Velkomen til Internasjonal dag
Gratis internasjonal mat, standområde med ei rekke land representert, underhaldning, studentkonkurranse og prisutdeling er stikkord når Høgskulen i Volda onsdag 11. februar inviterer til Internasjonal dag.

Høgskulen i Volda er kjend for stor internasjonal aktivitet og er ein av høgskulane i Noreg som sender flest studentar på utveksling. Internasjonal dag er eit arrangement for å feire og synleggjere internasjonal aktivitet ved høgskulen, samt inspirere nye studentar til å dra på utveksling.
Internasjonal dag inneheld ei fargerik utvekslingsmesse med smakebitar frå ulike land og kulturar. Det blir eit variert program med underhaldning frå studentar, eksotisk mat og ein studentkonkurranse med flotte premiar. Til arrangementet kjem det også om lag 15 gjestar frå HVO sine partnaruniversitet i utlandet, nokre har reist heilt frå USA og Ghana.
Pangaia 20 år
Den internasjonale møtestaden Pangaia feirar i år 20-årsjubileum. Du finn lokala deira midt i hjartet av Berte Kanutte-huset, i første etasje ved kantina. Pangaia er eit unikt konsept som ein berre finn ved Høgskulen i Volda.
Mange universitet i Noreg og i utlandet har blitt inspirert, men konseptet har vist seg vanskeleg å kopiere. I tillegg til å vere ein fysisk møtestad mitt på høgskuleområdet, er Pangaia ein organisator av aktivitetar for integrering og studentvelferd.
Sidan starten i 2006 har Pangaia vore eit tilbod for meir enn 2000 innreisande utvekslingsstudentar som har vore i Volda i eit eller to semester. Mange av desse har kome tilbake seinare for å studere vidare eller for å gjenoppleve Volda, slik ei gruppe studentar gjorde med stor suksess hausten 2025, ti år etter at dei studerte her. På starten av 2000-talet kom det 10-20 innreisande utvekslingsstudentar per semester, medan dei siste par åra har snittet vore på nærmare 100.
HVO best i landet i 2025
Pangaia er ein av hovudgrunnane til at Høgskulen i Volda har eit så godt rykte for studentutveksling og for at høgskulen fekk prisen som Årets Erasmus+ institusjon 2025. Ordet Pangaia (eller Pangea) viser til «superkontinentet» som eksisterte før dei tektoniske platene flytta seg frå kvarandre og skapte dei ulike verdsdelane.
Målsettinga er altså å føre verda saman igjen – i eit lite lokale, på ein liten høgskule, i ein liten tettstad – i eit lite land.
Program for Internasjonal dag – onsdag 12. februar (Berte Kanutte-huset)
11.30: Opning av standområdet, underhaldning og studentkonkurranse
12.55: Annonsering av studentorganisasjonen som vinn Pris for internasjonalisering 2025
13.00: Gratis internasjonal lunsj og underhaldningsinnslag frå studentar
14.00: Pangaia 20 år – feiring med kake og trekning av studentkonkurransen





