Lanserte bok til nytte for studentar og kollegaer

Heile 20 tilsette ved Høgskulen i Volda har samarbeidd om å skrive ei bok om akademisk skriving – det gir ny innsikt i arbeidsmåtar og forståing av korleis ein skriv best akademisk.

"Å skrive seg inn i profesjonen" - boklansering

Alle desse har vore med på å skrive boka Å skrive seg inn i profesjonen. Fremste rad: Elin Gundersen (f.v.), Kristin Kibsgaard Sjøhelle og Roar Stokken. Midtre rad: Randi Neteland (f.v.), Ingrid Vee Hagestuen, Wenche Mork Rogne, Gro Anita Bårdseth, Ingvild Sande Lillebø, Lina Rebekka Kobberstad, Hella Veierud Busch og Erlend Walseth. Bakarste rad: Arne Kåre Topphol, Hjalmar Eiksund, Ellen Andenes og Kim-Daniel Vattøy.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Å skrive akademiske tekstar kan føre til sveittetokter, lange kveldar og ein del klåing i hovudbotnen for mange ferske studentar.

Tilsette ved høgskular og universitet som underviser og forskar støyter også på utfordringar i rett bruk av kjelder, korrekt fagspråk og korleis skrive objektivt når dei arbeider med akademiske tekstar – og også når dei skal lære det bort til studentar.

Som eit bidrag til å gjere det litt enklare for både studentar og kollegaer landet over, har 20 tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) bidrege i antologien Å skrive seg inn i profesjonen. Eit akademisk blikk på akademisk skriving i profesjonsutdanningar. Boka vart lansert under eit eige arrangement ved høgskulen torsdag.

– Den er først og fremst retta mot kollegaer innan profesjonsutdanningar som arbeider med akademisk skriving, men ho kan også vere nyttig for studentar som tek ei profesjonsutdanning og som ønsker å lære meir om akademisk skriving, fortel Elin Gundersen, som er rådgivar ved biblioteket ved HVO og ein av tre redaktørar av boka.

Gundersen legg til at boka også kan vere relevant for lærarar i vidaregåande skule. Redaktørane har eit klart mål med utgivinga:

– Vi ønsker at alle som les antologien, blir inspirerte til å jobbe vidare med akademisk skriving, og ikkje minst at ein kan lære noko på tvers av fagmiljø og «siloar» gjennom erfaringsutveksling og samarbeid, seier Gundersen.

Stor interesse

Og boka er nettopp eit resultat av det siste rådgivaren nemner, samarbeid på tvers av fagmiljø. Dei to andre forfattarane, førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle og professor Roar Stokken, arbeider ved to ulike avdelingar ved HVO, og forfattarane av dei 13 kapitla i boka representerer fleire ulike institutt og avdelingar.

– Det har vore stor interesse for å bidra i antologien, noko som handlar om at dette er eit felt som er viktig og relevant for alle som arbeider med akademisk skriving. I skriveprosessen har alle forfattarane fått i oppdrag å lese og gi tilbakemelding på andre sine tekstar, og dette samarbeidet har både motivert og gitt ny innsikt til kvar enkelt, fortel Kibsgaard Sjøhelle.

Lansering av boka Å skrive seg inn i profesjonen
To av redaktørane, Kristin Kibsgaard Sjøhelle (t.v.) og Elin Gundersen, ønskte velkomen og innleidde boklanseringa.

Biblioteket og dei tilsette der er ofte til god hjelp når det skal skrivast akademiske tekstar – både for studentar og tilsette ved HVO. Dei har tilgang på ei rekke kjelder, ulike databasar og verktøy og tilbyr kurs og rettleiing i å skrive akademisk. Difor var det naturleg at dei blei ein del av bokprosjektet.

– Dette er eit arbeid på tvers av profesjonsutdanningar og der biblioteket si rolle også er løfta fram, både i redaksjonsarbeidet og i tekstane, det gjer dette arbeidet ekstra spennande og relevant for mange, seier Kibsgaard Sjøhelle.

Ein viktig nøkkel for studentar

Sjølv om det kan kjennast litt tungt for studentar å skrive akademiske tekstar innimellom, har det fleire viktige sider ved seg.

– Boka utforskar akademisk skriving i profesjonsutdanning og viser korleis ulike perspektiv kan belyse og styrkje forståinga av denne praksisen. Akademisk skriving er ikkje berre noko teknisk ein må lære for å svare på oppgåver i studiet eller for å kunne ta ein mastergrad. Akademisk skriving er snarare ein nøkkel til profesjonsdanning, fordi den bind saman det faglege, det sosiale og det personlege i utdanninga, forklarar Stokken.

Lansering av boka "Å skrive seg inn i profesjonen"
Redaktør Roar Stokken hadde ei kjapp oppsummering av tematikken i boka først i lanseringa.

Kibsgaard Sjøhelle følger opp:

– I boka samlar vi erfaringar med og drøftingar av akademisk skriving både i studentar sitt arbeid, og i skriving blant fagleg tilsette.

Gode tips til akademisk skriving

No som dei har bidrege i og redigert ei bok om akademisk skriving, må vi nesten berre spørje Gundersen, Kibsgaard Sjøhelle og Stokken om deira beste tips til ein som skal skrive ein akademisk tekst.

Gundersen: – Våg å skrive og dele tekst, idear og tankar med andre! Det kan kjennast skummelt å skrive akademisk for første gong, ikkje minst når det gjeld vitskapleg publisering, men etter mi erfaring er det berre å kaste seg ut i det og håpe på det beste – med støtte frå andre.

Kibsgaard Sjøhelle: – Å bli ein god akademisk skrivar krev øving og kondis til å gå fleire rundar med teksten, gjerne etter tilbakemelding frå ein lesar.

Stokken: – Les Handbok for førstegongsforskaren (som eg er førsteforfattar på) som studentane på sosialarbeidarutdanningane ved Høgskulen i Volda nyttar alle tre åra.

Svele, kaffi og prat blei til bok

Det er ikkje akkurat kvar dag 20 HVO-arar bidreg i ei og same bok. Boka spring ut frå samtalar om akademisk skriving på eit kurs i  høgskulepedagogikk hausten 2022.

Desse samtalane førte til eit erfaringsdelingsseminar om akademisk skriving våren 2023.

– På seminaret møttest over 40 fagpersonar til svele, kaffi og fagleg utveksling, og det avdekte både mange gode initiativ og eit stort engasjement for akademisk skriving på tvers av fagmiljø. Under oppsummeringa oppmoda dåverande rektor Johann Roppen om at det som vart vist og forklart burde få antologiform, har redaktørane skrive i forordet i boka.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ved Høgskulen i Volda
Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høsgkulen i Volda, hugsar godt då han som prorektor for nokre år sidan fekk telefon frå ein av redaktørane om ideen til boka. Med den ferske boka i handa roste han arbeidet og ikkje minst samarbeidet på tvers av fagmiljø ved høgskulen som har gjort bokutgivinga mogleg.

Det enda altså med ei bok der heile 20 fagfolk ved HVO, og nokre tidlegare tilsette ved HVO, har bidrege til dei 13 kapitla den inneheld. Boka er utgitt på Fagbokforlaget, under her kan du klikke deg inn og lese kvart av kapitla, det står også kven som har skrive kapitla.

Kapitla i boka Å skrive seg inn i profesjonen. Eit akademisk blikk på akademisk skriving i profesjonsutdanningar.

  1. Akademisk skriving må lærast
    v/ Roar Stokken, Kristin Kibsgaard Sjøhelle, Elin Gundersen
  2. Samskriving av akademiske tekstar og forskingsetikk – Så lett, så vanskeleg
    v/ Wenke Mork Rogne
  3. Takknemmelighet og refleksjon i bacheloroppgavers forord
    v/ Roar Stokken, Elin Gundersen og Erlend Walseth
  4. Starten på ein akademisk karriere. Fyrsteårsstudentar sitt arbeid med akademisk skriving og medstudentvurdering i ein arbeidskravprosess
    v/ Lina Rebekka Kobberstad
  5. Akademisk skriving blant fagtilsette med norsk som andrespråk – ein casestudie
    v/ Randi Neteland og Ingrid Vee Hagestuen
  6. Skriving som verktøy for å styrke praktiske synteser i sosialfagleg profesjonsutdanning
    v/ Ellen Andenes
  7. Digital veiledning av akademiske tekster i religion og livssynskunnskap
    v/ Erik Egeland
  8. Bibliotekets rolle i den akademiske skriveprosessen
    v/ Anne Marie Hovland Aschim og Elin Gundersen
  9. Tomålstenleg skriveopplæring. Utvikling av lærarstudentars akademiske og didaktiske skrivekompetanse
    v/ Pernille Fiskerstrand og Kristin Kibsgaard Sjøhelle
  10. Viktigheten av å være et skrivende menneske
    v/ Hella Veierud Busch
  11. Arbeidet med masteroppgåva som støtte til akademisk skriving Ein modell for ei forskande tilnærming til eigen lærarpraksis
    v/ Hjalmar Eiksund og Kim-Daniel Vattøy
  12. Skriving for utvikling av forskingslitterasitet FoU-oppgåva i grunnskulelærarutdanningane som reiskap til å fremje ein forskingsbasert lærarprofesjon
    v/ Hjalmar Eiksund, Brage Egil Herlofsen og Arne Kåre Topphol
  13. Å planlegge for akademisk skriving som fagmiljø
    v/ Synnøve H. Amdam, Gro Anita Bårdseth og Ingvild Sande Lillebø

Del på: