka på Brekkesetra.

Full aktivitet med leikar på setra.
Full aktivitet med leikar på setra.

Del på: