Vil styrkje tilliten mellom oss med KI-satsing på biblioteka

Korleis kan vi byggje demokratisk beredskap gjennom folkebiblioteka? Dette utforskar ei ny internasjonal satsing med base i Møre og Romsdal. Prosjektet skal undersøkje kva samfunnet kan få ut av å gi alle praktisk opplæring i kunstig intelligens (KI).

Prosjektgruppa bak «Ai trust Libraries».

Prosjektgruppa bak «Ai trust Libraries» kan juble for europeisk millionstøtte (f.v.): HVO-professor Bjarte Folkestad, HVO-professor Nathalie Homlong, høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø, HVO-førsteamanuensis Synnøve H. Amdam (forskingsleiar i prosjektet), HVO-professor Siv M. Gamlem, Lisa Alvestad, rådgivar for regional bibliotektutvikling i Møre og Romsdal (prosjektleiar), og fylkesbiblioteksjef Mona Iren Auganæs. Det var Auganæs og Amdam som tok initiativ til prosjektet. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Det er biblioteksavdelinga i Møre og Romsdal fylke og forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO) som står bak den nye satsinga «AI trust Libraries».

I lag med fleire samarbeidspartnarar vil dei utvikle kunnskap og undervisningsopplegg om demokratisk beredskap – kort sagt det at vi alle kan vurdere informasjon kritisk og delta i samfunnsdebatten.

Resultata frå det treårige prosjektet som byrjar denne månaden, skal mellom anna kome folk flest til gode som nye tilbod ved folkebiblioteka.

No har prosjektgruppa fått ein pangstart: 4,3 millionar kroner i støtte frå EU-programmet Erasmus+.

Folkebibliotek som demokratisk forsvar

– Det var utruleg kjekt å få denne tildelinga! Vi meiner vi har eit svært godt og viktig prosjekt som er heilt nødvendig å gjennomføre, så vi er veldig glade for midlane til å kunne starte opp, smiler prosjektleiar Lisa Alvestad ved fylkesbiblioteket.

Alvestad og HVO-førsteamanuensis Synnøve H. Amdam, som er forskingsleiar i prosjektet, kan slå fast at fleire har trua: Erasmus+ vurderte prosjektsøknaden til heile 91 av 100 moglege poeng.

Den fullstendige tittelen er «AI trust Libraries: Empowering Adults with Civic AI literacy for Democratic Trust through Learning, Dialogue and Co‑Creation in Public Libraries». Utviklingsprosjektet legg særleg vekt på praktisk opplæring i kunstig intelligens (KI).

Opplæringa skal kunne skje gjennom spelbasert læring, demokratisk dialog og skaparverkstader. Folkebiblioteka er ein ideell arena for å få til nettopp dette, meiner prosjektleiarane.

– Trass i underfinansiering blir biblioteka berre viktigare og viktigare i ei uroleg verd, og vi meiner biblioteket kan styrkast som ein del av det demokratiske forsvaret vårt: Folkebiblioteket kan brukast til å gi folk også utanfor jobb og utdanning ny kunnskap om både KI og demokrati, utdjupar Alvestad.

Brettspel, escape room og dialog

Forskingsleiar Amdam frå HVO meiner nøkkelen i KI-fokuset framover blir å finne dei gode bruksområda til teknologien.

– Vi må sjå på korleis vi kan bruke KI til å byggje demokratisk beredskap, for vi veit kor mykje falskt innhald og KI-generert støy som florerer. Då må vi også nå dei store befolkningsgruppene som ikkje møter oss i utdanningssektoren.

Amdam dreg fram styrkane ved biblioteket som eit «tredje rom» (utanfor heim og arbeid) der ein ikkje treng føresetnader for å delta.

– Dette gjer biblioteket til ein stad der ein kan få til heilt andre typar samtalar.

Som døme dreg ho fram dialog om korleis vi oppfører oss i kommentarfelt, og korleis vi forheld oss til kvarandre i eit demokratisk samfunn.

– Dette blir kjempeviktig framover som del av beredskapstenkinga rundt sivilsamfunnet. Gjennom prosjektet vil vi derfor undersøkje korleis vi kan byggje opp kompetanse i dette, seier Amdam.

Kva ser de føre dykk å tilby folk på biblioteket?

– Konkrete idear kan vere brettspel om dataferdigheiter, escape room om aktuelle tema, KI-skaparverkstader og folkedialog med eller utan KI – men dette skal vi utforske nærmare og teste framover.

Prosjektleiar Alvestad tek ordet:

– Samskaping i lag med innbyggjarane blir også viktig, altså det å lære ved å vere i dialog og delta aktivt saman. For å få til dette må vi engasjere folk praktisk.

– Ja, i staden for «trykk her» må det handle om å forstå: Kva betyr dette for meg? Kva betyr dette for mi forståing av det å vere ein samfunnsborgar, supplerer Amdam.

Prosjektleiarane Synnøve H. Amdam og Lisa Alvestad.
– Folkebiblioteka er ein ideell arena for å få til opplæring gjennom spelbasert læring, demokratisk dialog og skaparverkstader, meiner prosjektleiarane (f.v.) Synnøve H. Amdam (HVO) og Lisa Alvestad (bibliotekutvikling i fylkeskommunen). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tilbod for både bygda og Paris

Prosjektet har vakse fram i dialog mellom fylket og HVO. Gjennom HVOs faglege nettverk er også dei nasjonale KI-sentera TRUST (som HVO deltek i) og AI LEARN trekte inn som sterke fagressursar på feltet.

Folkebibliotek i tre fylke (Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland) og tilsvarande i Ungarn, Finland og Frankrike er med som partnarar. Desse skal mellom anna teste ut opplæringsopplegga i praksis.

– Dei forskingsbaserte tilboda vi skal utvikle, vil altså nå innbyggjarar i alt frå Vanylven til Paris – alt frå deltidsbemanna bygdebibliotek til nasjonalbibliotek med hundrevis av tilsette – og vere relevant for alle, poengterer Alvestad.

Det var fylkesbiblioteksjef Mona Iren Auganæs som saman med HVOs Synnøve H. Amdam tok initiativ til prosjektet og no kan feire millionstøtta frå Erasmus+. Auganæs skal sørgje for å få i gang eit nettverk på tvers av forsking og bibliotek om bruk av KI.

– Vi ser føre oss at prosjektet og nettverket kan setje bibliotek i heile Europa fremst som den arenaen vaksne folk kan bruke for å lære om KI på ein trygg måte, seier Auganæs.

Lokaldemokratisenteret som er under utvikling ved HVO, er også tilknytt prosjektet, noko professor Bjarte Folkestad meiner vil skape gode synergiar.

– Noko vi er opptekne av i Lokaldemokratisenteret, er desse kvardagsarenaene der vi byggjer og held ved like dei demokratiske musklane våre. Her speler biblioteka ei stadig større rolle som ein stad der folk kan møtast og bli meir bevisste.

I det nye samarbeidet legg Folkestad vekt på å forske fram kva som reelt fungerer.

– Vi skal faktisk måle om borgarane blir meir demokratiske, meir tillitsfulle og meir styrkte i trua på at dei kan vere med og påverke. Veldig mange er opptekne av dette, men føler seg litt på sida av samfunnet og ikkje høyrde. Dette er heilt i kjernen på Lokaldemokratisenteret og gjer det naturleg for oss å vere med i prosjektet.

KI-forskar: – Knallprosjekt!

KI som fag- og forskingsfelt er i vekst ved HVO, noko som gir det nye prosjektet mange strengar å spele på. HVO-professor Siv M. Gamlem, som mellom anna er med i den nasjonale KI-satsinga TRUST, ser fram til å bidra.

– Vi har ein del forsking der vi ser behovet for kompetanseutvikling innan kunstig intelligens. Her blir det viktig å nå befolkninga breiare enn berre dei som er i utdanningsløp. Med kompetansen frå KI-sentera og kunnskap frå tidlegare forskingsprosjekt har vi mykje bra å byggje vidare på.

«AI trust Libraries» har fleire mål for dei neste tre åra. Blant anna vil dei etablere ei sertifisering der bibliotekarar kan bli KI-tilretteleggjarar, og skape eit levedyktig forskings- og biblioteksnettverk, fortel Amdam:

– Nettverket får namnet «CaLibRe», for vi må kalibrere oss heile tida. KI utviklar seg raskt, og det må biblioteka også fortsetje med. Vi skal sertifisere bibliotekarar i dette, men tenkjer også at denne kompetansen kan brukast overalt, både i skulen og på gamleheimen. Det handlar jo om å utvikle dialogen rundt kva demokratiet er for oss alle.

Gamlem er samd i at det blir viktig å halde perspektivet breitt:

– I skulen er det jo til dømes eit stort behov for å byggje KI-kompetanse hos foreldre også. Vi kan byggje bruer i så mange lag her – dette blir eit knallprosjekt!

Del på: