VoldaKom: Ei næring i vekst – og under press
Fiskeoppdrett skaper arbeidsplassar og framtidstru, men møter også kritikk og spørsmål om miljøansvar. På VoldaKom-seminaret under Forskingsdagane 2026 samla Høgskulen i Volda studentar og kommunikasjonsmiljøet for å utforske kontrastane og korleis næringa møter dei.

Det blei paneldebatt med både oppdrettsnæring, kritiske røyster og kommentariat. Her fekk studentane og publikum kome tett på dei ulike perspektiva. Foto: Høgskulen i Volda / Håkon Bjåstad Hustadnes.
Korleis byggjer ein tillit når ei næring betyr mykje for lokalsamfunnet, men samtidig møter motstand? Det var eit gjennomgåande spørsmål under VoldaKom 16. september, der kommunikasjon og oppdrett under press var temaet.
Dette var også første arrangement på programmet under Forskingsdagane, der årets tema er tillit.
- Sjå heile programmet for Forskingsdagane 2026 her (fram til 27. september)!
Arrangementet var ein fagleg møteplass for PR-studentane og ope for alle interesserte. Kommunikasjonsforeininga sitt studentlag i Volda og lokallag i Møre og Romsdal var arrangørar, med Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda som vert.

Studentane (f.v. i bildet) Fredrik Krogstad Gulseth, Aslak Moltudal Eidset og Martin Andreassen var programleiarar. Dei følgde deltakarane gjennom ein dag der arbeidsplassar, lønsam drift og miljøansvar vart belyste frå ulike ståstader.
Charlotte Hidle, stipendiat ved Universitetet i Oslo, gav eit bakteppe for diskusjonane. Ho har forska på korleis omgrepet «kysten» blir brukt i politikken, og korleis det kan skape tillit, truverd og sterke kjensler hos ulike grupper. Gjennom studiar av lokalsamfunn langs kysten har ho undersøkt korleis oppdrettsdebatten heng saman med lokal identitet og tilhøyrsle.
Når næringa betyr mykje for arbeidsplassar og framtidstru i heimbygda, kan det vere krevjande å ytre kritikk. Ønsket om å ta vare på lokalsamfunnet kan vere felles, sjølv om meiningane om korleis ein gjer det, er ulike.
Stor vekst, men svekt tillit?
Er oppdrettsnæringa upopulær blant folk? Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar i Bauta Fishfarms, tok opp spørsmålet og belyste fleire sider av saka.
Han viste til den sterke veksten dei siste 20 åra og kva næringa har skapt av arbeidsplassar og verdiar i lokalsamfunna. Samstundes peika han på kritikk, svekt tillit og utfordringar med omdømet. Spørsmålet fekk ikkje noko eintydig svar, men synleggjorde at økonomisk vekst og eit godt omdøme ikkje nødvendigvis følgjer kvarandre.
Langset viste også korleis utfordringar kan gi grunnlag for framtidsretta innovasjon. Selskapet sitt konsept for lukka oppdrett, VARIG, vart presentert som ei løysing utvikla for betre drift, mindre miljøpåverknad og moglegheiter for vidare vekst.
Avstanden mellom korleis næringa blir oppfatta, og korleis ho opplever seg sjølv, gjekk igjen hos fleire. Jannicke Farstad, kommunikasjonssjef i Hofseth International AS og tidlegare NRK-journalist, fortalde at ho vart sjokkert over kontrasten mellom framstillinga av oppdrett i journalistikken og kvardagen ho sjølv møtte på jobb i Hofseth.
Ho understreka at næringa rommar langt fleire enn milliardærane som ofte får merksemda. Bak selskapsnamna står store grupper tilsette som held drifta i gang. Farstad løfta fram betydninga av god internkommunikasjon, slik at viktig informasjon når fram og bidreg til tryggleik i arbeidskvardagen.
Mediehandtering er også ein stor del av jobben til Falk D. Øveraas, samfunns- og myndigheitskontakt i torskeoppdrettsselskapet Ode. Han skildra ein kvardag med mykje merksemd og kritikk, og meinte at Ode får flest medieoppslag, både positive og negative, sett i høve til mengda fisk selskapet produserer.
Øveraas la vekt på å vere tilgjengeleg når media tek kontakt, svare på kritikken og arbeide med utfordringane som blir tekne opp. Han framheva også verdien av å la tilsette med praktisk erfaring og lokal tilknyting fortelje om arbeidet sitt.
Tillit krev dessutan at nye idear får støtte og ambisjonar blir følgde opp. Øyvind Michael Olsen, rådgivar og grunnleggjar i Doxacom i Ålesund, brukte arbeidet med Salmon Evolution til å vise kor krevjande det kan vere å få gjennomslag for landbasert oppdrett i ei næring der tradisjonelle driftsformer dominerer. Nye løysingar må skape tillit hos både investorar, styresmakter og lokalsamfunn. Når prosjektet går frå idé til drift, må lovnadene følgjast opp med dokumentasjon og resultat.

Kven talar på vegner av fjorden?
Naturvernforbundet løfta fram omsyn som kan kome i skuggen av vekst og verdiskaping. Torgeir Parr Dimmen, styreleiar i Ørsta og Volda, understreka at organisasjonen ikkje er imot oppdrett i seg sjølv, men stiller krav til miljøansvar.
Gjennom lokale saker belyste han presset på fjordane og behovet for å tilpasse aktiviteten til det naturen toler. Innlegget viste korleis ønsket om arbeidsplassar og utvikling kan kome i konflikt med miljøomsyn.
Fylkessekretær Øystein Folden belyste mindre synlege sider ved fiskeoppdrett og miljøutfordringar som ikkje alltid får plass i offentlegheita. Han stilte spørsmål ved kven som eig forteljinga om havet, og kven som talar på vegner av naturen og fisken.
Ulike perspektiv, ein felles møteplass
Perspektiva møttest også i paneldebatten, leia av Leif Welhaven, tidlegare journalist, redaksjonell leiar og kommentator, og no lagsansvarleg i Kommunikasjonsforeininga. Mediedekning, miljøkrav og vilkår for vekst skapte diskusjon. Behovet for meir ressursar til forvaltninga var noko fleire kunne samlast om.
For studentane gav VoldaKom høve til å møte både faglege motsetnader og framtidige kollegaer. Både Olsen og Øveraas har sjølve studert i Volda.
Olsen delte ei artig kopling mellom studielivet og næringslivet: Under eksamenslesinga i Volda kom han over fagomgrepet «doxa». Det vart ein inspirasjon då han seinare starta sitt eige PR-byrå i Ålesund, og gav opphav til namnet Doxacom.
Mellom innlegga gav gratis pastalunsj, pausar og mingling rom for å møtast i meir uformelle rammer. Studentane fekk høve til å stille innleiarane spørsmål, høyre om arbeidskvardagen deira og bli betre kjende med kommunikasjonsbransjen. For fagfolka var dagen også eit høve til å møte kvarandre og studentane som er på veg inn i yrket.
Desse møta var ein viktig del av VoldaKom. Rundt lunsjbordet og i pausane låg det til rette for å halde fram samtalane, dele erfaringar og byggje relasjonar på tvers av roller og ståstader. Slik gav dagen både fagleg påfyll og eit sterkare fellesskap mellom studentmiljøet og arbeidslivet.














