Forskingsdagane 2026 i gang: Professor i mediejuss fekk FoU-prisen
– Eg har oppriktig glede av å vere ein liten bit av den store mosaikken som bringar ny kunnskap om verda, sa Ellen Lexerød Hovlid då ho fekk prisen for forsking og utvikling (FoU). Bli kjend med prisvinnaren her.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim overrekte FoU-prisen 2026 til professor Ellen Lexereød Hovlid. Foto: HVO / Lill Amalie Berntsen.
Fredag 18. september var det offisiell opning av Forskingsdagane 2026 ved Høgskulen i Volda (HVO).
Tillit er det nasjonale temaet for Forskingsdagane i år. Fram til 27. september kan alle store og små som er nysgjerrige på forsking og vitskap, få med seg mange spennande gratisarrangement ved HVO og i nærområdet.
FoU-prisen til professor ved Avdeling for mediefag
Kvart haust opnar Forskingsdagane ved HVO med tildeling av prisen for forsking og utvikling (FoU-prisen). Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot forskings- og utviklingsarbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.
Årets prisvinnar er Ellen Lexerød Hovlid (45), professor ved Institutt for journalistikk på HVO.
Lexerød Hovlid er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, der ho også disputerte med ei doktoravhandling om vernet av privatlivets fred (2014). Ho har vore tilsett ved HVO sidan 2006 og blei professor i medierett her i 2022.

Rektor: – Vi treng di stemme her på høgskulen
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim opna Forskingsdagane 2026 med ein presentasjon av FoU-prisvinnaren sine tjue år som fagtilsett ved Høgskulen i Volda.
Tonheim drog fram kva UiO-jussprofessor Benedikte Moltumyr Høgberg hadde sagt til Lexerød Hovlid som opponent etter disputasen hennar: «Vi treng di stemme.»
– Du har skrive at desse orda beit seg fast, og det viser kor mykje nokre få ord kan bety. Så eg seier det same til deg i dag, på vegner av heile Høgskulen i Volda: Vi treng stemma di. Vi har trunge henne i tjue år og kjem til å trenge henne i tjue til.
Prisvinnaren: – Inga motsetning mellom profesjonell og personleg
I forkant av Forskingsdagane fekk vi ein prat med prisvinnaren, som var svært overraska då ho fekk beskjeden om tildelinga.
– Eg skjønte først ingenting då rektor ringde for å fortelje det, men eg blei sjølvsagt veldig glad for anerkjenninga, smiler Lexerød Hovlid.
Professoren er ikkje så redd for å by litt på seg sjølv, verken som forskarkollega eller i undervisninga, der ho brenn for å ufarleggjere jussfaget for mediestudentane.
Mellom anna har ho skrive ein kronikk i Khrono om korleis det var å vere ung forskar (2022). Der sette ho ord på noko mange kjenner seg att i, men kanskje ikkje vågar å vere like opne om: prestasjonsangst, bedragarsyndrom og frykta for å feile. Lexerød Hovlid blei nominert til årets namn i akademia for å ha skrive kronikken.
– Når folk seier det var modig å skrive teksten, men også at eg skildra noko veldig vanleg, så er det jo nokon tabu der. Eg er glad for at eg gjorde det, og har fått berre positive tilbakemeldingar. Framleis tek heilt ukjende kontakt om dette.
Ikkje alle professorar er såpass personlege, men for Lexerød Hovlid er det viktig – og bevisst.
– Eg gjer det mellom anna for å kome nærmare studentane. Mange av dei er unge og usikre, og eg vil vise dei at det er heilt normalt, og at ting ofte går seg til etter kvart. Eg meiner det ikkje er noka motsetning mellom å vere profesjonell og tilgjengeleg. Tvert imot – det byggjer tillit.

Starta med ph.d. frå scratch
Ellen Lexerød Hovlid er opphavleg haldensar, utan at det pregar dagens dialekt i attkjenneleg grad. At ho etter vidaregåande valde å studere juss, var ikkje sjølvsagt.
– Eg vurderte faktisk mellom anna journalistikk i Volda, røper professoren i medierett.
Men å ta jussutdanning og bli «potet» i yrkeslivet verka fornuftig.
– Etter studiet hadde eg lyst til å ta ein doktorgrad. Det gøyaste eg hadde gjort på heile jusstudiet, var nemleg å skrive masteroppgåve. Derfor søkte eg då HVO lyste ut eit ph.d.-stipend i ytringsfridom og presseetikk.
Hadde du vore innom dette i utdanninga tidlegare?
– Nesten ingenting. Eg hadde hatt éi forelesing om ytringsfridom, men elles var det eit heilt nytt fagfelt for meg, så eg starta verkeleg på scratch.
Men kombinasjonen av juss, Volda og media skulle vise seg å vere ei vellykka oppskrift.
– Eg føler eg landa veldig fint her i denne kombinasjonen, og eg er godt fornøgd med at mediejuss blei fagfeltet mitt, smiler professoren.
Vil opne jussfaget for mediestudentane
FoU-prisen får ho for å ha gjort mykje innan mediejuss med særs høg fagleg kvalitet og stor relevans for Avdeling for mediefag på HVO.
Gjennom å publisere vitskapleg, skrive lærebøker og drive forskingsbasert undervisning skaper ho viktige samanhengar og driv målretta formidling, blir det sagt i grunngivinga for tildelinga.
I media deler ho gjerne kunnskap om grensene for ytringsfridomen, til dømes om reglane for bildebruk og personvernet i sosiale medium. På HVO får journaliststudentane hennar ofte bryne seg på praksisnær pressejuss og presseetikk (Ver Varsam-plakaten).
Mellom bokutgivingane hennar finn vi Vern av privatlivets fred (2015) og Publiseringsregler for journalister (2020) – sistnemnde jobbar ho med ei ny utgåve av når vi treffest.
– Akkurat no sit eg og skriv eit kapittel om kjeldevernet i journalistikken. Eg vil oppdatere boka til ei meir heildekkjande lærebok om juss for journalistar, for dét er noko som trengst, understrekar ho.
Jussen kan opplevast lukka – korleis klarer du å opne faget for studentane?
– Eg brenn for at dei skal skjøne at det ikkje berre er tørr teori, men har ei heilt reell praktisk betydning i kvardagen deira. Det er ei gøy utfordring å formidle dette utan å gjere det så himla vanskeleg og kjedeleg, for jussundervisning kan vere kjempekjedeleg, humrar professoren.
Så kva er nøkkelen for å engasjere i forelesingssalen?
– Eg unngår så langt som mogleg det juridiske stammespråket. Vi ser også saman på mange praktiske situasjonar for jussen som ein kan hamne i som journalist, kommunikasjonsarbeidar eller medieprodusent. Eg har lagt om undervisninga til meir omvend undervisning, der studentane skal diskutere reelle case-oppgåver.
- Les om dette her: Studenter vurderte PFU-saker

Kan ikkje slå opp og finne svaret
Etter doktoravhandlinga om vernet av privatlivets fred i journalistikken har Lexerød Hovlid utforska alt frå reglane for bilde i sosiale medium til forholdet mellom presseetikk og pressejuss.
Som student var det skatterett ho likte best, fordi ho syntest det var eit systematisk og oversiktleg fag. Som forskar har ho derimot funne seg til rette i opnare lende.
– I mediejuss kan ein ikkje slå opp i lova og finne svaret. Lova må tolkast. Det handlar om store avvegingar, til dømes mellom ytringsfridom på den eine sida og personvernet på den andre. Det at vegen varierer frå sak til sak, synest eg er engasjerande.
Lexerød Hovlid beskriv seg sjølv som ein forskar som likar betre å stille spørsmål enn å kome med dei bastante svara. Lesestoffet blir ofte dommar frå norske rettssalar og Den europeiske menneskerettsdomstolen. Ho ønskjer å finne dei interessante problemstillingane og argumenta frå begge sider av saka.
– Fagleg er eg mest glad i å påpeike grunnleggjande dilemma, omsyn i ulike retningar og moglege tolkingar. Eg er nok ikkje den forskaren som er mest skråsikker i konklusjonane mine.
Fann eit utømmeleg fagfelt
Men kva ønskjer den ferske FoU-prisvinnaren å gå i djupna på framover?
– Det er masse heile tida, ler professoren, og held fram:
– Vi er ikkje så mange i Noreg som forskar på medierett, og det dukkar stadig opp problemstillingar eg tenkjer kunne blitt ein artikkel, ei bok eller eit forskingsprosjekt – det er berre å slå på nyheitene ein kveld for å finne stoff! Så det er tida mi det står på.
Lexerød Hovlid ønskjer mellom anna å utforske utviklinga på område som alltid er aktuelle for mediejussen, til dømes kjeldevernet, avveginga mot personvernet, opphavsrett og innsyn.
Men professoren ser også fleire utfordringar ved eit medielandskap i rask endring.
– Eg trur mange nordmenn tek det litt for gitt at pressefridomen i landet vårt står sterkt. Men pressa og presseorganisasjonane kjempar heile tida for mest mogleg openheit og størst mogleg pressefridom i samfunnet.
Som døme dreg ho fram pågåande diskusjonar om graden av offentlegheit i domstolane og kampen om kven som skal bestemme kva ein kan publisere frå ei rettssak.
– Det såg vi tydeleg i den profilerte saka rundt Marius Borg Høiby, der det blei konflikt mellom rettens referatforbod og ei presse som ville forvalte dette sjølv gjennom presseetikken, så dette er stadig aktuelt.
Mediejuristen ser også med faginteresse på korleis EU vil prøve å innrette reglar for å svare på den stadig breiare mediemakta til tek-gigantane.
– I tillegg har vi jo all problematikken rundt kunstig intelligens. Spørsmålet om kven som eigentleg skal reknast som journalist i dag, er også interessant, og eg skulle gjerne hatt meir tid til å gjere komparative analysar av reglane i ulike land.
Ein får kanskje ikkje mindre å gjere framover som ekspert på mediejuss?
– Nei, eg er ikkje så redd for å gå tom for prosjekt, smiler ho.
«Snakka ikkje du om det på forelesing?»
Som forskar vil ho gjerne vekkje debatt blant fagfellar med det ho publiserer. Men professoren blir endå gladare når arbeidet tenner ein annan gneiste.
– Eg blir særleg glad når det set i gang noko blant unge. Til dømes er ein artikkel eg skreiv om publisering i sosiale medium, veldig mykje brukt i masteroppgåver, og slikt er skikkeleg gøy.
Journaliststudentane du underviser i juss: Høyrer du frå dei seinare, når dei har fått erfaring med desse problemstillingane i jobben sin?
– Ja, absolutt. Eg kan ikkje lære dei alle detaljane her, men håpar dei får med seg det viktigaste og hugsar kva tid dei må stoppe opp og tenkje over det. Derfor blir eg kjempeglad når dei ringjer meg som journalistar og spør: «No har eg hamna i denne problemstillinga, snakka ikkje du om det? Kva må eg tenkje på no?» Det er kjempegøy.

Brenn for å få med fleire i fagutviklinga
Professoren fortel at ho blir stadig meir oppteken av å skrive ting som får praktisk betydning for mediefolk.
– Då er det svært nyttig å ha så flinke studentar og kollegaer her i Volda, for dei stiller masse gode spørsmål. Eg har skrive fleire artiklar som direkte konsekvens av dette, til dømes om opphavsrett til bilde og videoar. Eg blir også inspirert av å vere del av eit tverrfagleg miljø som kombinerer forsking og utvikling ved HVO, det passar meg veldig bra.
La oss zoome ut litt: Kvifor er forsking er viktig?
– Forsking har alltid vore viktig fordi det driv verda framover. Men særleg i dag, med så mykje feilinformasjon som spreier seg så lett, er det kjempeviktig med påliteleg og vitskapleg fundert informasjon – viktigare enn nokon gong.
Om nokon skal gi seg i kast med ein forskarkarriere i dag, kva råd vil du gi dei?
– Om du har ei genuin interesse for det, så gå for det. Å skrive forskingsarbeid som skal vurderast, kommenterast og kritiserast, kan kjennast kjempeskummelt ut, men det går ofte betre enn ein trur. Og så er det utruleg gøy når det kjem gjennom og du får vere med på å utvikle faget ditt.
Lexerød Hovlid vil understreke at ingen enkeltforskar kjem med det store og heile svaret sjølv.
– Vi utgjer alle ei lita brikke i mosaikken som til slutt dannar ein heilskap: Bildet som bringar verda litt vidare. Eg likar dette så godt, det å få vere ei slik brikke – og eg brenn verkeleg for at endå fleire skal bli med i denne mosaikken, avsluttar FoU-prisvinnaren.
- Torsdag 24. september kl. 9.30–11.45 under Forskingsdagane 2026 er du velkomen til arrangementet «Et bredt blikk på tillits betydning for samfunnsutviklingen». Her kan du mellom anna høyre FoU-prisvinnar Ellen Lexerød Hovlid halde innlegget «Tillit til lovgiver: Trenger vi strengere regler om hatefulle ytringer?» Sjå utfyllande informasjon i festivalprogrammet.



