Forskingsdagane på torsdag: Har du tillit til kunsten?

Kva rolle kan kunstnarisk forsking spele for danning og demokrati i dagens samfunn? Velkomen til ein innhaldsrik fagdag torsdag 24. september – her blir det både teater for dei yngste, dansekunst i kantina og presentasjonar av fersk forsking.

Forskingsdagane 2026: tillit til kunsten.

Illustrasjon: forskingsgruppa «Kunstnarisk forsking» ved Høgskulen i Volda.

Tekst: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Del på:

Tillit til kunsten er stikkord for ein innhaldsrik fagdag under festivalen Forskingsdagane 2026 ved Høgskulen i Volda (HVO).

Fagdagen torsdag 24. september er initiert av forskingsgruppa Kunstnarisk forsking ved HVO og støtta av Noregs forskingsråd (NFR). Arrangementet er gratis og ope for alle.

Kunstnarisk forsking for danning og demokrati

Kunsten har ein viktig funksjon i å utfordre og kommentere samfunnet, og er ein del av den nasjonale totalberedskapen. Samstundes ser vi ein aukande mistillit til kunsten i offentlegheita, særleg i ikkje-redaktørstyrte medium og ekkokammer på nettet.

I akademia er kunstnarisk forsking og utviklingsarbeid lovfesta likestilt med vitskapleg forsking, men i praksis opplever mange fagtilsette at feltet framleis må forsvarast. Kva rolle kan kunstnarisk forsking spele for danning og demokrati i dagens samfunn?

Med eit breitt program og ulike format ønskjer vi å opne forståinga for kva kunstnarisk forsking er, og kva kunnskap denne forskinga tilbyr.

Forskingsdagane 2026. Plakat.
I år kan du oppleve Forskingsdagane mellom anna i det vakre Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Programmet for fagdagen «Tillit til kunsten»

10:00: Det var en gang et tre.

Open barneframsyning – eit utviklingsarbeid med røter i  barnehagelærarutdanninga.

Stad: KN056 (Stanislavskij-salen) i Henrik Kaarstad-huset på HVO.

Velkomen til ei framsyning for dei aller yngste (1–3 år) der studentar og andre vaksne er inviterte med inn i rommet som observatørar. Framsyninga blir nytta som ein masterclass-undervisning.

Ved førstelektor Hege Holmqvist Synnes og høgskulelektor Maja Skogstad frå Institutt for teater på Avdeling for kulturfag (HVO).

11:30: Kunstmøte i barnehøgd – tillit til dei yngste.

Ein multimodal presentasjon om eit tverrkunstnarisk forskingsprosjekt.

Stad: KN056 (Stanislavskij-salen) i Henrik Kaarstad-huset på HVO.

Ved førstelektor Hildegunn Hovde frå Institutt for musikk på Avdeling for kulturfag (HVO).

12:15: Boklansering: Visuell musikk design fiksjon.

Stad: KN056 (Stanislavskij-salen) i Henrik Kaarstad-huset på HVO.

Lansering av boka Visuell musikk design fiksjon frå Trygve Selnes Nielsens ph.d-prosjekt.

Ved høgskulelektor Trygve Selnes Nielsen frå Institutt for film og animasjon på Avdeling for kulturfag (HVO).

– Pause –

14:00: «Tillit til kunsten».

Ein samtale om kunsten si rolle i samfunnet, og kunst og kultur som del av totalberedskapen og behovet for kunstnarisk forsking.

Stad: Kantina i Berte Kanutte-huset på HVO.

Med Trine Røssevold (kunstnar og rektor ved Ytre kunstfagskole) og Eirik Velle (skodespelar). Moderator: førstelektor Hege Holmqvist Synnes (HVO).

– Pause –

16:15: (H)av-fall – vegen etter MA.

Om a/r/tografi og kunstnarisk utforsking på eige skapande arbeid og moglegheiter som har opna seg etter MA-oppgåva «(H)av-fall».

Stad: BK161 i Berte Kanutte-huset på HVO.

Ved Cecilie Hole, kunstnar og timelærar ved Høgskulen i Volda.

16:45: Språkleg identitet og interkulturell forståing med hiphop-teateret Blindsone.

Presentasjon av kunstnarisk forsking og utvikling i Den kulturelle skulesekken.

Stad: BK161 i Berte Kanutte-huset på HVO.

Ved høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret (HVO). 

18:00: «Villskap» – danseframsyning.

Framsyning ved dansekunstprosjektet YKS Ung.

Stad: Kantina i Berte Kanutte-huset på HVO.

Kunstnarisk leiar: Solveig Styve Holte. Sjå festivalprogrammet for alle medverkande.

19:00: Kunstnarsamtale om «Villskap».

Etter danseframsyninga kan du få med deg ein artist talk med det kunstnariske teamet til produksjonen «Villskap».

Stad: Kantina i Berte Kanutte-huset på HVO.

Med koreograf/prosjektleiar Solveig Styve Holte (ph.d. i kunstnarisk utviklingsarbeid) og komponist/utøvar Lars Ove Stene Fossheim (høgskulelektor ved Institutt for musikk på Avdeling for kulturfag, HVO). Moderator: førstelektor Hildegunn Hovde (HVO).

Del på: