Tillit er temaet for Forskingsdagane 2026
Høgskulen i Volda inviterer store og små til forskingsfestival 16.–27. september! Bli med og lær om alt frå kakebord og kunstig intelligens til Hans Strøm, språket vårt og tilliten til kultur.

I år kan du oppleve Forskingsdagane mellom anna i det vakre Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Kvart år blir festivalen Forskingsdagane arrangert over heile landet i regi av Noregs forskingsråd.
Årets nasjonale festivaltema er tillit, og ved Høgskulen i Volda (HVO) kan både studentar, familiar og forskingsinteresserte oppleve over 25 ulike arrangement heilt gratis frå onsdag 16. september til søndag 27. september.
- Sjå heile programmet for Forskingsdagane 2026 ved HVO her! (Det kan kome oppdateringar.)
Tillit frå ulike synsvinklar
Tillit er eit grunnleggjande sosialt fenomen som er viktig både i personlege interaksjonar og i samfunnsmessige strukturar (forskningsdagene.no).
Noreg blir ofte omtalt som eit tillitssamfunn, men vi kan vi ikkje ta tilliten for gitt i ei uroleg tid. Med dette som bakteppe kan du under Forskingsdagane bli med og utforske tillit frå mange ulike perspektiv.
I møte med forskarane får du kanskje nye tankar om kva tillit betyr for deg?
– Med årets festivalprogram ønskjer vi å formidle mangfaldet av forskings- og utviklingsarbeid som går føre seg ved Høgskulen i Volda. Forskingsdagane er eit glimrande høve til å dele vitskap med samfunnet rundt oss, seier HVO-forskingssjef Geir Tangen, som er koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda.

Spennande familieopplevingar med aktiv leik og smak
Den offisielle opninga av festivalen skjer med utdelinga av prisen for forsking og utvikling (FoU) fredag 18.9. Årets FoU-pris går til Ellen Lexerød Hovlid, professor i mediejuss ved HVO.
Men allereie onsdag 16.9 «tjuvstartar» Forskingsdagane med eit lærerikt heildagsseminar om kommunikasjon og oppdrett under press.
Dagen etter står kultur på menyen: Opplev filmklassikaren It Happened One Night (1934) på kinolerretet saman med Volda filmklubb torsdag 17.9.
Kinomagi blir det også på avslutningsdagen søndag 27.9.: Hjørundfjord Filmteater på Sæbø byr på både den Oscar-nominerte brasilianske thrilleren The Secret Agent (2025) og den nostalgiske familiefilmen Kamilla og tyven (1988).
Laurdag 19.9. kan særleg barn i alderen 4–7 år boltre seg i trygg og tillitsfull rørsleleik i Idrettsbygget ved HVO.
Søndag 20.9. byr på eit årvisst høgdepunkt for mange: matkultur i Volda bygdetun. Her kan små og store få smake, lage og lære om tradisjonsmat i det flotte friluftsmuseet. Same dagen inviterer Runde Miljøsenter til ein open forskingsdag der heile familien kan utforske havet.

Bli kjend med 300-årsjubilanten Hans Strøm
I år er det 300 år sidan naturforskaren, folkeopplysaren og presten Hans Strøm var fødd. Under Forskingsdagane kan du bli betre kjend med jubilanten på mange ulike måtar.
Frå torsdag 17.9. og ut festivalperioden kan du oppleve ei studentkunstutstilling som er inspirert av Hans Strøm. Utstillinga står ved kantina i Berte Kanutte-huset.
Torsdag kveld 24.9. kan du lære om to ulike sider ved den mangfaldige Hans Strøm på Volda samfunnshus. Førsteamanuensis Anemari Neple fortel om litterære skildringar av jubilanten og kva dei seier oss om mennesket Hans Strøm i dag. Nils Roar Hareide, mangeårig leiar ved forskingsstasjonen Runde Miljøsenter, fortel om Hans Strøm som havforskar.
Fredag 25.9. blir det arrangert eit forskingsseminar om Hans Strøm. Meir om alle desse arrangementa kan du lese i festivalprogrammet.
- Tips: Ta også turen innom Hans Strøm-huset ved høgskulen og sjå utsmykkinga som Reidun Aambø har laga om 300-åringen.

Få påfyll med engasjerande foredrag
Festivalprogrammet denne hausten har noko for kvar smak, både på dagtid og kveldstid. Du kan velje frå ein rikhaldig meny av foredrag:
Kan vi til dømes ha tillit til kunstig intelligens? Det er spørsmålet når overingeniør Jørn H. Persson gjer det tekniske meir folkeleg måndag 21.9.
Men frå maskin over til menneske: Kva er det som kan skape og øydelegge tillit i vår kontakt med andre kulturar? Reidun Aambø held foredraget «Uhøfleg eller misforstått?» onsdag 23.9.
Tidlegare same dagen kan du høyre sakprosaforfattar Mariken Lauvstad halde innlegget «Kampen om kunsten» til forsvar for kulturen si rolle i demokratiet. «Tillit til kunsten» blir også stikkord for ein fagdag under festivalen torsdag 24.9.
Og betyr velfylte kakebord meir for oss enn vi anar? Førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive har forska på denne tradisjonen og serverer kunnskapspåfyll på Aktivitetshuset Vikholmen i Ulsteinvik torsdag 24.9.

Stor breidde av seminar som går i djupna på tillit
Du kan også få med deg perspektiv på tillit i større format: Seminarprogrammet under festivalen rommar fleire lærerike djupdykk.
Vi inviterer til to samfunnsfaglege halvdagsseminar om korleis det står til med tilliten i vår tid, tysdag 22.9. og torsdag 24.9. (sjå programmet for meir informasjon).
Kvifor og korleis skal vi ha nynorskopplæring i vaksenopplæringa? Det skal Nynorsksenteret med fleire belyse torsdag 24.9. – og same kvelden gjestar mellom andre Språkrådet eit arrangement om skriveopplæring i bokmålsprega digitale omgivnader: Kan vi ha tillit til at ungane får lære språket sitt?
Tillit i utdanning er temaet for eit halvdagsseminar onsdag 23.9. med mellom andre professor Helge Skirbekk frå OsloMet. Fredag 25.9. blir det også eit ope seminar om tillit, spesialpedagogikk og inkludering.
Det stoppar ikkje der: Under Forskingsdagane kan du også få med deg alt frå forskingskviss og samlesing til paneldebatt og feltsamtalar.
Kvart arrangement er gratis og ope for alle – sjekk ut heile festivalprogrammet her!

Forsking som betyr noko for deg og meg
Under Forskingsdagane 2026 bidreg mange aktørar for å skape gode festivalopplevingar for både lokalbefolkninga, studentane og nysgjerrige sjeler i alle aldrar.
– Vi er glade for at Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda denne hausten byr på mykje god fagformidling frå både tilsette ved høgskulen og inviterte fagfolk, seier ein nøgd koordinator og forskingssjef Geir Tangen.
Det meste av programmet finn stad på campus i år, men fleire av arrangementa er lagde til stader i nærområdet.
– Det fine samarbeidet og engasjementet som Forskingsdagane møter hos lokale og regionale institusjonar, lag organisasjonar, er noko vi er takknemlege for å kunne vidareføre, understrekar Tangen.
Med tillit som nasjonalt festivaltema blir Forskingsdagane høgaktuelt for heile samfunnet. Derfor er prorektor Eirik Søvik glad for at det vitskaplege arbeidet ved Høgskulen i Volda blir ekstra synleg og tilgjengeleg under festivalen:
– Forskingsdagane har mykje spennande å by på i år, så no gler vi oss til å dele kunnskap, opplevingar og forskingsbaserte perspektiv på tillit. Eg vil oppmode alle om å sjå seg ut eit arrangement eller to og ta turen!



